Monthly Archives: August 2009

Om kvar skoen trykkjer

Eg trur eg har ergra over bruken av IKT i skulen sidan eg slutta i grunnskulen. Det er 12 år sidan. Etter det har eg stort sett hatt meir peiling på korleis ting kan gjerast enn det lærarane har hatt.

No, eit dusin år seinare, er eg sjølv altså lærar og eg vert altså av media stempla som ein udugeleg brukar av IKT. Rett nok har ingen endå sagt det direkte til meg, men det er klart eg tek det til meg når slikt dukkar opp i overskriftene til stadigheit. Litt på same måten som at ærlege rumenarar vert eitrande forbanna over at dei fer skylda for å kriminalitetsbølgja som nokre få råtne blad stod for i sumar. Det er ikkje kjekt.

Men eg gjer så godt eg kan. Eg gjer det eg maktar for å utdanna mine kollegaer, og eg gjer det eg kan for å utdanna elevane. For å gje dei alle eit lite drypp av auka digital kompetanse. Og reint bortsett frå at nokre heilt sikkert helst hadde sett at eg hadde fiksa problemet for dei og forsvunne  slik at dei kunne gjera ferdig vekeplanen, så våger eg å tru at dei på eit eller anna tidspunkt vil sjå attende og vera takksame for hjelpa. Noko dei sjølvsagt er der og då, men eg er ikkje alltid overtydd om det er ekte takksemd, eller berre god danning…altså høfligheit.

ITU kunne i 2007 melde om at 3 av 4 lærarar sjeldan nytta IKT i undervisninga. ITU er ein “nasjonal FoU-enhet innen feltet IKT og utdanning“, så dei burde veta det. 19. august i år legg så NRK skylda på lærarane. Det er lærarane si skuld at den digitale kompetansa som skuleelevane skal læra seg er på slikt eit skralt nivå…

TULLPRAT, seier eg!

Det som hindrar utviklinga av bruken av IKT i skuleverket er ikkje lærarane. Fleire lærarar enn ein skulle tru har eit ynskje om å nytta IKT i undervisninga, men det stoppar i mange tilfelle med at dei vert møtt av ei kommunalt IKT-byråkrati/hierarki som har linjer som eit spindelvev på Runde etter at siste hauststormen nett har fore oppover vestlandskysten.

Eg har endå til gode å treffa på ei sentral IKT-avdeling som tek i mot tips frå lærarstanden, og hiv seg rundt for å prøva noko nytt. Ikkje ein gong på høgskulenivå under mi fireårige utdanning var det tilfelle.

I Sirdal talte eg, og andre, sjefane midt i mot då dei ville kjøpa inn “mediumterminalar” til heile ungdomsskulesteget i kommunen. Etter å ha vedteke innkjøp av stasjonære maskinar i kommunestyret, gjekk likevel IKT-sjefen, i strid med sitt eige tidlegare gjevne råd, inn for å handla inn berbare datamaskinar.

I Sandnes krangla eg etter mitt syn for lenge for å få fram poenget om at det var for mykje sikkerheit for å kome på nett med dei berbare datamaskinane dei hadde der. Ei pålogging kunne ta opp mot 20 minutt….om du var så heldig å koma inn i det heile. Etter mykje mas, og etter å ha gjort meg tåleg upopulær hjå IKT-folka på rådhuset, fekk eg innvilga ei vitjing frå dei høge herrar til min ringe skule. Og etter ein del fram og attende, så vart det til slutt prøvd ut eit nytt system for dei trådlause maskinane.

Siste skot på stamma er at eg såg meg nøydt til å overføra nokre bilete frå mi private datamaskin etter at eg nytta mitt eige kamera for å ta nokre bilete i arbeidssamanheng. Letaste måten å gjera dette på, er å lasta opp bileta til Google-kontoen via Picasa. Problemet er berre at eg ikkje;

a) Har lov til å installera Picasa på jobbmaskina
b) Har tilgang til Picasaweb
c) Har lov å lagra store biletarkiv på skulemaskina

Nettopp. Så kva vert eg rådd til å gjera? Det er mest så ein må ta seg saman for ikkje å krampele, men faktum er at eg i 2009 vert beden om å ta med meg bileta til skulen via minnepinne, cd eller diskett. Ja du les rett. Eg vert frå sentralt hald i kommuna beden om å frakta med meg bileta til arbeid i eit format som ikkje har hatt livets rett sidan 90-talet.

Eg tek meg sjølv i å undra over kva slags form for digital kompetanse dei sit med. Ikkje ein gong ein lærar i den norske barneskulen ville ha kome på ideen om å nytta diskett til å kopiera bilete frå ei maskin til ei anna! Den påstanden vågar eg.

Kvifor skal eg vera så vanskeleg, i staden for berre å kopiera bileta på ein minnepinne eller ei cd-plate då? Vel. Argumenta er mange. Her er nokre av dei;

Minnepinne

  1. Forsvinn
  2. Knekk lett om ein er litt snar i svingen
  3. Pinnen min vert nytta til andre ting enn filhandsaming

CD-plate

  1. Er i ferd med å fylgje etter diskettane
  2. Er ikkje noko eg tilfeldigvis har liggjande rundt
  3. Knekk lett
  4. Forsvinn

I tillegg til dette, så kjem sjølvsagt det obligatoriske med at, om ein samanliknar med til dømes kommunikasjon, det er like fornuftig å frakta bilete på portable lagringsmedium som det er å skriva ein SMS og senda telefonen i posten til mottakaren!

Så stikk i strid med det NRK meiner, seier eg at det ikkje er lærar som er flaskehalsen, men derimot byråkratiet i kommunenoreg. Ein kan ikkje halda på med ei godkjenningstid på 2 år for programvare som skal vera tillate i nettverket når det innan den tid det vert godkjent har kome to nye oppdateringar som vil krevje nye godkjenningstiltak. Mitt råd er; opne opp! Slepp til alt. Nokre dokument vil kanskje forsvinne ut i det store internettholet, men slikt lærer ein av. Det heiter på fint digital kompetanse. Å unngå å få virus på maskine som ikkje har antivirussprogramvare installert…det er og digital kompetanse. Du treng nemleg ikkje fleire vevhotell frå John i Kina, så la ver å trykk på nettopp den e-posten.

Naturvernarar

Det er jo med ein viss fryd eg les om at Naturvernforbundet har vunne i retten mot godseigar Løvenskiold i dag. Men strengt tatt er ikkje det som er det mest oppsiktsvekkande med sjølve saka.

Ser ein på det tilhøyrande biletet til artikkelen, vil ein kanskje heva augnebrynet ein tanke om ein også har vore innom Sirdølen si nettutgåve i det siste. Ta ein nærare kikke på bileta under, så kan du sjølv fundere på kva Gunnar (for ordens skuld, på biletet til høgre) eigentleg har drive med i Nordmarka… Her luktar det skap-naturvernar lang veg!

Elevdialog i praksis

I ein hektisk skuledag skal ein ha tid til mykje. Deriblandt er det viktig å samtala med elevane om korleis dei har det på skulen samt at ein skal gje tilbakemelding på korleis elevn gjer det reint fagleg.

I nokre tilfelle rekk ein ikkje alt, og då kan kanskje denne lærar-elev-dialogen skje i andre former. Skriftelege former i dette høvet.

Eg høyrde med eit ein voldsom latter frå andre etasje her på Sinnes. Mor mi var oppe og romsterte rundt, og ein kunne tru det hadde tippa over for henne i og med at det ikkje var nokon andre der oppe. Litt etter kjem ho ned med ein gamal prøve av eine bror min. Matematikk er faget, men dialogen som har utvikla seg i svaret han har gjeve, kunne minne meir om språkfag.

Her har Glenn Audun gjort sitt beste for å svara på oppgåva.Læraren har så gjort si oppgåve og retta.Dernest har min standhaftige broder teke korrekturen til seg i heller liten grad.Viljen til å læra ligg jo her tjukt utanpå! :)

Attende i kvardagen

Alt godt må jo ta slutt. Slik er det også med sumarferiar, og no er altså min 28 sumar slutt.

Kvardagen tok til på mondag, men med ny skule, ny kommune, nye elevar, nye kollegar…ja då vert det litt føling i starten.

Men det er godt å ha ei veke bak seg. Då har ein kjent litt på korleis kvardagen kjem til å bli. Som eit personleg mål, må eg sei meg godt nøgd med å kun ha gløymd bort ein time. Ellers har eg vore punktlig til kvar arbeidsdag og kvart ei tilsynsvakt. Eg unnskyldar den eine timen med at det var ein vikartime. 😉

Ellers har eg fått tildelt hovudansvar for musikk og kroppsøving på 3. trinn. Eg har meir enn ein gong angra på at eg gav etter for lysta til å høyra på dyktige musikarar i eit heilt år, og tok mine 30 studiepoeng med musikk i Volda, men etter å ha kome heilskinna gjennom dei to fyrste timane, trur eg at det skal kunne verte fint å ha i ei 3. klasse.

Kroppsøvinga er eg derimot skeptisk til. Med mine 28 år kjenner ein jo på kroppen at ting er i ferd med å leggja inn årene, men eg vil anta at så lenge eg held munnen lukka, og ikkje utfordrar dei små i ein augneblink av sjeldan arroganse, så skal det og gå fint. Eg er i alle fall godt nøgd med at halvårsplanen er i boks, og det til alt overmål i løpet av eit par små timar i litt frisk fjelluft. Men er han perfekt? Neppe! Og det er her du kjem inn.

EGREPg har lagd ut planen på verdsveven slik at han kan delast, gjerast betre, og etterkvart kanskje også vere til inspirasjon og arbeidsavhjelping for andre som er i same situasjon som meg. Ta difor ein kikk på han med å fylgje denne lenkja, les gjennom han og ta bort/legg til om du har tips eller forslag å kome med. Grunngjev gjerne forslaga dine i kommentarfeltet her på bloggen.

Og med det skulle kveldens bloggpost vere til endes. Hovudet kvernar stort sett om skulestart, namneinnlæring og overraskande foreståande vikartimar om dagen. Dette har i sin tur ført med seg ein kraftig tørkeperiode i bloggosfæren. Men slik er det jo. Ting går opp og ned. Eg skal halde utkikke etter gamle bøker for ein eventuell ny serie av same typen som eg hadde gåande her tidlegare.

Perspektiv

I Noreg kan ein rett som det er høyra folk støna over utkantsstroka. Desse sære folka som plent ikkje skal verte urbane, men i staden tviheld på ein slags rett dei har til å bu langt uti huttiheita. Politikarar kallar dette distriktspolitikk. Folk på Frogner i Oslo kallar det galskap, eller i beste fall eksotisk.

Oddgeir Bruaset har gjort det å bu nord for Sinsenkrysset til underhaldning med sitt Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. God underhaldning. Han pirrar urmennesket i sjåarane med sine vitjingar til Sauøy, Femundshytta, Indre Fure eller andre bortimot fråflytta stader.

Det kostar å bu i utkantane. Ikkje berre mentalt og sosialt, men også økonomisk.

Den gamle snegleposten, altså den som du må henta fysisk i postkassa di, er kanskje på veg inn i pensjonisttilværet. Kostnadsspørsmålet er det som tel i dag. Difor er det sjølvsagt heilt feil at ein som bur i Akershus skal betala like mykje for å få eit brev tilsendt, som det ein person med bustad på Fræna skal gjera. Det er i alle fall det Posten Noreg og EU meiner. Om ein skal ta Posten på alvor når dei presterer å nytta 300 millionar (og det berre i 2008) på å skifte utsjånad, er kanskje eit relevant spørsmål?

Dirranbandi - 100 km frå nærmaste bensinstasjon.

Dirranbandi - 100 km frå nærmaste bensinstasjon.

Noreg er eit langt land, og med ein natur og geografi stikk i strid med alle EU-regulativ er det vel ikkje heilt tilfeldig at Finnmark stikk av med fyrsteprisen på bensinprisbarometeret. Kanskje er det dette Jens har lyst til å gjera noko med når han ikkje seier korkje ja eller nei på spørsmålet om han vil tillate oljeboring i Lofoten? For som kjent: den som tier, samtykker. Kanskje har Jensemann tenkt som så at no er det på tide at desse hardbarka karane oppe i nord også skal få tilgang til litt billig drivstoff, og difor etterkvart kjem til å settje i gang oljeboring? Kanskje, men neppe.

Men ein kan i alle fall trøste seg med at nokon alltids har det verre. I Australia brann nyleg den lokale bensinstasjonen i den 400 mann store byen Dirranbandi opp. Så for å få fyllt opp tanken er det no ikkje anna å gjere enn å settje seg i pickupen og vende nasa mot St. George, rundt 100 km lenger nord. Men her ligg det gode moglegheiter for matematikkrekning for dei små håpefulle, så det er kanskje ikkje så galt at det ikkje var godt for noko likevel?

Strings attached

Eitt er sikkert; musikk er best på konsert! Er konserten i tillegg på ein litt spesiell stad, noko som gjev sjølve opplevinga det vesle ekstra, då er det berre å gje seg ende over i totalt, ukontrollert lykke. Sjølv har eg opplevd ein slik spesiell konsert. Kyrkjekonsert under VEKA i Volda med Minor Majority.

Under har eg samla saman eit knippe dokumentasjonar på det eg lett kan sjå føre meg har vore særs gode konsertar. Stikkordet for dei alle er strykarar. At det er Rybak-faktoren som gjer at eg tykkjer strykarar gjer seg godt på skikkeleg, skikkeleg gode konsertar, det er eg sikker på at det ikkje er! Men uansett…litt strykarar gjev den vesle ekstra piffen.

…og sist, men ikkje MINST:

Slåttestatistikk

Sumaren 2009 vart altså ein temmeleg fuktig affære. 247 mm regn er berre slått av oktober månad. Sist eg sjekka var det ein viss årstidsskilnad på juli og oktober?

Korte fakta:

  • Høyballar: 304
  • Hesjer: 9
  • Flatmarkstørka: mnjaa..ein del
  • Kasserte høylass: 6 (2 oppbrunne)