Monthly Archives: January 2010

Er det så effektivt?

Eg har lyst å ta deg med på eit tankeeksperiment. Sjå for deg dette. Kvar dag før du kan ta til med dagens arbeid, er du nøydt til å vente 4 minutt på at verktyget ditt skal verte operativt. 4 minutt er då ikkje mykje seier du. Men alt handlar om å sjå ting i perspektiv.

4 minutt er sjølvsagt ikkje mykje i det lange løp. Men multipliserer ein dei 4 minutta med 30 (talet på lærarar på ein tåleg stor skule) er ein oppe i 120 minutt. Det er lengre enn ein fotballkamp med innlagd pause og tillegg i tida. Men dette er berre i løpet av ein dag.

Gang dei 120 minutt med talet på arbeidsdagar, altså 5, og ein luktar ganske snart på eit halvt døger. Ta dette att, og gang med talet arbeidsveker i ein månad, og ein er med eit over dei 37,5 timane som ei normal arbeidsveke inneheld. På eit skuleår vert dette 400 timar.

Så er spørsmålet…tykkjer du det er greit å nytte 400 timar i året på å vente på at hamaren skal verte hamreklar, eller at kassaapparatet skal snurrast i gang? Eg plagast i alle fall med ein slik situasjon.

Eva Bratvold etterlyser ein personleg datamaskin i sin bloggpost “Jeg vil ha en revolusjon (tror jeg)“. For sjølv om det er meir datamaskinar ute i skulenoreg enn nokon gong, så er det langt i frå at realiteten er at det er ein personleg datamaskin til kvar elev. Som ho skriv;

“Hvis jeg på jobb skulle ha tilgang et par ganger/et par timer i uka til data – og jeg i tillegg skulle være avhengig av å dele maskin med andre; da hadde det blitt lite effektiv jobbing for min del. Jeg er nødt til å la bruk være en naturlig del av dagen, mitt arbeidsverktøy – og  jeg vil gjøre de innstillinger som jeg vil ha for at det fungerer best for meg.”

Nettopp denne problemstillinga vart nok ein gong aktualisert for meg i dag, då lærarrommet fekk nok ein kollega inn dørene. At me vart ein meir er berre fint tykkjer eg, men det fylgjer ikkje ein PC med kvar lærar. Dette betyr at opp mot seks vaksne må dele tre stasjonære datamaskinar. Langt i frå optimalt, og noko ein kunne ha skrive ein eigen bloggpost om forsåvidt, men det får bli på oppmoding i så fall.

Det hadde vore artig å visst om Jens, Kristin, John hadde vore nøgde med slike arbeidstilhøve?

Eg endte opp med å filma heile seansen i dag. Hugs også at det tok 80+ sekund å få datamaskina til det punktet der videoen startar. Det er med andre ord ikkje råd å sette han til å starte automatisk på ei gitt tidspunkt.

Den digitale skulen – eit tiår etter

No om dagen er det full rulle i London med BETT, eller British Education and Training Technology. BETT er ein åreviss konferanse om teknologi i utdanningssektoren der ein kan få eit innblikk i det som rører seg av teknologi innan utdanningssegmentet, og det er ikkje lite. Då den fyrste konferansen fann stad var det 112 utstillarar. Sist år var det 700, og desse vart vitja av nær 29.000 tilskodarar.

BBC har i dag ein interessant artikkel om nettopp BETT. Eg beit meg spesielt fast i dette utsagnet;

“Teachers need access to innovative services. We must prepare pupils for the future workplace.”
[BBC (2010), Schools must embrace mobile technology]

Mannen bak sitatet er Storbritanias utdanningsminister Vernon Coaker. Eg trur han her seier det mange lærar tenkjer. Ei stund var maskinparken den store bøygen å koma over i skuleverket. No har ein etterkvart fått god dekning av datamaskinar rundt om i landet, men det finst vel endå dei som slit med gamle CRT-skjermar og maskinar utan nettverkskort fordi “1. klasse treng ikkje nettverk.”  Dei har mi medkjensle!

Eit av hovudfunna til ITU i var at “Lærerne rapporterer om forholdsvis begrenset bruk av digitale læringsressurser.” [ITU Monitor 2009] At desse to sitata heng saman er ikkje heilt utenkjeleg etter mine omgrep. La meg ta eit rykande ferskt eksempel frå min skuledag i dag.

For tida er verdsrommet tema i samfunnsfag/naturfag i mi 2. klasse. Her om dagen var me ute og såg på soloppgangen, men stjernehimmelen var litt for lys til å få det heilt store biletet av stjernehimmelen som eigentleg var perfekt i den kalde vinternatta. Eg tenkte at då fekk ein la stjernehimmelen koma inn i klasserommet med å nytta antan Google Earth, eller Stellarium. Rett nok må ein ha ledig plass på datarommet, men dette hadde eg allereie ordna. Utfordringa kom då eg skulle installere desse programma på maskinen med tilkopla projektor. Det som møtte meg var det grellaste eksempelet på bakstreversk tankegang som finnst, og som land som Kina er i teten av: begge nettsidene eg skulle lasta ned programma frå var sperra av kommunens filter!

Me ha lagt eit decennium av 2000-talet bak oss, og den dag i dag er dette ein taktikk som vert nytta av alt for mange kommunar. Grunngjevinga er sjølvsagt trumfkortet som kan få ein kvar kongress til å kasta dollar etter hæren; tryggleik. I ein tidlegare bloggpost nytta eg nokre kilobyte på verdsveven til å seie kva eg meinar om nett slik ein taktikk.

Ein kan trygt sei at på det halvåret som har gått, så har eg ikkje vorte mindre sterk i trua på at eit kommunesentralisert diktatur av IKT i skulen er eit skot for baugen for heile utviklinga. Det vil kome fleire IKT-kompetente lærarar enn nokon gong får klekkeria i tida som kjem. Likevel vert all entuasiasmen og gløda til å skapa god læring som kan strekka seg utanom klasserommet torpedert av tryggleikskrav frå kommunale IKT-høvdingar rundt omkring i landet. Det hadde vore interessant å sett korleis diverse regjeringsmedlemmer [1 & 2] hadde teke det om ein ikkje fekk bryta fartsgrensa berre bittelitt…kva om tryggleiken faktisk var gjeldande for desse og?

Mitt poeng er (igjen) som følgjer. No når maskinparken så smått er på plass i skulenoreg, så er det tragisk å sjå at ein på ny må kjempa for å få på plass programvara ein ynskjer å nytta i skulekvardagen. Utan It’s Learning ville til dømes ikkje eg kunne vist elevane video på Youtube av akedagen me hadde. It’s Learning bidrog altså til ein god ting der. Elles kunne ein ha nytta meir enn ein bloggpost om akkurat den LMS’en. Blogg vert nytta på høgare skuletrinn. Kvifor kan ein ikkje nytta seg av Twitter på dei små trinna? 140 teikn er då meir enn nok for ein elev på 2. trinn. Men nei. Twitter er sosial programvare, og dermed fandens verk! Eg seier som trollet: eg trur snart eg sprekk.

Ubuntu i klasserommet

Eg har tenkt å fylla eit 1.klasserom med datamaskinar med Ubuntu på. Eg gler meg. Hovudgrunnen til dette er at maskinane som er der no kjører Windows 98, ikkje er på nett og no har begynt å skapa seg.

Så langt er berre ei maskin installert med Ubuntu. Den går som ei kule! Den har heile systemet installert på eigen harddisk. Eg leikar med tanken på å sette opp ein LTSP-servar, altså ei tynnklientløysning.

Grunnen til at det kanskje ikkje er heilt realistisk, er at ein ikkje kan settje opp kva slags maskinar ein vil på ein skule. IKT-biten er drifta frå kommunehus/rådhus, og dermed må alle maskinar autentiserast. Å få autentisert ei maskin som kjører linux på dette nettverket, synest å vera ei større utfordring enn å halda jernbanen på tida. Med andre ord ikkje ein let jobb.

Dermed luktar det fort standaloneinstallasjonar på 10 maskinar som ikkje har nettverkstilkopling. Når hovudgrunnen til å nytta Ubuntu Linux i ei 1. klasse er å nytte GCompris. Denne er ikkje med på installasjons-cd’en, og ein treng difor ei nettilkopling. Utan denne evinnelege nettverksautentiseringa er ikkje dette noko problem, men med er det eit sant !¤”!%”.

Det vert i alle fall spanande å sjå kva ein kan få til, og korleis 1. klassingane vil ta i mot den nye, opne verda.