Monthly Archives: April 2009

Funderingar i høgda

Nokre tusen fot oppe i lufta, på veg til Dokfilm ’09, vart eg sittjande å glo ut på skyene og fundera på ei sak. Eg har ein tendens til slikt. Vurderer mest eit høgdeopphald for å sjå om hjerna fungerer best i høgda, eller om det berre er feberfabuleringar som dukkar opp på grunn av at ei 40 cm tjukk vengje skiljer deg frå den visse død i eit fleire tusen meter fritt fall mot marka.

På veg til VoldaI alle fall. Her er noko som nokon kanskje kan svara meg på;

Me går varmare tider i møte. Meir og meir is smeltar og renn ut i verdshava. Auka varme og meir vatn skulle ein tru også ville medføre meir fordamping. Fordamping i hav endar som kjent opp som skyer. Skyer skygger for sola. Kan ein då risikera at skyene på eit visst tidspunkt dekkjer så mykje for sola at ho ikkje slepp inn sine varmande solstråler til jorda slik at ein på ny går mot ei istid? Kor mykje skyer kan ein eigentleg ha der oppe?

Slike finurlege ting dukkar altså opp i ei ståltube 24000 fot over bakken på veg til Volda. Er det eigentleg normalt?

Attende til kvardagen

Etter nokre etterlengta feriedagar er det for mange attende til det normale att frå i morgon av. Kanskje like greit, for i år fekk eg aldri heilt den store påskestemninga likevel.

Trøysta er vel som alltid at neste ferie ikkje er så alt for langt unna…eigentleg. Det kan berre synast slik.

Men nye utfordringar ventar, og det vert spanande å ta fatt på dei. Uprøvde saker og ting skal prøvast, og så får ein sjå korleis ein kjem ut av det til slutt.

For å seie som Charlie Crews;

It’s not where they were, it’s not what they were. What if it’s what they were about to be? They were about to be happy!

Når seriøse nyhende vert artige

I dag tikka det inn to nyhende i RSS-lesaren min som fekk meg til å dra litt på smilebandet;

Motstridande nyhende

Når det er sagt, så er sjølvsagt sakene i seg sjølv ganske alvorlege. At Himalaya opplever dramatiske skiftingar i årevisse naturhendingar som dei har basert liva sine på gjev sjølvsagt dramatiske utfordringar. At det industrialiserte og til samanlikning godt førebudde Noreg slit med flom vert med eit ikkje så alvorleg…i alle fall ikkje i det store perspektivet.

Digitale lærarar som innovatørar?

Øystein Johannessen talar med store ord om integrering av IKT i styringsdokument og læreplanar som gjeld for skulen på ein skulekonferanse i Sverige. Det høyrest flott ut, og eg applauderer det alt eg kan! Men det er ekstremt langt i frå plan til praksis. Seinast i dag fekk eg (nok ein gong) erfara det.

Tidlegare har eg nemnd at eg har fått litt andre arbeidsoppgåver i skulekvardagen min, og no ser det ut som om eg kanskje er i ferd med å få eit oversyn av tilhøva.

Som einaste skule i Sandnes kommune, er arbeidsplassen min den einaste som har nettilgang via det trådlause nettet som hovudregel. Datarom finst ikkje på skulen. Kvardagen, det vil altså seie annankvar onsdag, med datatimar vert i stor grad nytta til å prøve å logge seg på nettet. Det går fort ein 15-20 minutt til nettopp slikt. Og det er berre med ei maskin.

Nå kan ein seie mykje om at kabla nettverk er betre enn trådlaust. Og ja…det er nok det. Men det betyr ikkje at trådlaust skal vere så til dei grader umogleg å ha med å gjera som det eg opplever. Men eg er ein tålmodig kar, og har bestemt meg for å gjere nett slik eg vert fortalt frå av dei høge herrar og fruer på kommunehuset.

Med 25 berbare datamaskinar som skal logga seg på nettverket samstundes, har det vore eit styr utan like å få gjort noko fornufteg i timane. I dag gjorde med det litt annleis. Medan størsteparten av elevane arbeidde med “vanleg” skule, tok eg ut ei gruppe på fem elevar slik at dei skulle kunne gjere produktivt digitalt.

Men kor lenge var Adam i Paradis? Av dei fem maskinane eg fann fram, var det to som fungerte. Det var rett og slett på “prøv-til-du-finn-ein-som-er-i-orden”-kjøret nok ein gong! Slik skal det ikkje vere. Det har også svenskane funne ut, og har snudd opp ned på heile hierearkiet.

Slik ting er no til dags, er det også heilt utenkjeleg for skular å ta i mot gamalt IKT-utstyr frå til dømes helseinstitusjonar slik som det vert gjort i Akershus. Ein ynskjer ein maskinpark som er så homogen som berre det. Helst skal alt ha eit flott HP-merke på seg.

Johannessen snakkar om innovatørar i skuleverket, men når arbeidstilhøva vert slik at det vert ein kamp å ta i bruk IKT i den daglege undervisninga, ja då trur eg sjølv den mest inspirerte innovatør vil sjå mørkt på det etter ei tid. Det kan nok vere nettopp slike frustrasjonar som gjer at fleire og fleire unge lærarar vel seg andre jaktmarker.