Monthly Archives: August 2013

Hagestart

20 dagare etter at me overtok nytt hus, er starten på min fyrste urbane hugelkultur på plass. Naboen gjekk laus på hekken sin, og eg tykte det var for galt at kommunen skulle få posane med organisk materiale når eg like gjerne kunne ta dei. Ein nabo som vil ha hekkekapp…jo, det er sikkert ikkje heilt normalt. Men kva er vel normalt no til dags?

Etterkvart har eg sikta meg ut nokre tre borti vegen med ein heil haug med blad. Må berre slå til før kommunen sine ivrige arbeidarar gjer jobben.

Har ei daud gran i hagen og. Med litt flaks, kan eg saga ho ned og få henne til å lande midt i hugelkulturen.

I tillegg skulle eg hatt tak på litt jord/kompost og gjerne også litt halm. Har du ein gamal halmballe liggjande, tek eg gjerne i mot.

Hugelkultur