Monthly Archives: October 2012

På hovudet inn i ein binær kvardag

” Oppdatering 09.11.2012 – Stavanger Aftenblad har tydelegvis også plukka opp tråden:

SR-Bank gir bankkort til sjuåringer

Barn mister forstaelse for penger

Det er på sin plass.”

——————————————-

Denne veka fekk skuleverket nok ein gong media sitt søkelys over seg. I desse haustmørke dagane skal ein vel gjerne vere glad for at ting vert opplyst, men eg ser for meg at kunnskapsministeren godt kunne ha vore foruten dette gnistregnet.

Lærarutdannaren Bjørn Smestad meiner det er den grunnleggjande kunnskapen det skortar på sjå lærarstudentane, i og med at det er forkunnskapar som vert testa på eksamen. Kunnskapsministeren vil ha endring av resultata kjapt. Mellom anna med…hald deg fast…kurs. Heldigvis er ikkje det mitt arbeid å gjere noko med i frå den enden.

Det som derimot er ein tankevekkar, om enn ein ganske perifer ein, er dette. Kvar dag tek eg bussen til min daglege arbeidsplass. Den siste veka har SR-Bank klistra opp ein reklameplakat for bankkort for barn under 13 år (vilkår).

Årsaka til dette er i følgje SR-Bank sine eigne nettsider at;

70 % av våre kunder som har barn i alderen 10-12 år, oppgir at det ofte er en utfordring å ha penger tilgjengelig for sine barn i forbindelse med småhandel.”

Snille, snille SR-Bank. Strekke ut ei hjelpande hand til alle desse stakkars småbarnsforeldra slik at dei kan unngå den kjedelege kranglinga i kassa når poden vil ha Halloween-sukkertøy. Omtenksamt.

SR-Bank reknar nok denne reklamekampanjen som ikkje retta mot born. Eg ser for meg at Forbrukarombudet, som har tilsyn med nettopp marknadsføringslova, også vil koma til den konklusjonen. Statoil sneik seg jo glatt unna tidlegare i år, etter ein ufatteleg klein reklamespot dei hadde gåande på fjernsyn.

SR-Bank sin kampanje er ikkje ein gong på fjernsyn, så dei vil nok sleppa endå letare unna om nokon skulle levert inn ei klage.

Langs den distansen eg reiser med buss, ligg det ikkje mindre enn fire barneskular. Eg vil tru at størstedelen av Kolumbus (det lokale busselskapet) si kundegruppe er born og unge. Tal har eg ikkje på dette, men med tanke på den mengda einslege bilistar som står i kø her i Stavangerregionen kvar dag, trur eg det eit edrueleg anslag.

Når “kidsa” kjem heim og fortel at “alle” i klassa har kort, skal det godt gjerast for ein allereie hardt prøva forelder å ytra det viktige ordet “nei”. Halloween-maset om nytt kostyme vil framstå som sumarferie til samanlikning.

Lenkja mellom desse to tinga er dette. Skulane slit med å utdanna kompetente matematikklærarar. Dei skyldar på det grunnleggjande. Det grunnleggjande i det talsystemet me til dagleg omgjer oss med er titalsystemet. 0,1,2,3,4,5,6,7,8,9. Born lærer å byggje opp tal der ulike siffer har ulike verdi alt etter sifferets plassering. Konkretar er fint til slik lærdom. Konkretane (som forsåvidt også berre er symbol) er i ferd med å forsvinne.

Det SR-Bank er i ferd med å gjere her, er å fråta heimane, og samfunnet, ein moglegheit til å konkretisere matematiikken. Dei håndfaste myntane er snart borte. Det er forsåvidt eit uttalt ynskje/faktum/utvikling at kontantar skal bort. Men kva hender når det mest konkrete me har for å læra oss det heil grunnleggjande forsvinn? Det er jo allereie vorte kveldsunderhaldning å sjå på korleis folk makter å kjøra sin personlege øhonomi ad undas.

Til skilnad frå SR-Bank, så synest det for meg som at det ikkje er mangel på oppseding rundt kortbruk som er problemet, men manglande mental kopling frå kortdraging til at pengane strøymer ut frå kontoen. Me er i ferd med å gå frå 0,1,2,3,4,5,6,7,8,9 til 0,1.

SR-Bank (og andre bankar) sitt bankkort vil forøvrig heller ikkje verte ei endeleg løysning på foreldra sine “problem”. Det vil verta eit tillegg. Når 400,- i veka er oppbrukt, er nok ikkje vegen lang til å be om kontantar frå dei stakkars gamle. Og skulle ein vere betre rusta til å seie nei fordi om poden har fått kort?

Til sist eit tips til fredagsunderhaldning. Dokumentaren “In debt we trust” tek forsåvidt føre seg lån, men eg opplever likevel filmen som relevant. Stoe summar på kredittkorta er mykje for ein som endå ikkje har omgrep om kva konsekvensane kan bli. Dei har endå ikkje erfart samanhengen mellom inntekt og utgift på kroppen. Likevel er bankane på plass med sugerøyra sine, for på den måten å sikra seg ei stabil framtidsinntekt. Suspekt!