Rett verkty

I dag tok eg tida på kor lenge det gjekk frå eg slo på datamaskina mi på arbeid, og til ho var klar til bruk. Klokka stoppa på 6 minutt. Så restarta datamaskina att av seg sjølv utan at eg heilt veit kvifor. Difor tok det 6 nye minutt.

Eg kom difor til å tenkje på ein ting. Dersom eg er snill så tek det meg seks minutt å starte opp mitt nest viktigaste arbeidsverkty kvar dag. Det vert 30 minutt i veka, eller 120 minutt på ein månad. På eit år kjem ein altså opp i 1200 minutt. Det er 20 timar. Og før du kjem med akkura den innvendinga. Joda…eg kan gjere noko anna desse minutta. Men det er ikkje poenget akkurat her og no.

Ut i frå ei timeløn på 100 ,- i timen, kjem altså prislappen på mine dyrebare minutt på morgonkvisten på 2000 ,-. Det er berre 700 ,- mindre enn ein liten smekker Asus Eee. Legg ein til dei ekstra minutta eg med ujamne mellomrom må vente ekstra på grunn av uventa omstartar, så tenkjer eg at desse kronene er dekka inn og.

Poenget mitt er at eg er hakket frå å bestilla meg ein berbar datamaskin, for deretter å sende rekninga til min arbeidsgjevar! Dette har fleire fordelar:

  • Mindre frustrasjon for arbeidstakar
  • Meir fleksibilitet i og med at ein slik berbar omtrent kan puttast i baklomma
  • Mindre farting att og fram til kontoret
  • Betre tilhøve for effektivt samarbeid med andre enn dei ein deler kontor med
  • ++

Skal, skal ikkje. Skal, skal ikkje….

Ps. Etter dei to forsøka på å få arbeidsverktyget mitt i gang, starta han på ny ei tredje gong. Men etter det var han rimeleg stabil resten av dagen.

5 Comments on "Rett verkty"

  • Eg kjøpte eigen bærbar i ein tidligare jobb for å ha noko eg kunne jobba med, nettopp av grunnane du skriv.
    På andre sine stilte eg inn automatisk oppstart kvar vekedag i bios, slik at dei var klare til bruk 20 minutt før dei fleste kom på jobb. Desse maskinane brukte nok nærmare femten minutt på oppstart og oppdateringar. Skal du ha pc til baklomma er nok http://oqo.com mindre plasskrevjande enn ein liten eee…

  • Jeg prøvde meg en gang med å argumentere for at jeg burde fått 30-40 timer på arbeidsplanen for treg PC, fordi den tok ti minutter å starte hver morgen. Sjefen nøyde seg med å be meg om å finne alternative ting å gjøre mens jeg ventet på pcen…

    Men poenget er godt: det er mange slike skjulte kostnader rundt om på arbeidsplassene. En kopimaskin som man sparer noen tusen på å la stå et par år etter at den burde vært pensjonert, men som koster mange titalls timer i året i forsinkelser, for eksempel.

    For ikke å snakke om at et times møte med 50 deltakere egentlig koster 10-20.000 kroner i lønnsutgifter – man bør ikke ha møter hvis man ikke er ganske sikker på at det er verdt utgiften…

  • @Guttorm
    Privat har eg ein Compal JFT00. Liten og nett. Ikkje for liten så ein ikkje kan arbeida effektivt med han, men heller ikkje for stor til at han vert pes å dra med seg rundt. Eg trur nok ein oqo-sak ville ha vorte litt i minste laget, sjølv om den nok såg lekker ut.

    Ein kan jo stilla inn i BIOS’en ja, det er eit poeng. Det einaste problemet er at 3/4 av tida maskina nytta på oppstarten er frå eg skriv inn passord og brukarnamn. Eg har ikkje sett korleis det er på “innsida”, men eg kan ikkje fatta å forstå at det er eit eller annan i konfigureringa av maskinane som kunne ha gjort mykje med både oppstart og arbeidsfart.

    På min gamle høgskule i Volda klarte ein å få til eit kjapt og fungerande oppsett med Novell. Eg har vanskelig for å tru at ikkje det same skulle kunne vere mogleg på ein barneskule.

  • @Bjørn Smestad
    Møter kan heilt klart gjerast unna i eit internt diskusjonsfora og eventuelt med Skype (eller liknande). Då slepp ein unna mykje “utanomsnakk” og sparar inn på reiskostnadar og denslags.

  • Jeg ble mer og mer frustrert over tidsbruk til tull på Windows. Til slutt gav jeg opp og kjøpte Mac. Anbefales, også fordi den er et pedagogisk bedre verktøy “out of the box”. Restarter sjelden maskinen. Det tar 1 sekund å starte opp om morgenen, bare opp med lokket og boom er den på klar til dyst. 20 åpne vinduer er ikke noe problem. Hvis du er villig til en skikkelig endring til det bedre (en ny verden på mange fronter), så sjekk ut nyeste Macbook på apple.com, knallkjøp til 8.000 (får også utd.rab). Riktignok litt dyrere enn mini-pc/windowsbasert, men “litt” bedre også 😉

Leave a Reply to Bjørn Smestad Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *