Noreg – Verdas beste land å bu i!

FEIL! Me er ikkje det beste landet å bu i her på jorda. Det vil sei. Ut i frå FN sin målestokk, så er me gjerne det. Problemet er berre at FN målar dette ut i frå økonomiske kriterie. Det er gjerne sjølvsagt at det er den målestokken me her i vesten skal nytta…pengar er jo alt! Men har me det eigentleg så godt som me kan ha det her?

For all del. Me lid ingen naud, og eg har ikkje tenkt å slengja meg på bølgja av dei som klagar. Men det er unekteleg eit poeng at om ein samanliknar ein norsk 10-åring, og ein somalisk 10-åring, så vinn den somaliske på smileskalaen. Den norske er beint fram for bortskjemd reint materialistisk, og set ikkje på noko vis pris på dei enkle tinga i livet slik ein somalisk unge gjer.

Difor eksisterer det noko så flott som alternativ standard for måling av levekår. Nemleg thehappyplanetindex. Den tek ikkje berre omsyn til økonomiske fakta, men tek og opp i seg dei tinga som faktisk tel for at du, og dine mange etterkomarar skal kunne ha eit godt liv her på denne planeten.

I følgje thehappyplanetindex er Noreg på ein skuffande 88 plass. Ruvande på topp, er eit lite land i mellom-amerika; Costa Rica. Heile rapporten kan lesast her.

I tillegg har NRK’s Verdt å vite laga eit innslag om saka.

[audio:http://www.dalstroka-innafor.net/wp-content/uploads//2009/10/thehappyplanetindex.mp3]

2 Comments on "Noreg – Verdas beste land å bu i!"

  • Etter mitt hovud kjem me på delt 2. plass i kåringa over kjev som mest mest nøgde til tilværet her i verda. (8,1 på ein skala til 10). Somalia, som du bruker i eksempelet er ikkje med i undersøkinga, men dei fleste afrikanske landa ligg plassert godt under 5,0 på smileskalaen. Undersøkinga er etter mitt hovud med på å underbygge påstanden om at Noreg er eit av verdas beste land å bu i. Tankekorset er jo at vi også er blant dei som tek “størst plass” i eit økologisk perspektiv. Det kan vera både god og viktig for oss å bli bevisste på at ein kan vera godt nøgde med tilveret, sjølv om materialismen ikkje er på same nivået som i Noreg, slik som i til dømes Costa Rica. (Undersøkinga seier vel og litt om sinnelaget til folket som bur i Latin- og Sør-Amerika. Er det kunstig stimuli, det gode været eller sommer-OL til Rio som gjer utslaget her?)

  • Kom gjerne med kommentarar på rettskriving…

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *