Motivasjon i skulen

Denne veka gjorde eg to forsøk på arbeidsplassen min. Ei stund nå har eg uroa/irritert meg over at nokre elevar ikkje gidd å gjera ein innsats på skulen. Grunnane kan sjølvsagt vere mange. Kvifor skal elevane gjera arbeid? Ingenting skjer jo om dei ikkje gjer det, anna enn at det går litt dårleg på testen kvar fredag!

Denne fredagen rann det over for meg. Elevar leverer inn prøvar utan å ha svart. Trass i at eg sa at dei måtte lesa oppgåvene skikkeleg presterte dei å gjera dette. I løpet av veka har dei arbeidstimar på skulen der dei skal arbeida med leksene. Litt for mange “gløymer” ting heime, og vert gåande å surre rundt i timane og forstyrre dei som faktisk arbeider.

Eg bestemde meg difor for at dei elevane som ikkje gjorde arbeidet sitt godt nok, om det nå i det heile vart gjort, skulle få sittje att å arbeide overtid! I arbeidslivet elles er det jo trass alt slik at overtid er resultatet dersom ein gjer dårleg arbeid. Så eg tenkte med meg sjølv; “Kvifor skal ikkje det også gjelde på skulen?” Det er jo trass alt arbeid for elevane å gå på skulen.

Difor sette eg meg altså ned med ei gruppe på fredag ettermiddag og gav dei ei oppgåve dei måtte gjera ferdig før dei fekk gå heim og ta helg. Diverre er ikkje dette slik ein kan gjera kvar dag, for det er alltids andre oppgåver ein må gjere etter at elevane er sendt heim. Nokre vart sinte, andre grein ein skvett, men etter kvart sat alle saman og arbeidde flittig som om dei var mønsterelevar. Og det er jo akkurat det dei er i utgangspunktet. Problemet er berre at det er så mykje anna som forstyrrer når ein er 26 elevar i klassen!

Men eg nytta ikkje berre “pisk” denne veka. Eg forsøkte for fyrste gong med premie til den eleven som arbeidde best. Etterkvart vart det jo klart at dette ville vera ein litt ugrei måte å rosa “korrekt” oppførsel på. For det fyrste er det jo ikkje vanskeleg å tenkja seg at “bråkete” elevar vil ha letare for å få bonus for god oppførsel enn det stille og flinke elevar vil ha. Eg måtte difor gjere ei lita justering. Dei fem med best resultat på fredagen skulle få vera med i ei trekning om premien.

Men eg treng ein del tips til korleis eg skal gje alle like gode moglegheiter til å opparbeide seg “loddkapital” til fredagens trekning?

Eg er og interessert i tankar om korleis andre har løyst slike utfordringar? Eg er i alle fall lite lysten til å berre la dei som ikkje gidd få fortsetta ned den gata der dei slepp unna med latskap!

Eg kom over ei oppgåve gitt i ungdomsskulen i 1936 på Kjell Arild Welde sin blogg her ein dag;

6 mann brukar 15 dagar à 10 timar til å grava ei greft som er 160 m lang, 1,5 m brei og 80 cm djup. Kor lang tid treng då 4 mann til å grava ei greft som er 1 1/4 gong så lang, 4/5 so brei so brei og 1 1/2 gong so djup, som den fyrste, når dei arbeider 9 timar for dagen og hev 20% tyngre jord å arbeide med?

R.J Angen
Rekneuppgåvor for ungdomsskulen
Oslo 1936

Gje denne oppgåva til ein elev i dag, og han vil sansynlegvis ringe 1881 for å spørre etter nærmaste entrepenør med gravemaskin, framfor å byrgje å rekne ut!

4 Comments on "Motivasjon i skulen"

Leave a Reply to Raymond Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *