Eg kjenner mine fiskebollar…

Det er ikkje kvar dag eg har gleda av Mamma sine fiskebollar lenger. Slik er det å vera student. “Det enkle er ofte det beste”…og då lagar ein seg ikkje avanserte middagar medmindre det er noko særs spesielt på gang. Men i feriane, i feriane er det tid for å godte seg med alskens godt som min personlege kokk gjennom ei årrekkje, Mamma, kan trylle ut av ermet.

Stor var difor overraskinga då eg kom inn dørene for å eta middag. På bordet stod ein, etter alt å døma, kjempegod rett. Fiskebollar i kvit saus, lauk og med ost på toppen. Eg sette meg ned, lessa tallerkenen, og hogg innpå. Tennene sprang i vatn over den gilde smaken….men vent….kva var no dette?! Fiskebollane, sjølve rosinen i kaka, smaka då unekteleg av…..ja kva var det mine grandiosavaldtekne smakslaukar kjende?! Det var då ein umiskjenneleg smak av fisk-fisk?! Dette kunne då ikkje stemme. Her har eg i alle år vorte oppfostra på ekte, kunstig produserte Bjelland’s fiskebollarBjelland’s er best……men dette kunne då ikkje vera det? Eg valde å teie, og forsynte meg i staden av litt til frå tallerkenen. Det måtte jo vera noko gale med meg…kanskje hovudet var innstillt på ein anna smak, og difor spelte meg eit puss?! For Mamma kunne då i allefall ikkje ha mista “X”-faktoren…den som gjer at hennar mat faktisk smakar best!? Andre forsøk…og jo. Den umiskjennelege smaken av fisk-fisk var der fortsatt.

No kunne eg ikkje la vere å teie lenger. Kva var det som hadde hendt med dei alltid så perfekte fiskebollane? Latter. Kva? Hadde eg så smått byrja å bli rotete i hovudet? Nei! Det kunne då verkeleg ikkje vera. Eg forsøkte å forklare kva det var som ikkje stemde, og etter litt saklig argumentasjon for at eg ikkje gav kokkekunstane til Mamma noko skuld for dette, så kom det då opp i dagen. Ho hadde teke i bruk ein anna ingrediens. Ho hadde lete mine kjære Bjelland’s fiskebollar gå planka, til fordel for nokre annanrangs humbugbollar.

Men slikt kan ein jo sjølvsagt ikkje gjere utan å verte gjort merksam på det av godt vande søner som har kjend den herlege Bjelland’s-smaken jevnt og trutt i godt over 20 år. Så med dette, så vonar eg at slike feilsteg ikkje vil skje igjen ved seinare høve. Du kan gjere mykje mot meg, men fiskebollane mine, nei dei tek du ikkje frå meg!

1 Comment on "Eg kjenner mine fiskebollar…"

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *