Virus i det offentlege

Januar månad har vore prega av influensa på fleire frontar. Google svarar med 109 artiklar som inneheld ordet “influensa”, og det berre i løpet av den siste månaden. (Til samanlikning gjev ordet “finanskrise” 492 treff medan “snåsamannen” ender på 287.) Ærleg talt må eg seie at eg er temmeleg lei alt dette. Men folk har vondt for å læra! Når influensaen breier om seg, er det normalt å ta førehandsreglar. Eldre folk vert oppmoda om å ta influensavaksine, medan det på arbeidsplassen kanskje dukkar opp desinfiserande væsker slik at ein kan unngå smitte!

Det er kun litt over ei veke sidan sist eg skreiv om dataviruset “Conficker” og korleis Rogaland fylkeskommune vart tekne med buksene nede midtvinters. Fredag (30/01/09) denne veka kunne NTB melde at også Nord-Trøndelag hadde vorte råka av virus. Det same viruset. Ein kan undra seg om fylkeskommunane kommuniserer.

Informasjonssjef i Nord-Trøndelag fylkeskommune seier til NTB at dei var “så godt beskyttet som de trodde var mulig i forkant av angrepet.” Eit underleg utsagn med tanke på at viruset faktisk slo ut 6500 datamaskinar. Hadde ein vore så godt sikra som mogleg mot viruset, ville ein kanskje sett inn ei av dei mange løysingane mot viruset som finst! Men likevel vert ein altså råka.

Kor mykje kroner og øre ein nyttar i året på å reparera system etter at dei har vorte infisert av virus finst det kanskje tal på? Det hadde uansett vore interessant å sett ei oversikt over dette og samanlikna med ein overgang til eit gratis operativsystem som til dømes Ubuntu/Linux Mint/OpenSuSE/Skulelinux/Fedora/Debian/Mandriva eller liknande.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *