Monthly Archives: October 2010

IKT-planar

Det er mange ulike IKT-planar rundt omkring i landet vårt. Ein kan nok slik sett etterlyse ein nasjonal mal med konkrete eksempel i dei ulike faga.

Enn så lenge så får ein laga sine eigne, eller kopiere frå skule til skule.

Problemet er gjerne at ein ikkje finn fram til slike planar utan at ein skal måtte leite rundt omkring på heile internettet.

Difor har eg laga eit skjema der du kan kome med dine topptips til kva ulike kompetansar du meiner at ein skal meistre i dei ulike faga, på dei ulike trinna.

I tillegg har du i tillegg moglegheit til å skrive inn ein URL til IKT-planen på din skule på det siste spørsmålet, om de har ein.

På førehand takk!

SPAREbank 1

I september fekk eg brev i posten i frå SpareBank 1. Overskrifta lyd;

“Lik PIN-kode på alle dine kort fra SpareBank 1”

Med vennleg helsing i frå Trond Støldal, “marknadsansvarleg kredittkort”, som det heiter.

Dett er mitt svar til Trond Støldal på brevet eg fekk i postkassa. Med vennleg helsing.

For det fyrste så kan eg berre fortelje den gode Trond at eg allereie har eit kort hjå SpareBank 1. Så utgangspunktet for å sende brevet er jo strengt tatt feil.

Men sjølvsagt handlar det ikkje om å samle PIN-kodar. SpareBank 1 passar kanskje på pengane mine, men dei vil også gjerne at dei skal bli sine. Difor kan eg no få eit SpareBank 1 GOLD-kort. Kor forlokkande.

“Med et kredittkort har du en reserve uansett behov og anledning.”

Jo takk, Trond. Det tvilar eg ikkje på. Men utgangspunktet mitt for å ha pengane mine i SpareBank 1, er jo nettopp at eg skal kunne ha dei ein trygg plass, som ein reserve eg kan nytta meg av…”uansett behov og anledning”. Har det vorte gjort endringar i policyen til SpareBank 1 som gjer at dette ikkje er tilfellet lenger?

Forøvrig vil eg nevne at eg for lenge sidan har reservert meg mot reklame. Det oppmodar eg andre om å gjere også. Eg kan ikkje sjå kvifor ikkje SpareBank 1 kan respektere dette slik andre må. Det er vel ikkje slik at berre av di eg har pengane mine i SpareBank 1, så er reklamereservasjonen oppheva?

Det er også eit poeng, at det i det medfølgjande søknadsskjemaet har vilkåra for å få tilsendt kredittkort fått særs lite fokus. Heilt anonymt, utan fargar og bilete, bak det som strengt tatt er siste side, kan du lesa  om kva vilkår som gjeld. Du får også presentert eit tenkt eksempel på kva du må ut med om du nyttar deg av tilbudet. Kor realistisk dette er skal eg ikkje seie noko om. Det får stå for SpareBank 1 si rekning.

Om eg ein dag vil ha kredittkort, kjem eg i banken og spør. Og skulle eg gjere nettopp det, så vil eg helst at nokon skal sjekka at ingen helt eit våpen mot meg FØR det vert levert ut ei slikt kort, for det vil etter alt sannsyn ikkje vera av eigen fri vilje eg er der.

Så altså…takk, men nei takk!

Facebook, lærarar, elevar og “venning” – soga fortset

For ei stund tilbake skreiv eg litt omkring temaet Facebook, lærarar og venestatus.

Frå ein av mine favorittbloggarar på nettet, altså ein av dei eg har i RSS-straumen min, The Innovative Educator, dukka det i dag opp litt herlege, frigjerande tankar omkring nett dette temaet.

Litt utdrag for å settja leseslysta di i sving:

“…outcries to ban teachers from “friending” students on Facebook. Innovative educators know this is confusing, rather than addressing, the issue.”

Vidare skriv Lisa Nielsen, den New York-baserte læraren bak bloggen The Innovative Educator:

“Rather than what the media might have you believe, this means we need to encourage, NOT discourage educators from “friending” students not just on Facebook, but on playgrounds, in classrooms, and in the community.”

For min eigen del var dette, og resten av bloggposten herleg lesing. Så klikk deg vidare og få litt andre impulsar enn dei dommedagsprofetiane du les om i riksavisar frå tid til annan.

The Innovative Educator om Facebook, lærarar, elevar og “vener”.

Mangen bekkar små, gjev ein stor Åhh!

Stavanger Aftenblad skreik i mot meg i bladhylla i dag med følgjande framside;

Forsker ved UiS: Vi leser lettere på papir enn på skjerm.

Kunne eg la vere å kjøpe det for å lese kva Anne Mangen no hadde funnet ut? Sjølvsagt ikkje!

Fyrst av alt…ein ting er eg og Anne Mangen einige om. Ein PC er ikkje det beste vertyget til alt skulearbeid. Men der sluttar også likskapane. Det skal også seiast at i og med at artikkelen ikkje er skrive av Anne Mangen sjølv, så skal ein ta innhaldet med ei klype salt. Likevel er nokre av sitata ho har fått med, vinkla på ein slik måte at eg har vanskeleg for å la dei liggja ukommenterte.

Mangen seier sjølv at ho har teke utgangspunkt i lange, samanhengande tekstar, med både bilete og hyperlenker. Der skurrer det for min del. Eg har ennå ikkje lese ei einaste bok med hyperlenker, så korleis kan ein med eit slikt utgangspunkt kan gjere ei samanlikning er for meg litt vanskeleg å forstå.

Det er heller ikkje definert kor lang ein lang tekst er. Dette heng vel igjen saman med lesehastighet til den einskilde? For ikkje å snakke om temaet som vert teke opp i teksten, og om ein finn det interessant i utgangspunktet. Gjer ein ikkje det, kan jo sjølv ein kort tekst framstå som utåleleg lang.

Forskaren skildrar fleire gonger i artikkelen det å lese på skjerm som eit ork av ei anna verd. Ein må jo klikke og scrolle rundt omkring på denne virtuelle flata som ein gal, og ein kan aldri vere sikker på kva som kjem fram etter eit klikk.

Vidare seier ho også at ein aldri kan vere sikker på kvar ein er i ein digital tekst.

Desse to utsegna seier meir om Anne Mangens digitale kompetanse, enn dei gjer om lesing på skjerm.

For det fyrste er det ikkje lenger ein tekst ein les om ein vel å klikke seg inn på ei lenkje. Då er det to. For det andre bør ein lese gjennom heile teksten før ein set i gang med ekstra lesing.

Anne Mangen siteres også på følgende;

Skal vi skrive en B med blyant, må hånden øves til å gjøre spesifikke bevegelser for å forme bokstaven. Trykker vi på en B på tastaturet, må hånden ikke gjøre noe annet enn når vi skriver en N, som ligger rett ved siden av.”

Her har ein altså gjenge over på temaet skriving, men eg tillet meg å kommentera det likevel.

Er det mogleg at Anne Mangen ikkje skriv med touch-metoda? Hadde ho gjort det, ville ho ha merk at om ho nytta fingrane på same måten, for å skrive to ulike bokstavar, så ville autokorrekturen fått mykje å gjere. Vinklinga på fungraner er ulike. Ein nyttar ulike fingrar, og jamvel og ulike hender. Ved skriving for hand, nyttar ein etter det eg kjenner til, berre ei hand. Helst den høgre.

Når små born skal lære å skrive bokstavar, kan det for mange, kanskje spesielt gutar, vere betre å få lov til å trykke på ein tast med bokstaven B på, i staden for å sirleg snirkle ned strekane som nokre vaksne har definert som bokstavar. Dette gjeld kanskje meir i dagens skule enn tidlegare, i og med at me har bestemt oss for å sende born i 5-årsalderen på skulen.

At motorikken kanskje ikkje er i høgsetet hjå desse aller minste, er ikkje noko ein burde bli overraska over. Ikkje minst i eit samfunn som har vorte så stillesittande, og lite fysisk utfordrande som det det har vorte her i Noreg.

Det synest altså underleg at Anne Mangen så bastant kan definera PC’en ut av likninga på lange, samanhengande tekstar, når det skin så gjennom at Anne Mangen sjølv ikkje kan ha funne rett subverkty å nytte når ho har valt å testa datamaskinverktyet i høve til lesing og skriving.

Det finst mange ulike typar program å lese tekst i. Tekstane vert gjengjeve på ulikt vis alt etter som. Det finst og mange ulike typar skjermar å lese tekst på i og med at vi no også har fått digitale bøker.

På to år har tydelegvis ikkje Anne Mangen kome fram til noko nytt. Aftenbladet burde difor ta seg fem minutt, og spørje seg om det verkeleg ikkje var andre saker som hadde større nyhendeverdi enn lesing på skjerm.

Dersom UiS har pengar til overs, kunne eg forøvrig gjerne tenke meg eit stipend for å teste Anne Mangens digitale kompetanse før neste forskingsartikkel vert utgjeven.