Monthly Archives: November 2009

Antistraumlinjeform

Desse svineinfluensadagar har gjort Noreg til eit land med nåkonlunde køkultur. Eit tema som i seg skjølv kanskje kunne vere verdt ein bloggpost, men det er ikkje det denne skal handle om.

I mitt daglege arbeid som lærar skal det meste målast, vurderast og, ikkje minst, dokumenterast! Nettopp dette er det skrive og sagt mykje om. Har du ikkje fått det med deg, kan du lesa om det her; 1, 2 og 3.

Som følgje av den ekstreme epedemien som rammar landet om dagen, har lærarar fått nok ei oppgåve i fanget. Me skal no fungera som legesekretærar. Det er her eg kjenner at eg endeleg kan nyttegjere meg av mi erfaring som nettopp legesekretær. Eg sender nokre tankar til Tante som ordna meg sumarvikariat på det lokale legekontoret ei gong tidleg på 2000-talet. Det var rett nok epedemifrie tider, men erfaringa gjev utslag no kjenner eg.

Helsevesenet har bede skulane (Les: lærarane) om å lage lister over kven som skal ha vaksina, kven som ikkje skal fordi dei ikkje vil, og kven som ikkje skal fordi dei alt har fått ho, eller andre grunnar. Lappane kom frå administrasjonen, og eg sendte dei vidare ned dei 23 ryggsekkane som heng på stolane i klasserommet. Dagen etter kom halvparten av lappane attende. Dagen deretter kom halvparten av den resterande halvparten attende. Dagen deretter igjen kom det endå eit par. Og no, kvelden før helga og vaksinasjon på tirsdag i neste veke, då manglar eg berre ein. Eit tåleg greit resultat vil eg påstå.

Men i dag dukka det sjølvsagt opp andre lappar. Nye lappar. Lappar a’la custom, med påskrifter som;

– “Mitt born har fått vaksine i går ettermiddag”.
– “Mitt born skal ta vaksine saman med lillesystera i ettermiddag.”

Javel, tenkjer eg. Men kvifor kommuniserer de (foreldre) dette til meg? Eg sat i resepsjonen og trykka på ei datamaskin i min sumarjobb. Eg trur aldri eg såg ei nål. I mitt læraryrke er ei nål ein endå fjernare tanke. (Bortsett i frå dei tilfellene då ein elev har funne ei hestenål på veg til skulen, og tek ho med for å visa kompisane/forsvara seg. Stryk det som ikkje passar.)

Lappar er forøvrig skumle dyr. Dei har, som Frodo, ei eiga evne til å forsvinne. Trass i at mange ser ned på lærarars digitale kompetanse, så har eg faktisk ein e-post eg kan ta i mot meldingar på!

Uansett. Det er vel ikkje eg som skal ha beskjed om at bornet, trass i at lappen med at det skal ha vaksine er levert til skulen, likevel ikkje skal ha vaksine fordi det medan korrespondansen har gjenge har fått vaksina? Er det? Skal eg vidareformidle til leiaren min at nokre born likevel ikkje skal ha nåla fordi dei har fått påfyll medan dei venta?

Har ikkje helsevesenet lister over kven som har fått det gyldne serumet, og kven som ikkje har fått? Er dette eit typisk tilfelle der alle sider i samfunnet må trø til for å sikre den jamne manns liv og helse? For hvis det ikkje er det, så vil eg ha 50 kr for kvar vaksine eg prakkar på desse små. Såpass har legemiddelindustrien tent på dette hysteriet, og såpass tykkjer eg at eg fortener i reint administrasjonsgebyr.

Dei siste 30 åra har 25 millionar døyd av AIDS. Det er litt over 80.000 pr. år. 30 år har industrien hatt på seg til å lage ei vaksine for dette, men likevel ikkje klart det. På nokre månadar klarar dei å trylle fram eit serum som skal kverke grisepesten frå å breie seg.

Ynskjelister

Eg gjer det enkelt i år. I staden for at eg skal vri hovudet mitt i vinkel og attende oppmodar eg deg til å fylle ut skjemaet under om du vil ha gåve frå meg i år. På den måten kan ein effektivisera heile julestria. Eg kan på ein enkel måte finna ut kva du ynskjer/treng, og du kan få noko du faktisk har lyst på. Mykje kleiene høfligheitsfraser spart, og mindre stress i byttebuene på nyåret. Kort sagt ein vinn/vinn-situasjon for alle partar.

NB! Ynskje må sjølvsagt vera innanfor rimelegheitens grenser. Flasker med dråpar av morgondogg til gullfisken din, samla saman av berføtte jomfruer i indre Magnolia, utgår altså på samtlige ynskjelister.

Pepperkaketsunami

Natt til i dag har ein eller fleire hatt moro med å øydeleggje oppimot 2000 pepperkakehus som var laga av små håpefulle i og rundt Bergen by. (NRK | Bergensavisen | Dagbladet)

Eg har nett lese gjennom kommentarane til artikkelen på BA sine nettsider. Det er mange ulike kjensler ute å går. Nokre er forbanna, andre er berre oppgitt. Politiførstebetjent Carsten Raa legg lite i mellom;

Dette er tapere,som ikke er flinke verken i skole, idrett eller sosialt. De må nærmest være tilbakestående

Dette slår meg som ein naturleg reaksjon. Sinne er let å ty til, men ein må spørje seg om kva det hjelp i denne situasjonen?

June T. M har kommentert på BA, og der skriv ho at ho ikkje er frå Bergen by, men no vil bidra til å byggje opp att byen. Det trur eg er rett innstilling. Bergen veit jo eit og anna om restitusjon etter byøydelegging. Eg vonar at foreldre no vil mobilisera og skapa ein endå større pepperkakeby enn den som var opprinneleg. Det ligg også mykje god lærdom i dette for borna. Vaksne som gjer dumme ting skal ikkje få lov til å øydeleggja borns draumar og harde arbeid.

I dagar der Internett vert skulda for å vere årsaka til mykje mobbing (Raa sin kommentar ville vel strengt tatt verte merka som mobbing i skuleverket), har ein no ein gylden moglegheit til å nytte dette mediet til å få fram eit bodskap frå borna. Thomas Moen har nett gjennomført eit slikt prosjekt.

Mi oppmoding er difor todelt;

  1. Bygg opp att pepperkakebyen…større og betre!
  2. Spel inn ein Youtubevideo med barnet ditt der du spør det kva det tykkjer om at vaksne øydelegg pepperkakehus

Det er sjølvsagt nokon som veit kven som står bak dette ropet om merksemd, og Julenissen T. kjem med eit godt forslag i BA sitt kommentarfelt. Den/dei ansvarlege burde sei unnskyld til kvart eit born som har fått øyedelagt sitt pepperkakehus i Bergen.

Rett verkty

I dag tok eg tida på kor lenge det gjekk frå eg slo på datamaskina mi på arbeid, og til ho var klar til bruk. Klokka stoppa på 6 minutt. Så restarta datamaskina att av seg sjølv utan at eg heilt veit kvifor. Difor tok det 6 nye minutt.

Eg kom difor til å tenkje på ein ting. Dersom eg er snill så tek det meg seks minutt å starte opp mitt nest viktigaste arbeidsverkty kvar dag. Det vert 30 minutt i veka, eller 120 minutt på ein månad. På eit år kjem ein altså opp i 1200 minutt. Det er 20 timar. Og før du kjem med akkura den innvendinga. Joda…eg kan gjere noko anna desse minutta. Men det er ikkje poenget akkurat her og no.

Ut i frå ei timeløn på 100 ,- i timen, kjem altså prislappen på mine dyrebare minutt på morgonkvisten på 2000 ,-. Det er berre 700 ,- mindre enn ein liten smekker Asus Eee. Legg ein til dei ekstra minutta eg med ujamne mellomrom må vente ekstra på grunn av uventa omstartar, så tenkjer eg at desse kronene er dekka inn og.

Poenget mitt er at eg er hakket frå å bestilla meg ein berbar datamaskin, for deretter å sende rekninga til min arbeidsgjevar! Dette har fleire fordelar:

  • Mindre frustrasjon for arbeidstakar
  • Meir fleksibilitet i og med at ein slik berbar omtrent kan puttast i baklomma
  • Mindre farting att og fram til kontoret
  • Betre tilhøve for effektivt samarbeid med andre enn dei ein deler kontor med
  • ++

Skal, skal ikkje. Skal, skal ikkje….

Ps. Etter dei to forsøka på å få arbeidsverktyget mitt i gang, starta han på ny ei tredje gong. Men etter det var han rimeleg stabil resten av dagen.

Ovaburdsstatistikk

Frå tid til annan kan ein verte versjuk. Antan har ein for mykje stabilt ver med solskin og 30 grader i skyggen, eller kan hende er det stikk motsett. Bergen har jo eit rykte på seg i så måte, og høyrde rykte om at hausten 2001 inneheldt regn kvar dag, i tre månadar. Om det er sant skal eg ikkje meine noko om. Eg var heldigvis vekke.

Men ein kan jo ta ei samanlikning av nedbørsdata det siste året no. Ta ein kikk på grafane under:

OvaburdsdataSom ein ser hadde oktober månad i år og i fjor ein tåleg stor skilnad når det kjem til ovaburd. Det er, om ikkje anna, eit interessant poeng. Ein kan stoppe opp, sette fingeren på haka og sei “fiffig”. I tillegg til dette kan det og nemnast at det i juli månad 2009 var 247,5 mm ovaburd. Eg saksa bort akkurat det, men sjølv det er ei spesiell måling. Det regna altså mest 2,5 gong meir i juli enn i oktober i år. Det er vel dette gode gamle Leif Juster ville definert som “mot normalt“.