Idag såg eg den fyrste flåtten eg har sett nokon gong. Eg har høyrt om dette utysket som vistnok skal hoppa på den fyrste og beste som kjem forbi i mange år, men aldri sett nokon. Slik er det å vaksa opp i kjedelege, men trygge Øvre Sirdal.
Den eg såg i dag hadde, som dei seier, plassert seg “upon my person”. Han hadde altså funne meg som eit passande sugeobjekt og kasta seg etter meg. Då eg stod i morgondusjen der, trudde eg fyrst det var ein lodott av eit slag, men då han ikkje forsvann etter å ha prøvd å fjerna han med eit handveift fleire gonger, tok eg til slutt dei sørgelege unnskyldningane av nokre negler eg har, og kneip han av.
No er det kveld her i Brisbane, og eg har eit flott merke etter dagens action i dusjen. Reknar med at det berre er eit blåmerke etter at den vesle fanten beit seg fast. Det blir jo gjerne det når folk bit ein. Eg har vorte tipsa om å oppsøkja doktor, men som den sørlendingen eg er, så tek eg livet med ro, tida til hjelp og ventar og ser kva morgondagen vil bringa av utvikling på blodutreiingsfronten.