Tryggleik eller nytte?

I den seinare tid har eg fått gleda av å kjenne kvardagen som IKT-ansvarleg i det norske skuleverket på kroppen. Det har vore ein augeopnar for å sei det mildt. Spenn setebeltet fast, og gjer deg klar for ei vill ferd i oppsummeringloopen…

No er det sjølvsagt ikkje slik at det er likt over alt, men dette er mine erfaringar i ei komprimert form. Min arbeidsgjevar har som mange andre kommunar i Noregs land ei sentral løysing når det gjeld IKT, og dette er i teorien ein god idé…hadde han berre fungert i praksis.

Fyrst ein liten analogi. Telefonar kjem i mange ulike farger, utformingar og størrelsar. Men dei av oss som hugsar då Brå brakk staven, kan også hugse ein god gammal travar av ein telefon, telefoniens svar på Massey Fergusson’s Gråtass: Elektrisk Bureau sin ’67-modell!

Dei såg heilt like ut. Det var ikkje noko tvil om at den gråe dingsen var ein telefon. Det var noko alle visste. Alle så kliss like ut. Etterkvart kom det nye modellar, og det som var hot couture ei stund på slutten av 80/begynnelsen av 90-talet var: telefon med trykkeknappar. Ein kunne slå eit nummer på berre nokre sekund. Ikkje mer venting på at talskiva skal vende attende til utgangspunktet.

Vi er no runda 2000-talet, og kan igjen sjå det same. Mobiltelefonane endrar seg bortimot frå dag til dag. På slutten av 90-talet var det ikke tvil om når ein person gjekk med ein “diger” plastdings i handa og prata med seg sjølv, ja så var det ein mobiltelefon. No til dags kan det rett som det er hende at du ser ein person som stressar att og fram i gata og snakkar med seg sjølv. Ved første augneblinken kan det sjå ut som ein lettare sinsforvirra person, men så snur han seg rundt, og du fer auge på det vesle bluetooth-hovudsettet han har på det motsette øyret.

Sjølve trykkjemåten er og i ferd med å endre seg til det ugjenkjennelege. Frå å ha ein velkjend utsjånad med 12 tastar, kan ein no fritt lage sin eigen utsjånad på telefonane. Dashboard vert det kalla på godt norsk. Direkte omsett vert det instrumentbord. Ein går altså rundt med noko i lomma som høyrest ut som noko ein finn på eit sjukehus, og treng årevis med utdanning for å handtera. Og ingen av desse instrumentborda er like!

Her kjem vi til sakas kjerne. Mantraet til alle IKT-gudar rundt omkring i stat/kommune/private verksemder har i lang tid vore at ein må ha lik utsjånad så folk kan kjenne seg att. Ein grunngjev altså det med at ein må ha likt utsjåande instumentbord med brukarane sine “krav” til gjenkjenning. Eg meiner at dette er ei heilt feil framstilling av realitetane. Kor mange handtverkarar går rundt med identiske verktykassar? Er det nokon som på alvor meiner at alle Stortingsrepresentantar har skrivepulten sin akkurat likt med tanke på plassering av telefon, blyant, kaffekopp og partiflagg? No har ikkje eg vore i ein fiskebåt i heile mitt liv, men eg vågar like fullt den påstanden at det ikkje finst ein einaste yrkesfiskebåt der ein har nett dei same løysningane!

Likevel klarar ein å gjere det arbeidet ein skal om ein må bytte verktykasse/skrivepult eller sjark!

Psykedelisk draum...?Difor er eg soleklar på det at når eit verktykassa (Les: datamaskina) du skal nytte til å finne informasjon i skuledagen din, vert låst så til dei grader fast at ein ikkje kan flytte verktya rundt eller langt mindre leggje til nye verkty, ja då kan ein like gjerne nytte verktykassa (Les: fortsatt datamaskina ja…) som støtte på golvet til den alt for lealause skrivepulten.

I skuleverket er mantraet gjerne det at folk er ulike! Det har ikkje IKT-seksjonane rundt omkring i dei best bortgøymde kontora i Noregs land fått med seg endå. Eg har hatt elevar som kun kan lese på ein spesiell type gult papir. Eg veit om elevar som er svaksynte. Me har alle ulike krav til eit verkty! Like fullt er det ein vert servert den evinnelege  blå/grøne skjermen utan at ein kan gjere noko frå eller til med han. Kunnskapsløftet har krav om digital kompetanse i alle fag. Diverre ser det ikkje ut til at ein grunnleggjande digital kompetanse på tilsyn med verktyet, kanskje betre kjend som vedlikehald, er noko ein vil sløse bort tid på å spreie i samfunnet. Forstå det den som kan…

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *