Monthly Archives: August 2010

Runde 2 (minst) av Facebook i skulen

I dag lenka Eva Bratvold til ein artikkel frå NRK Rogaland som omtalar det tilsynelatande evigvarande diskusjonstemaet i norske media; Facebook i skulen. Eg lova henne eit svar  på dette då eg sat på bussen i dag, men av di eg sa at det var eit par “men” omkring spørsmålet under, kjem svaret i form av ein bloggpost som det diverre har vorte alt for lite av i det siste.

Spørsmålet som vert stilt er altså dette; bør elevar og lærarar vera vener på facebook. (Facebook vert forøvrig her skrive med liten f, slik det er gjort frå NRK Rogaland si side.)

For dei med noko over normal husk, er gjerne ikkje ein diskusjon som denne noko nytt. I så måte er det rart at NRK Rogaland vel å lage dette til ei nyhende.

Sist det gnistra omkring Facebook i skulen var vinklinga ei litt annan. Då hadde media fått snusen i at ein lærar vært mobba på nettopp Facebook.

Eg nemnde då i ein noko ironisk kommentar, at skulen i Drammen gjerne kunne gjere som andre skular, å stenge tilgangen til heile Facebook. No ser vi heldigvis ut til å ha kome forbi dette stadiumet, og lite gler meg meir. For ser vi nok eit halvår attende, vil VG Nett ha det til at den dåverande kunnskapsministaren gjekk inn for å straffa elevar som nytta for mykje tid på Facebook i løpet av skuledagen.

Heldigvis var den gode Solhjell såpass i stand til å nyttegjera seg av digitale media, at han allereie i løpet av dagen hadde posta eit godt tilsvar til det som stod i avisa.

Om lærarar skal vere vener med sine elevar på Facebook, er eit spørsmål ein sjølvsagd kan diskutera i eit halvårs tid eller lenger, for så å koma fram til at det gjerne ikkje er så galt som dei største skeptikarane gjerne skulle tru.

Her er min umiddelbare reaksjon.

Ja! Lærarar og elevar kan sjølvsagd vere “vener” der. Dette er det minst to grunnar til, men eg nøyer meg med å skildre nettopp desse for no.

For det fyrste er det å bli ven på Facebook ei noko missvisande uttrykk. Det er nettopp Facebook som har valt å kalla det å kople seg til ein bekjent på ein virtuell måte som “ven”. Det funkar som konsept, og er sågar vorte eit verb i det engelske språket, på linje med det “å google”. Dette er altså noko ein kan takke Mark Zuckerberg for. Om ikkje lenge til, dukkar det opp ein film om nettopp Facebook. Det blir då spanande å sjå om ein kan finne ut noko meir om bruken av ordet “ven” på Facebook. For alt eg veit kan den gode Mark ha hatt lite vener då han gjekk på Harvard, og funne ut at dette gjerne kunne vere ein grei måte å skaffa seg nokre på. Som sagt…det vert spanande å sjå.

Grunn nummer to til at eg kjenner at det vert litt mykje oppstuss rundt heile greia, er at det finns noko som heiter privacy settings. For mange, gjerne dei med liten eller ingen digital kompetanse, er dette eit ukjend fenomen. Men det eksisterer altså.

Privacy settings er ei flott oppfinning av Zuckerberg. Denne funksjonen gjer det faktisk mogleg (og no kan du gjerne halde deg fast) å filtrere informasjonen du fyller internettet med. Du kan lage lister der folk på dei ulike listene har tilgang til ulik informasjon.

På den måten kan altså dine kjære elevar verte skåna for det fæle verkelege livet du som lærar heilt sikkert lev, når du ikkje står bak framom tavla i klasserommet.

Så kan ein sjølvsagd spørje seg om ein ein verkeleg ven når ein filtrerer det ein deler med venene sine?

Når alt er sagd, så er det likevel ein regel eg sjølv har. Eg tek aldri initiativet til å verte “ven” med elevar. Det er ein regel eg har definert for meg sjølv som eg føler kan vere ein god leveregel. Skulle ein elev få lyst til å leggje meg til som “ven”, har eg vanskeleg for å sjå det som noko anna enn ei positiv handlig. Å kappe handa av han eller ho, med å nekte å godkjenne førespurnaden i det eleven strekk ut handa, trur eg gjerne skadar eleven meir enn om ein skulle godta han og legge han til i si elevar-liste.

Og med dette vonar eg du har fått svar Eva? 🙂

PS…og no har eg ikkje ein gong teke tak i Liv Marie Schou og andre si flotte bruk av Facebook i undervisninga.

PS II…sjå også Jonny Eriksens skriveri om nett samme sak

Testkjøring

I samband med at eg før sumaren gjekk til innkjøp av ein flott hybridsykkel, hadde eg lova meg at eg skulle tenkje på å kanskje vurdere å sykle til arbeid i år.

Difor gjorde eg i dag ein førebuande testrunde til arbeid og attende. Greit å vete at ein ikkje vil gå på ein smell, og kome i mål eit par timar etter at skulen har starta.

På vegen ut gløymde eg sjølvsagt å settje i gang telleverket, men på heimturen klokka eg inn på hyggelege 32 minutt.

Målet var å kome under 45 minutt, så marginen var på toppen av det heile soleklar.

Neste steg vert å sykle til arbeid no medan me har planleggingsdagar, så får ein ta ei evaluering til helga og sjå kva status er.

Eg har sjølv vanskeleg for å tru det, men eg lurer meg på om eg ikkje har fått utdelt same par kne som resten av slekta. Difor gjeld det nok å ta det tålig i starten.

Sumarferien 2010

Etter det som vel må reknast som ein standardsumar for min del, med andre ord ein god gamaldags slått, var det etter ein månad i Leidli omsider klart for litt ferie av det slaget som folk flest tenkjer på når ein tenkjer på nettopp ferie.

Målet var i fyrste omgang Oslofjorden, med ein påfølgjande snartur til vestlandet att…nærare bestemt Bulandet.

Attende i Stavanger att gjer ein seg jo nokre refleksjonar. Konklusjonen er i år særs enkel. Sumarferien 2010 har ikkje vore anna enn ein superhit og gjekk frå å vere god, til å toppa seg heilt med ein fantastisk solnedgang i havet vest av Noregs kyst.

Takk til alle dei flotte personane som har vore med på å gjera sumaren 2010 til ei minnerik oppleving!

Klikk på biletet under for å sjå nokre glimt frå det heile.