Nye kritt og blyantar

Jeg tror mange er litt engstelige for å prøve ny programvare. De er redd for at de skal ødelegge noe, men sånn er det jo ikke. Man må våge å prøve. –Eva Brattvold

Eg opnar med det sitatet berre for å slå ein ting fast med ein gong. Eg er ikkje blandt desse. I dei åra eg har halde til med å sysla med IKT har eg alltid vore interessert i nye program, eller verkty som det jo strengt tatt er. Nye utgåver av Windows/*nix har vore spanande sidan eg kjøpte min fyrste cd med Windows tilbake i 1995. Eg oppgraderte frå Windows 3.11.

15 år seinare er det Apple og Google som ligg i front når det gjeld programvare. Google starta som søkemotor. No er det RSS-lesar, nettlesarkontorpakke, e-post, kart, virtuell verd, 3D-program og bilethandsamingsverkty…for å nemne nokre. Apple i sin tur gjeve dei mange utviklarande verda over ein moglegheit til å laga nye, flott verkty, og tena penger på dette på iTunes App Store. Dette trikset har no også Google teke etter.

Velkjende ny-ord som Youtube, Facebook og Twitter er og ein type nye verkty som har dukka opp i nekksplosjonen (nok eit ny-ord?) som har funne stad i det siste. Desse orda har vorte ein del av den vestlege verdas kvardag. I følgje VG er 1,5 million nordmenn deltakarar på Facebook. (Talet er vel og merke eit år gamalt.) Likevel har nokre kommunar grillar i hovudet om at Facebook og andre sosiale nettstader er fandens verk. Her kjem eg med ei utmaning til media; følg opp! Korleis har det gjenge med mobbesituasjonen? Har det vorte mindre/meir? Har det i det hatt nokon effekt? Forsking på dette hadde kanskje vore noko for ei masteroppgåve i IKT i læring? (Hmm)

Eg trur ikkje dei ansvarlege for å stenge tilgangen til sosiale nettstader gjer det så mykje på bakgrunn av forsking. At media luktar “sak” og set (negativt) fokus på kommunen/skulen har nok ein meir skremande effekt enn mang vil ordførarar vil innrøma.

Ta gjerne saka i Sola kommune som eksempel. Med atterhald om journalistisk fridom, så uttalar altså hovudvernombud Steinar Dahl-Michelsen at “kommunen har uttalt at den har veldig lite lyst til å møte i retten på grunn av mulige helseskader fra stråling“. Etter det eg kjenner til har det endå ikkje kome noko prov om at stråling frå trådlause sendarar har negativ innverknad på noko som helst. Ein tek altså avgjerder på bakgrunn av det faktum at det ikkje har kome noko prov på at slik stråling ikkje har uheldig innverknad. Dersom eg hadde byrja å påstå at eg hadde vorte bortført av små grøne menn, hadde det vore like truverdig. Ingen kan vel prova at eg ikkje har vorte nettopp det?

Poenget mitt er at det er ufatteleg mykje utviklingshemmande krefter i det norske skuleverket. Ein har på eit merkeleg vis ei førestilling om at negative hendingar ikkje førekjem så lenge det ikkje gjeng føre seg på skulen. Bring skulen som institusjon inn for retten, og han vil sansynlegvis erklæra seg sinnssjuk i gjerningsaugneblinken. Men er det på ein slik måte ein tek sjumilssteg opp på PISA-stigen?

Heldigvis har det byrja å kome fram skuleeksempel på bruk av sosiale medium/moderne teknologi i skulen. Liv Marie Schou ved St. Hallvard Videregående Skole har i det siste blogga om flotte timar med både Facebook (Fjesboka), Twitter og mobiltelefon. Dette er initiativ eg står i fremste rekke og applauderer. Det er innovativt og lysår frå den jamne haldninga i skule/kommunenoreg om at forbod er det beste forsvar. Eg skulle gjerne hatt gode eksempel på framtidsretta bruk av IKT i mitt segment av skuleverket og, barneskulen. Det er diverre litt verre å finna eksempel på det. Mon tru kvifor?

Det einaste eg vel kan nemna i farten, og det er ikkje eit godt eksempel ein gong, er at eg krangla meg fram til å få putta nokre av verka til min flotte 2.klasse på nett i dag. (Tema: symetri) Takk vere Google kan elevane vise kreasjonane sine til heile verda, og ikkje berre til dei vaksne som tilfeldigvis er til stades i klasserommet. Samanlikna med korleis det kan gjerast, var det nok eit stunt over den jamne lærars digitale kompetanse. Det er gjerne difor så mange lærarar (etter det mediane fortel) har så usedvanleg høg terskel for å ta i bruk desse boksane.

Personleg ser eg lyset i enden av tunnelen. I dag kom det lovnad om digitale tavler på arbeid til hausten. Entusiasmen min vart så stor at eg med eit høyrde med sjølv rope ut eit høgt “HALELUJA”. Orsak til alle som høyrde på, men eg er frelst…digitalfrelst. 🙂

4 Comments on "Nye kritt og blyantar"

  • Jobber selv i barneskolen og skjønner hva du sier. Jeg har vært heldig og fått en digital tavle nå (av merket Promethean) som jeg er kjempefornøyd med! Mye ekstrautstyr også (er vel planen at det skal brukes litt som demonstrasjonsklasserom for dem). Dette tror jeg virkelig er fremtiden altså. Det er nødt til å satses på oppgradering fra vanlige tavler. Vi har lagt planer for skolen for at alle klasserom skal ha fastmonterte projektorer i løpet av noen år, men spørsmålet melder seg om man heller bør satse på digitale tavler.. Men er våre kolleger villige til å ta det i bruk?

    Stå på! Håper du får en tavle som er effektiv i bruk og at du ikke må vente for lenge på den!

  • Det er ikkje alltid så greitt å vere frelst, anten det er digitalt eller på anna måte..for då har ein lett for å misse nyansane. Det er i alle fall mi eiga erfaring.. Eg trur eg kan kalle meg over normalt interessert i bruk av digitale verktøy i undervisninga, og prøver heile tida å følgje med i det nye som kjem. Men faren ved denne “hallelujaen” er at vi gløymer NÅR og KVIFOR vi skal nytte desse hjelpemidla. Vi hoppar på trendar og nyvinningar, og lar oss lett fascinere av “flimringa” på skjermen, det vere seg Facebook, Twitter, You Tube eller anna snadder der “ute”. Mitt poeng er at det framleis er (og vil bli?) møte mellom menneske som er kjernen i all undervisning. Og interaksjonen blir aldri den same mellom ein skjerm og ein elev. ..sjølv om ein kan lære mykje på det viset, òg!

  • @Anne Karin Dale Heilt sant! Det er nettopp difor eg gler meg så over å endeleg få moglegheiten til å ta digitale media i bruk. Born no til dags vert planta framføre tv-skjermen før dei kan kommunisera på fornuftig vis. Dei er vande med kjapp tilbakemelding. Alt anna vert fort keisamt. Det er her eg ser ei god nytte av digitale tavler.

    Under ein samtale kan ein no lett henta fram eit bilete/animasjon/film og visa for elevane. Spontaniteten vert ein heilt anna. Når ein les frå ei bok, og elevane lurer på kva ordet tyder, så vil det (i alle fall for meg) vera letare å henta fram eit bilete å syna dei framfor å forklara det med ord. Eg trur gjerne også eleven fortare fell av om eg skal forsøka å forklara eit ord med 100 andre.

    I tillegg er eg (endå) såpass ung, at eg kjenner det særs naturleg å nytte desse nye media. Å då ikkje å få moglegheit til det føler eg legg band på meg. Det likar eg ikkje.

    Men sjølvsagt må ein veta når og korleis ein skal nytta digitale verkty. Det er ikkje noko nytt i det. Ein må alltid ha eit medvite forhold til kva verkty ein skal nytta. Poenget er at her har ein fått ein heilt flunkande ny verktykasse å nytta seg av. Det ville vere for gale å la han stå i eit hjørne av di dei gamle har gjort jobben i så mange år.

  • Då er vi heilt samde, då!:-) I VERKTYKASSA har vi mange supre, “instante”, ja nettopp: verktøy til hjelp i ulike undervisningssamanhengar. Det er utruleg fascinerande, også for ein 65 år gammal lærar, med laaang fartstid i skulen!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *