Monthly Archives: July 2008

Avstemmingsresultat

Det vart i alt 12 hesjer i Leidli i 2008. Det er ganske godt. Lite hesjer vil jo seie det same som mykje godt vér, og slikt likar både eg og Hennig Olsen! I tillegg vert det meir flattørking med breiing, snuing og rekkjing. Hurra for det.

Så til alle dei som tippa over 10 men under 15; Gratulerer! Akkurat avstemmingane kvalifiserer nok ikkje til premiar, men følg med, følg med…før du anar det kan det vera ein ny gissekonkurranse på trappene, og då gjeld det å ikkje liggje på svaberga!

Mamma og Janne Britt i aksjon...i Leidli.

Det er aldri for seint…

Då eg for eit par år sidan skreiv min avsluttande eksamen i pedagogikk var temaet tilpassa opplæring. Hovudet var på den tida breiddfullt av pedagogiske teoriar av m.a Vygotskty, Bruner og ein heil flokk med andre glupe tenkjarar. Nokre år etterpå må eg vel innrøma at eg kanskje ikke er heilt på tå hev på dette området lenger. Ein burde kanskje lest seg opp att litt med tanke på den føreståande starten på arbeidslivet?

I alle fall. I går var eg ein tur oppe hjå mi tante og fekk ho på nett att etter at dette hadde funne det for godt å streika. I same slengen installerte eg Skype til ho, slik som eg har for vane å gjera når eg er rundt og knotar med datating.

I dag fann eg fram nokre øyretelefonar her og gav desse til mi Mormor. Deretter “ringde” eg opp til mi tante og slo etterkvar på kamera i begge endar. Sjeldan har ein vel sett ei 88 år gamal dame meir interessert i ei datamaskin enn akkurat då, sjølv om dottera berre var 2 kilometer unna.


Og moralen? Det meste er mogleg om ein berre legg tilhøve til rette!

Kan du gissa kvar eg har vore?

Eg tenkte at det kunne gjera seg med ein liten konkurranse i sumarvarmen. Eg vil leggja ut bilete frå stadar eg har vore på tur her heime i ferien, og det blir då opp til dalstroka-innafor.net’s lesarar å finna fram til rett stad. Reglane er:

  • Den fyrste som skriv rett stad i kommentarfeltet vinn
  • Den aktuelle konkurransen er då også avslutta
  • Vinnaren vil som takk for god innsats motta premie
  • Tillatne hjelpemiddel er;
  1. Google Maps
  2. Statens Kartverks “Norgesglasset”
  3. Norge i bilder
  4. Analoge kart ein måtte ha for handa
  • Nær familie har ikkje lov å delta av naturlege årsaker
  • Desse har heller ikkje lov å tre inn i rolla som “ring en venn”

Giss #1









Sauefort

Det er ikkje berre frå den internasjonale arenaen at kampen mot sauedrift i Noreg vert utkjempa. Også i dalstroka innafor er det nokre som driv ein innbitt kamp mot desse ullkledde firbeinte. Men fyrst, ei lita historisk innføring.

I alle år har sauar frå alle Sinnes’ gardsbruk hatt sumarbeite på same staden. Etterkvart har fleire og fleire gardsbruk bytta ut gardsdrifta med andre syslar, antan dette nå er hyttebygging, menneskeleg utvikling eller turisme. Resultatet av dette er jo sjølvsagt at kyr og sauer som måtte bidra til ei meir levande bygd vert sendt til næraste slakteri. Det medfører også at utmark og innmark gror til. Og det medfører at det som tidlegare var bønder med tilhøyrande gjerdeplikt, no ser på denne plikta som bortfallen. Resultatet då vert at gjerdene ikkje vert sett opp der dei har vore før, og sauer finn det då for godt å ta turen heim frå sumarferie og ned til sentrum av Sinnes der det jo som kjent skjer!

Når så desse firbeinte kjem traskande heim, så er ein som tidlegare bonde ikkje lenger førebudd på dette, og gjerda er altså ikkje til stades. Ein fer då sauene inn i hagen, opp på trappa og alle stader der ein sjølvsagt ikkje ynskjer dei.

Eg kan ikkje seie anna enn at eg tykkjer synd på min stakkars nabo som har sett seg så blind på at han plent ikkje skal gjerde der han har gjerdeplikt (2-300 meter). I staden erigerer han digre byggverk rundt heimen for å halda sauene ute, set straumgjerde MINST like langt som han i utgangspunktet hadde trengt å gjerde og flyg elles rundt til alle døgnets tider for å jaga dei unna. Men noko må ein vel ha å gjera når ein kun driv med turistar. Desse er det jo ikkje akkurat flust av i Sirdal om sumaren!

Og for å “toppa heile driden”, så hjelper jo diverre ikkje “fortet” i det heile. Ein kan lure på kor mange sumrar han har lyst å springa etter dei. Kanskje kan det selgjast som ein billeg treningsform for turistane som er buande i campingvognene(hyttene)?

PS. På bileta er det altså meininga at sauane skal gå på andre sida av barrikadar og straumgjerdet.

Mi dysfunksjonelle slekt

Eg har dysfunksjonell slekt! Eg har og ein bil. Ei stasjonsvogn. Denne har ei matte på golvet framme med clutch, gas og bremsepedalane. Ho er meint å samle opp rusk frå skoa, og det gjer ho jo og forsåvidt.

Problemet er berre det at kvar gong eg låner bort bilen til mi mor, tante, syster eller liknande, så får eg bilen levert attende med denne matta godt samanrulla og trykt så godt fram mot radiatoren som ein fysisk kan få det til frå inne i kjørekupeen. Det er hakket før eg installerer videokamera i bilen for å sjå kva som eigentleg hender når andre enn eg er rundt å kjøyrer. For eg veit det ikkje heilt sikkert, men eg trur kanskje det at bilen min vert feiltolka som ein bil henta direkte ut av Flintstones….altså ein der du plantar beina gjennom golvet og gjev gass med apostlane. Eg kan ikkje fatta å forstå kva andre grunnar ein skulle ha til å krølle saman den golvmatta så til dei grader….kvar einaste gong?!

Ananas HaPå – oppfylging

Som respons på e-posten eg sendte til Nestle Norge i går og spurde om Ananas HaPÅ fekk eg dette svaret;

Takk for mail og interesse for HaPå.

Når det gjelder beslutningen om nedleggelse av Hamarfabrikken som nylig er fattet, er det riktig at noe av vårt sortiment skal flyttes til Finland. Dette gjelder imidlertidig kun barnemat. Vi jobber enda med alternative løsninger for HaPå-produksjon i Norge. Det er derfor for tidlig å si noe om utfallet i denne saken. Men vi håper selvfølgelig å kunne bevare dette produktet i vårt sortiment.

Når det gjelder Ananas HaPå, ble dette produktet tatt ut av vårt sortiment da det solgte for dårlig, slik at butikkene ikke lenger ønsket det i hyllene sine. Jeg viderefører likevel din henvendelse til ansvarlig på HaPå i Norge slik at han ser de ønskene som kommer inn.

Ønsker deg en riktig fin sommer.

Med vennlig hilsen
Liv Sjølie
Forbrukerkontakt
A/S Nestlé Norge

Med andre ord…om nok av dykk sender ein e-post til Nestle og spør om nettopp Ananas, eller mørk sjokolade for den del og kvifor dei ikkje er å skaffa, så er i alle fall sjansen der for at det dukkar opp att. Peis på!

Ananas Ha-På

Eg har skrive om dette før. I dei tider då eg snikkerte heimesida mi i frå grunnen av. Men ein god ting kan ikkje nemnast for ofte, og no er det jo tross alt nokre år sidan sist eg var inne på temaet.

Det er etter kvart nokre år sidan dette fantastiske, norske produktet frå Hamar Pålegg gjekk ut av produksjon. Den siste HaPå-fabrikken på Hamar skal frå januar av også flyttast til Finland, noko som vel vil medføra at det siste HaPå produktet, av dei originalt tre ulike smakane (Lys sjokolade-HaPå, mørk sjokolade-HaPå og min favoritt, ananas-HaPå) vil forsvinna frå hyllene etterkvart. For kvifor skulle eit internasjonalt selskap, som har flytta produksjonen til Finland laga pålegg for ein liten skare nordbaggar?

Gjer gjerne slik eg no har gjort. Send ein e-post til forbrukerkontakt@no.nestle.com og be dei om å ta opp att produksjonen av dette fantastisk, sødmefyllte pålegget som me som vaks opp på 80-talet fekk lov å utfordra Karius og Baktius med!

Og for dei som tykkjer at det høyres ein smule ekkelt ut med ananas-pålegg…det var vel med dette pålegget som med mange andre kunstige smakar; det smakte ikkje som ekte ananas. Det blir på ein måte som appelsinsaft…eg har endå til gode å smaka på appelsinsaft som faktisk smakar appelsin! Eller sjampanjesaft som smakar sjampanje.

Skulle du heller ikkje hugse produktet…då er du antan rett og slett for ung, eller du har berre fortreng det. Sjå om ikkje illustrasjonsfotoa til høgre kan bringa fram noko frå langt baki hjernebarken!