Bård Vegard skiftar fokus…

Tidlegare denne månaden kommenterte eg utdanningsminister Solhjell sitt fokus når det kom til dei skulebloggane han presenterte i sin eigen blogg.

I kveld viste det seg at kommentaren har hatt noko for seg. Kjempeflott. Seks månadar ute i mi lærargjerning, og eg har makta å få sjefen sjølv i tale skrift. Heretter kan det berre gå ein veg…nemleg omtrent som børsindeksen dei same siste månadane.

Men huttetu så kjekt det føltes å få tilbakemelding på det ein skriv! Når det er sagt, treng du sjølvsagt ikkje vere utdanningsminister for å kommentere ting som dukkar opp her. Det er fritt fram for alle!

Statistikken er har laga meg er no oppdatert med dei siste bloggane. Godt å sjå ei auke hjå dei blå og!

2 Comments on "Bård Vegard skiftar fokus…"

  • Gratulerer med merksemd frå høgaste (SV)hald!
    Men eg kan ikkje sjå nokon utvikling på grafane dine… Er jo fortsatt berre 4 barneskulebloggar som har blitt lenka til på sida hans, om ein ser på begge statistikkane dine…
    Men kan jo vere du oppdaterte begge grafane, isåfall vart eg forvirra…

  • @Vegard Tjørhom
    Statistikken vert oppdatert automagisk frå Google Dokument. Endrar ein tal i reknearket, vert også det publiserte søylediagrammet oppdatert.

    Tok med nytt diagram i ny post fordi…tja…fordi eg likar Google Dokument tenkjer eg.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *