Monthly Archives: February 2010

Påstått dataskrekk blandt lærarar…

Aftenposten kjem i dag med ein artikkel som gjer at det byrjer å syde og koke inne i meg. Med den kraftig provoserande overskrifta “Pedagoger lider av datafobi, har Kristin Jonassen Nordby utført sin misjon.

Jonassen Nordby siterer Odd Arild Olsen, spelsjef hjå Barnevakta.no;

Skolen kan og bør bruke dataspill langt mer enn de gjør i dag for læring og lek

Eg er heilt utruleg einig i det Olsen seier her! Det er dog ein ting som ikkje stemmer med Olsens teori.

Etter det eg kjenner til er det eit fåtal norske skular som har tilhøva lagd til rett slik at pedagogane kan bestemma kva slags programvare dei har tilgang til. Etter fire år på skulebenken, og snart to år ute i den verkelege verda, har eg endå til gode å oppleve ein maskinpark som legg tilhøve til rette for at pedagogane skal stå for vala av kva slags programvare lærarar og elevar har tilgang til.Bilete av Extra Ketchup (Flickr)

Eg har tidlegare vore inne på dette i eit innlegg frå august 2009. Også Eva Bratvold har teke opp same problemstillinga. Sistnemnde er forøvrig eit eksempel på ein bloggar som Johnny Eriksen ville ha kalla ein praktpedagog.

Eg opplever altså artikkelen til Aftenposten som ein skivebom på høgde med Norske skiskytterresultat i OL. Det er ikkje pedagogane det står på. For som det også vert sagt i artikkelen, “Yngre lærere er langt mer positive til bruk av dataspill i skolen og på SFO enn de eldre”. Men det er altså ikkje her utfordringane ligg. Datamaskinane i skulen må gjerast personlege, ikkje offentlege! PC er ikkje eit akronym for Public Computer, men Personal Computer. Realiteten i den norske skulen pr. i dag gjev ikkje eit atterskin av dette. Den lærdomen norsk ungdom i dag får når det gjeld heilt grunnleggjande digital kompetanse, tilpassing og vedlikehald av eit verkty, skjer pr. i dag rundt om i dei mange tusen norske heimar. Det er jo tydelegvis ikkje i heimen regjeringa tillet at læring skal føregå…som om læring var tidsavgrensa!

Vestens akilles

Den vestlege verda byggjer heile sin eksistens på økonomiske interesser. Alt er økonomi for oss…eller skulle eg kanskje sei finans om du vil?

I går vart et sittjande etter middagsmaten å høyra på radio. NRK sin korrespondent i midtausten, Sissel Vold, hadde intervjua muslimske kvinner. Vold var tydeleg overraska over at kvinnene sjølv valde å gå tildekka. Overraskinga var endå større over at dei same kvinnene ville vera heime i staden for å arbeida. Den som Vold hadde intervjua utalte at “vesten tenker bare på penger”. Personleg tykkjer eg at det er vanskeleg å vera usamd i det utsagnet.

Då eg i dag kom over følgjande video kjende eg skrivekløa kome;

Kvart evige år høyrer ein multinasjonale selskap klage eller skryte over rekordtal. I fjor vart ein vitne til eit sytekor utan like då finanskrisa slo til. Eit år etter kunne ein tru at det heile ikkje hadde funne stad. Men er det verkeleg slik, at ein kan forvente at innteninga kvart år skal nå nye høgder? Ikkje i følgje marsvinteorien!

Heller ikkje i følgje ein film eg kom over for nokre år sidan. Filmen har den passande tittelen “The Corporation”. Den gjev eit godt innblikk i bakgrunnen for dei multinasjonale selskapa som eksisterer i dag, og kvifor aksjeselskap i det heile tatt eksisterer.

Alt i alt…eg sit att med ei kjensle av at ting er “fole” galt her i vest. Filmen “Matrix” har forsåvidt eit treffande poeng i at mennesket er eit virus. Det er dog ikkje alle sortar menneske som er det. Men når me endar opp med å vera så langt i frå det med eigentleg er ein del av, naturen, at borna våre ikkje lenger veit anna enn at mjølka kjem i frå butikken, og kjøtet på eit eller anna magisk vis dukkar opp i butikkane…det er då me har eit problem. Det problemet er større enn alle overskot!

Nomaden i meg ropar…høgt!

Takk og pris for at ein har gode vener som har vet til å ta seg ein svipptur utanlands når ein sjølv ikkje har anledning til det. For tida er to av mine kjære vener frå AA-studiet på nye eventyr utanfor riksgrensa, Kine og Magnus. I tillegg har mi kjære sambuerske frå siste året i Volda, Trine, sin eigen vesle verdsturne.

Kine oppheld seg for tida saman med si reisevenninne, Hanna,  i det sørlege Asia. Slettes ikkje ein gal plass å vere når gradestokken konstant syner blått. Med stadige oppdateringar på sin reiseblogg, varmar ho opp det stilleståande blodet i årene mine med sine mange skildrande bilete. Keep’em coming!

Magnus derimot, gjer det stikk motsette! Som tidlegare folkehøgskulesoldat ved Øytun Folkehøgskule, har han teke fatt på eit halvt års studium med fangstliv i Alaskas villmark. I utgangspunktet eit eventyr fleire lysår frå det han tidlegare har erfart av AA-studiet og journalistikkutdanning i India. Skal sjå at Magnus har fatta stor interesse for ying og yang etter sine visittar til Asia…

Trine er i motsetnad til dei to tidlegare nemnde ikkje fullt så informativ. Det reknar eg med at ho vil vege opp for ved retur til Noreg. Trine er rå på å filme sine mange eventyr, og dokumentasjon skal i så måte ikkje vere noko problem. Enn så lenge kjenner eg meir enn ei gong til dage på kjensla av kor flott eg veit ho må ha det på tur.

Er eg avundsjuk på mine tre reisande vener? Klart det! Men nettopp difor vonar eg at dei alle har ei fantastisk tid som dei kan hugse på resten av liva deira. Trøysta er i mellomtida ei god bok å forsvinne inn i; Down under av Bill Bryson.

Krav i skulen

Kven stiller krav til dei høge herrar som aller nådigast let norske lærarar få tilgang på verdsveven? Eg kjenner ikkje mange som har engasjement til overs for å ta opp ein “kamp” med sin arbeidsgjevars IKT-garde for å betre dei digitale tilhøva i skulen. Gjer du?

Det provoserer temmelig mykje, ca. 1000 faktisk, at lærarar fortsatt vert sett på som ein stereotypi: ein gjeng med digitale naut. Eit tiår er gått sidan det verkeleg begynte å ta av, men endå er det inga opplett å spore i horisonten.

Ein start ville vere å spørje; “Kva treng de?” I staden lev og åndar ein etter den gamle regla om at “du får ta det du får.”

For å svare på mitt eige spørsmål: eg treng eit verkty som eg kan gjere det eg sjølv vil med…utan at det kjem reimer og gaffateip med på kjøpet, som eg må stroppast fast i før bruk. Pretty please?