Hofteskot om skulesatsing

GNIST-kampanjen, ein samarbeidskampanje mellom ei rekke organisasjonar til 25 millionar+ skryt av auke i søknaden til lærarutdanninga. Delar av desse 25 millionane har mellom anna gått med til å laga ein flott promofilm på Engebråten skole. Denne har gjenge sin seiersgang på nettet i vår.

Men som GNIST sjølv skriv, er han nok teken hakket for langt til å virke realistisk. Dette veit lærarar som har vore i gamet i mange år, dette veit lærarstudentar som kjem frå høgskular landet rundt og opplever praksissjokket…ja jamvel skuleborn sjølv veit at slikt ikkje er realiteten i norsk skule.

For alle som er opptatt av utdanning er dette strålande nytt.

På bakgrunn av denne voldsomme satsinga på rekruttering til skulen er det følgjande difor eit tankekors.

Landets lærarar fekk for nokre år sidan ny forhandlingspart for sine arbeidstilhøve. Frå tidlegare å forhandla med Staten, fekk ein no ein ny forhandlingspartnar i form av Komunenes Sentralforbund (KS).

10.02 i år vart det semje mellom KS og Utdanningsforbundet om ein ny arbeidstidsavtale etter at den førre gjekk ut ved årsskiftet. Med denne kom ein ekstra planleggingsdag for lærarane.

Dette er mildt sagt lite populært ute på dei mange lærarværelsa i Noreg, men det er lite ein kan gjera når det er snakk om storpolitikk som kjem dumpande på ein i frå Oslo.

Så då er mitt spørsmål til Kristin Halvorsen;

Kva tenkjer du om at KS ralgjerer nett slik dei vil, og på klassisk splitt og hersk-vis innfører ein ekstra arbeidsdag for lærarar?

Trur du det er mange nye lærarar som kjem strøyamnde til høgskulane rundt omkring, når stadig fleire lærarar melder frå til sine elevar at ein for alt i verda ikkje må finne på å verte lærar?

Her gjev Staten i frå seg ansvaret til KS. Dernest sit Staten passiv og ser på at KS undergrev den satsinga som KS sjølv, tilsynelatande, er ein del av i form av GNIST-kampanjen.

Planleggingsdagen skal ikke innebære noen økt arbeidsbyrde. Den skal etableres ved at arbeidsplanfestet tid forskyves. Hvordan dette skal skje, må avtales på den enkelte skole – og det skal fremgå av arbeidsplanene.
Utdanningsnytt

Likevel presterer KS å kome opp med dette;

Det betyr at dagene bla  kan legges før og etter elevenes skoleår.
KS  B-rundskriv nr.. 3/12

KS legg med andre ord til rette for at alle landets rektorar skal verte syndebukkar når neste årshjul kjem ut av trykkeria på kommune og rådhus rundt omkring. Eg ville ikkje vore rektor i vår, og om dene avtalen vert prolongert utover dette eine året, ja då skal ein  telje godt på knappane for kor lenge ein kan sjå seg tent med å stå i læraryrket.

Ein ting er sikkert, og det er at forhandlingar med KS er langt frå å gjev meg den GNISTa i arbeidet eg treng. Slik splitt og hersk-opptreden gjev ikkje anna enn gnissingar!

Fløytelåt

Selja står saftgrøn og sevjemjuk,
kvistfri og ferdig til fløytebruk
for hage småguthender.

Tonen kjem smygande, mjuk og var,
aukar i kraft og fær døyvde svar
langt borte frå andre grender.

Solgylt og djup med ein eim av vår,
slørd som i lengt og vemodig sår
han skiftande stig og bårar.

Gåta om livet ligg løynt der i
jordbundne krefter som gjer seg fri
løyst ut gjennom tusen vårar.

Småfuglen tagnar i skogen då,
undrande sit han og lyer på
og gløymer seg i lange stunder.

Barnet som stabbar i garden lær,
undrar seg på kva vel dette er
for spelande, blankt vedunder.

Frostsvar på tun står ein gamal mann,
minnest den gongen då også han
sprang berrføtt i fjell og finne.

Tonane leikar i hugen hans,
augo står fjerne med dimslørd glans
mot barndommens bleike minne.

– Jakob Sande

Utdanningsskiller i Nepal

Etter at Nepal bergtok meg under mi reise verda rundt i 2003, har landet alltid hatt ein spesiell stad i hjartat mitt. Dette vesle, fattige landet høgt der oppe i fjella gjer noko med folk. Om det er naturen, folka ein møter på eller ein kombinasjon av dette som gjer det, er ikkje godt å seie.

I dette landet er 65% av dei mannlege innbyggjarane i stand til å lesa, medan berre 42% av kvinnene kan det.

Staten ynskjer å gjere utdanning tilgjengeleg for flest mogleg, men fråfallet er stort.

Også Nepal har private og statlege skular. Her er det dei private som er høgst ansenitet.

Ein famelie sender gjerne sonen på skule om ein har ein son og ei dotter. Står valet mellom å senda båe, vert gjerne dottera sendt til statleg, medan sonen fer gå på den private.

Parallellen til Noreg for 100 år sidan, ja jamvel endå mindre, er ikkje vanskelege å sjå.

Medan eg er inne på Nepal og utdanning, passar det også å trekke fram Alex Lyngaas sin serie på Dagbladet TV, 7 dager i Nepal. Legg spesielt merke til hans tur innom døveskulen. For meg pirrer dette ved ei nerve, av di min onkel gjekk på døveskule her i landet under 2. verdskrig. Å lesa brev som læraren skrev til mine besteforeldre for så lenge sidan, er fantastisk for ein som sjølv har landa i det som er verdas nest viktigaste yrke.