Monthly Archives: March 2009

Tryggleik eller nytte?

I den seinare tid har eg fått gleda av å kjenne kvardagen som IKT-ansvarleg i det norske skuleverket på kroppen. Det har vore ein augeopnar for å sei det mildt. Spenn setebeltet fast, og gjer deg klar for ei vill ferd i oppsummeringloopen…

No er det sjølvsagt ikkje slik at det er likt over alt, men dette er mine erfaringar i ei komprimert form. Min arbeidsgjevar har som mange andre kommunar i Noregs land ei sentral løysing når det gjeld IKT, og dette er i teorien ein god idé…hadde han berre fungert i praksis.

Fyrst ein liten analogi. Telefonar kjem i mange ulike farger, utformingar og størrelsar. Men dei av oss som hugsar då Brå brakk staven, kan også hugse ein god gammal travar av ein telefon, telefoniens svar på Massey Fergusson’s Gråtass: Elektrisk Bureau sin ’67-modell!

Dei såg heilt like ut. Det var ikkje noko tvil om at den gråe dingsen var ein telefon. Det var noko alle visste. Alle så kliss like ut. Etterkvart kom det nye modellar, og det som var hot couture ei stund på slutten av 80/begynnelsen av 90-talet var: telefon med trykkeknappar. Ein kunne slå eit nummer på berre nokre sekund. Ikkje mer venting på at talskiva skal vende attende til utgangspunktet.

Vi er no runda 2000-talet, og kan igjen sjå det same. Mobiltelefonane endrar seg bortimot frå dag til dag. På slutten av 90-talet var det ikke tvil om når ein person gjekk med ein “diger” plastdings i handa og prata med seg sjølv, ja så var det ein mobiltelefon. No til dags kan det rett som det er hende at du ser ein person som stressar att og fram i gata og snakkar med seg sjølv. Ved første augneblinken kan det sjå ut som ein lettare sinsforvirra person, men så snur han seg rundt, og du fer auge på det vesle bluetooth-hovudsettet han har på det motsette øyret.

Sjølve trykkjemåten er og i ferd med å endre seg til det ugjenkjennelege. Frå å ha ein velkjend utsjånad med 12 tastar, kan ein no fritt lage sin eigen utsjånad på telefonane. Dashboard vert det kalla på godt norsk. Direkte omsett vert det instrumentbord. Ein går altså rundt med noko i lomma som høyrest ut som noko ein finn på eit sjukehus, og treng årevis med utdanning for å handtera. Og ingen av desse instrumentborda er like!

Her kjem vi til sakas kjerne. Mantraet til alle IKT-gudar rundt omkring i stat/kommune/private verksemder har i lang tid vore at ein må ha lik utsjånad så folk kan kjenne seg att. Ein grunngjev altså det med at ein må ha likt utsjåande instumentbord med brukarane sine “krav” til gjenkjenning. Eg meiner at dette er ei heilt feil framstilling av realitetane. Kor mange handtverkarar går rundt med identiske verktykassar? Er det nokon som på alvor meiner at alle Stortingsrepresentantar har skrivepulten sin akkurat likt med tanke på plassering av telefon, blyant, kaffekopp og partiflagg? No har ikkje eg vore i ein fiskebåt i heile mitt liv, men eg vågar like fullt den påstanden at det ikkje finst ein einaste yrkesfiskebåt der ein har nett dei same løysningane!

Likevel klarar ein å gjere det arbeidet ein skal om ein må bytte verktykasse/skrivepult eller sjark!

Psykedelisk draum...?Difor er eg soleklar på det at når eit verktykassa (Les: datamaskina) du skal nytte til å finne informasjon i skuledagen din, vert låst så til dei grader fast at ein ikkje kan flytte verktya rundt eller langt mindre leggje til nye verkty, ja då kan ein like gjerne nytte verktykassa (Les: fortsatt datamaskina ja…) som støtte på golvet til den alt for lealause skrivepulten.

I skuleverket er mantraet gjerne det at folk er ulike! Det har ikkje IKT-seksjonane rundt omkring i dei best bortgøymde kontora i Noregs land fått med seg endå. Eg har hatt elevar som kun kan lese på ein spesiell type gult papir. Eg veit om elevar som er svaksynte. Me har alle ulike krav til eit verkty! Like fullt er det ein vert servert den evinnelege  blå/grøne skjermen utan at ein kan gjere noko frå eller til med han. Kunnskapsløftet har krav om digital kompetanse i alle fag. Diverre ser det ikkje ut til at ein grunnleggjande digital kompetanse på tilsyn med verktyet, kanskje betre kjend som vedlikehald, er noko ein vil sløse bort tid på å spreie i samfunnet. Forstå det den som kan…

Her tener Dagbladet pengar på Fritzl

Dagbladet gjer det altså igjen. Nok ei billeg, lite sjølvkritisk overskrift tonar i mot meg, og det er ikkje ein gong gått ei veke sidan sist. Herrane Lofstad og Norum Monsen ser ut til å ha fått fritt spelerom med tanke på overskrifter. Denne gongen har dei teke tak i eit aspekt av Fritzl-saka i Austerrike.Christine R.

Biletet til høgre viser ei faksimile frå Dagbladet si framside på nett i dag 16.03.2009. Med krigsoverskrifter vert det tydeleg sett med kritiske blikk på det at ein slektning kjører ei kynisk linje og tener seg nokre ekstra pengar på sin svogers forferdelege handlingar.

Eg spør meg sjølv; kven er Dagbladet som kritiserer ein privatperson for å krevje pengar av media for å uttale seg? Kan det vere at Dagbladet ikkje har fått tilgang til rettssalen der saka går, og difor må gripa etter dei halmstråa dei kan finna for at nettopp Dagbladet kan skvisa nokre kroner til på avissal på denne grufulle saka?

I sjølve artikkelen er i alle fall overskrifta flytta ned til ingressplass, og slik eg ser det er jo heile poenget med overskrifta på framsida nettopp å gjere den artikkelen meir interessant enn det han er. For strengt tatt så kunne vel mellom anna Dagbladet ha vorte anklaga for nett det same!

Spekulativt og billeg

Dagbladet slår i dag opp “grunnen” til den triste hendinga på Albertville Realschule i Tyskland i går med følgjande overskrift;

– Tim satt mye hjemme og spilte Counter-Strike

Er det berre eg som tenkjer at Dagbladet her har teke tak i eit tilfeldig utsagn og bles dette opp med krigsoverskrifter for å selje avisar? Er det verkeleg slik at vi fortsatt er på eit 80-talsnivå når det kjem til å forklarar voldelege handlingar? Då eg vaks opp, vart ein voldsmann av å sjå voldelege filmar. At me ikkje hadde anna enn NRK på skjermen heime og mangla VHS-spelar, har nok gjort sitt til at eg ikkje har vorte ein kaldblodig drapsmaskin. Slik sett skulle nok norske styresmakter hatt pris for å ha forhindra mang ein skulemasaker!

Når eg tenkjer meg om spelte eg rett nok på eit tidspunkt ein del Duke Nukem 3D, så kanskje eg ikkje skal anta noko for tidleg…?

Nei for å vera litt seriøs og. At Dagbladet nok er særs medvitne i sitt val av overskrift her i denne artikkelen og på den måten spekulerer i å utnytte den tragiske hendinga for å selje avisar, trur eg ikkje er tilfeldig. Overskrifter som “– Tim likte å dra vengjer av floger” eller “– Tim ødela alltid maurtuer han kom over” ville ha vore like aktuelle…ja kanskje til og med meir sidan det her er snakk om øydelegging/tortur av levande skapningar i motsettnad til kva ein kan få til i eit dataspel som Counter-Strike!

Nei, Dagbladet…her må de nok stikke fingeren i jorda og kome dykk vidare frå tabloidoverskrifter som høyrer førre årtusen til. Nytt nokre minutt, og tenk på kva de presenterer, og ikkje minst korleis! Tenk berre på dette: “– Tim leste alltid Dagbladet. Etterforskningen har vist at den 17 år gamle gjerningsmannen hadde flere hyllemeter med utklippsbøker med artikler fra ulike skolemassakrer rundt om i verden.”

Automobil

Eg kan merke at mykje av bloggeviljen gjekk i do saman med min kjære iPhone. I dag kom likevel litt av gnista attende, då eg kunne lese om ein ny type mobil. Ein automobil!

Eit svensk selskap, Vehiconomics, tek opp arva etter Volvo og Saab. Dei har ikkje trua på digre bilar i bybilete og lanserer i morgen ein ny (gamal) versjon av eit mobilt transportmiddel.

Vidunderet ser slik ut. Har tre hjul, går på straum, ethanol eller tilsvarande. Maks hastigheit er frå 40 til 90 km/t, noko som skulle passa den jamne køpendlar godt.

Til ein pris av 39.000 NOK, vel og merke før Staten har lagt til sine avgifter, er dette slettes ikkje ei dårleg investering for nokon trur eg.

Umoderande med analog telefon?

Spørsmålet som kverner rundt i hovudet mitt no, er følgjande;

Burde eg gå til innkjøp av ei god gammaldags analog telefonlinje?

Grunnen til det er at eg for andre gong på 2 månadar har klar å drukna iPhonen min. Denne gongen var det litt meir enn litt fukt slik det var sist. Heile sulamitten gjekk rett til botnen av doskåla, og det var vel meir flaks enn uflaks at han ikkje forsvann ned i røyrsystemet under Sandnes City!

I alle fall…eg forta meg i sakte film å fiska han opp att. Panikken greip meg litt, så eg vart ståande og glo litt apatisk på heile greia, men fekk etterkvart samla tankane og drege han på land. No er min kjære til tørk på baderomsgolvet, og sjølv om eg vanlegvis er sterkt i trua har eg vel  mine tvil for augneblinken.