Dei fleste ulukker skjer på nedstigninga

Songa “Driving home for Christmas” kunne fått eit solid hakk i plata i dag. Eg var oppe før gatene var i ferde med å bli fyllt av biler i trøbbel i dag tidlig. Eg tok toget til mi søster for å fylgje henne heim til jul.

Eit lite apropos når det gjeld tog…å ha to stasjonar som heiter “Sandnes” er forvirrande halv sju på morgonen. NSB kan gjerne ta det som eit julegåveynskje. “Sandnes sentrum” og “Sandnes” er farleg likt…og når stasjonane ligg etter kvarandre vert det berre tullete.

Nåvel. Eg kom meg av på korrekt stasjon og fekk pakka meg inn i bilen. Diskusjonen starta med ein gong; skal ein kjøra om Ålgård eller via Sviland? Eg fekk med mine alderspoeng vilja, trass i sterk usemje frå mi seks år yngre syster. Ho var skeptisk til snøtilhøva i bakkane opp Seldalsvegen. Då me kom dit, var det sjølvsagt ikkje eit snøfnugg å sjå….ikkje før me runda toppen og tok til på nedfarten mot Oltedal. Der låg det med eit 10-15 cm puddersnø i vegen. Trass i relativt låg fart, stod med plutseleg på stive hjul med retning næraste grøfte.  Sjølve seansen kunne ha vore gjort meir elegant. I staden for å runde portane (brøytestikkene), tok me dei beint på.


Vis Utforkjøring i julestria i et større kart

Heile hendinga gjekk tåleg seint føre seg, og den einaste uroa var om det skulle liggje ein stein i grøftekanten. Det gjorde det ikkje. Den var i staden full av snø, og me var ståande parkert med begge framhjula i grøfta og botnen på vindauget mitt i plan med snøen utanfor.

Redninga denne gongen vart ikkje Falk eller Viking, men Janne Britt’s betre, og meir kjøyrevandte halvdel, som kom til som ein riddar i kvit rustning. Mi noko skeptiske haldning til at me skulle kunne verte dregne opp av grøfta av ein bil av nokonlunde same storleik, skulle fort vise seg å verte gjort til skamme. Det er eg glad for. Ein snakk med bilberginga i året held for min del.

Me kom oss opp att etter mindre enn ein halvtime med perfekt utsikt til fjernsysnsmasta over Oltedal, og deretter overtok ein med større kompetanse innan bilulykker rattet. Og med det kom ein heim til jul også i år.

Ps. Ja, eg angrar på at eg ikkje stakk ut å filma førjulsparkeringa, men det skal ikkje hindra meg frå å ha mykje moro med hendinga i eit par år framover!

5 Comments on "Dei fleste ulukker skjer på nedstigninga"

Leave a Reply to Janne Britt Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *