Monthly Archives: May 2009

Ein mogleg definisjon av ordet “visdomsjeksel”?

Eg har ikkje vore hjå tannlegen sidan førre årtusen.

Den setninga der høyrest nok litt verre ut enn det eigentleg er, men likevel er det gale nok. Det er snakk om ein tiårsperiode sidan sist eg senka meg sjelvande ned på tannlegestolen. Mykje er med det same. Lydane, luktane, syna….det einaste som er endra er strengt tatt kjenslene.

Men som sagt, så er det altså ei stund sidan sist eg var innom ein medicus dentarius for ein sjekk. Hovudgrunnen er vel eigentleg det at eg ikkje har hatt særs vondt i dei, men eg fekk ein gong eit kompliment for den “flott” tanngarden min…av ei gammal dame i Nepal. Det siste der burde kanskje fortalt meg eit og anna.

Sist veke var det likevel på tide med eit raid. Det vart ikkje berre ein svipptur innom. Heile tre vitjingar måtte avleggjast før Lalita var nøgd. Japp…tannlækjaren heitte Lalita. La-la-la-laliita. Namnet rullar lett på tunga, og dei tidlegare fryktinngytande instrumenta på bordet over bringa di dansa like lett rundt i kjeften. Dalsmo sine arr i tannlegeminnet mitt var i ferd med å forsvinna som morgondogg i graset ein tidleg sommarmorgon.

Ein time med åpen kjeft tek på...Men luktane er dei same, lydane like så. Det einaste som er endra, er kjenslene. Status etter Tannlækjarveka ’09 vart slik:

  • Måndag; 1 stk visdomsjeksel (1830,-)
  • Onsdag; 1 stk visdomsjeksel (1830,-)
  • Fredag; 4 stk hólreperasjonar (4280,-)

Snaue 8000 kroner med andre ord. Men ein kan mest seia at det var verdt det, for heile seansen kjendest mest ikkje. Sprøyta, som eg skal innrøma at eg hadde frykta før eg steig inn i Karius og Baktur-helvetet, baud på mindre smerter enn det gjorde å skjera seg på peikefingaren med ostehøvelen tidlegare i veka. Slik sett var det vel meir smertefullt å få levert kvitteringa på gildet. Men det er her det er viktig å halda korrekt perspektiv på saker og ting.

Med tanke på at det er såpass lenge sidan sist eg var innom tanngardsreperatøren må ein jo gjera visse justeringar i reknestykket. Summen kan i det minste dividerast på 10, om ikkje endå meir. Ein endar då opp med ein tålig edrueleg årleg sum på 794 kroner, noko som slett ikkje kan seiast å vera så hakkande gale.

Men etterpåklokskap er jo som kjend den beste klokskapa, og kan hende er det også nettopp difor ein har fått plassert det velklingjande namnet “visdomstenner” på dei bakerste jekslene?