Monthly Archives: May 2007

Betre seint enn aldri

Av og til kjem ein på eit gullkorn eller ein kommentar ein skulle sagt ei stund etter at “augeblikket” er over. Eg kjenner det litt på same måte då eg oppdaga dette tipset på nett for korleis ein kan gjere elektriske duppedittar vasstette.

Kontakt med mi feminine side…

I kveld vart eg utfordra i sminkekonkurranse av Trine og Laurine. Som den mannen eg er, ville det jo ha vore flaut å takka nei til ei utfordring, så eg tok ho på strak arm. Resultatet vart som de kan sjå omtrent som eit verk av Picasso, men eg fann vel ut at eg skal tone ned litt på augeskyggen heretter.

Sminkekonkuranse #1Sminkekonkuranse #2Sminkekonkuranse #3

Mobillaus

Det er offisielt. Det har vel vore det nokre dagar forsåvidt, men herved gjer eg det überoffisielt. Eg har ikkje mobiltelefon.

Etter min fyrste dukkert i 2007 her om dagen, har min gode, gamle Nokia 34-eitelleranna vore i delar på badegolvet for at han på eit mirakuløst vis skulle fikse seg sjølv. Slik har det ikkje gjenge. Er eg vonbroten og skjelven av di? Nei. Det er eigentleg ei vidunderleg kjensle. No skal det jo seiast at eg vel aldri har vore den som er mest avhengig av mobiltelefon. Tre månadar utan på verda rundt reiser, ein månad utan på praksis i Spania. Det gjekk veldig greit begge delar. Kven ville vel trudd det?

Så spørsmålet no vert jo ganske enkelt. Skal eg legge pengar i ein ny duppeditt, eller skal eg vente til jul, og heller gje meg sjølv ein tålig fin julepresang i form av ein Sony Ericsson P990i eller kanskje ein iPhone. Saka er jo den at eg i heile haust kjem til å opphalda meg utanlands, noko som vel ikkje akkurat kjem til å gje telefonbruken min ei voldsom auke. Så lenge eg har tilgang til ein datamaskin, så har eg jo eigentleg funne ut at alt er såre vel. Eg er jo å finne på Skype, og er eg ikkje det, er eg berre ein e-post unna. Så kommunikasjonen i så måte skulle det ikkje verte problem med.

Difor, med mindre eg skulle finne ein telefon når eg kjem heim på ferie, vil eg fram til 2008 vere utan mobiltelefon.mobil.jpg

Moglege kontakmåtar:

Hustelefon, Myrane Studenheim i Volda: 70075959
Hustelefon, Sinnes: 38371229
Skype: shazzr
E-post: sinnes@dalstroka-innafor.net

12.05.07…ein merkedag

Det måtte jo hende før eller seinare. Og kan hende det var greit at det hende akkurat i dag, sjølv om det var litt for mykje folk til stades under seansen. Men faktum er at idag er dagen då unge Sinnes elegant la seg på sida og tippa rundt i kajakk. Og ikkje nok med det. I førekant, hadde eg sendt avgarde kajakk på kajakk til sjøs med trygg formaning om at ein ikkje kom til å kvelva. Men sjølv, som siste mann ut på den blåe, blikk stille flata, og med baugen fortsatt ein halv meter inne på land krenga kajakken elegant mot venstre og vips så vart verda merkeleg mørk grøn og litt for kald. Og ute på fjorden låg elleve av mine sampadlarar og kunne skua inn på det heile. Flaut? Det er vel ikkje å stikke under ein stol nei.

Men skal ein leite etter årsaker, og det skal ein vel gjerne i sjøfartsulykker…..ha ei sjøforklaring liksom, så må det vel vere at eg som den einaste var nøydt til å kome meg sjølv uti vatnet, medan samtlige andre hadde fått skubbehjelp. Når då baugen heng godt over vassoverflata og balanserer på sin smalaste egg…ja då kunne det knapt nok ikkje ha gjenge annleis.

Lukkelegvis hadde eg av ei eller anna årsak teke med meg delvis nytt skift, så etter å ha kava nokre minutt i vatnet for å prøve å kome meg opp att på land, forbi det supersleipe området nedst på landgangen, kom eg meg i det minste inn i litt mindre blaute klede. Og kunne omsider Naturas padletur våren 2007 ta fatt. (noko som jo også vart ein suksess om eg skal seie det sjølv).

(og om nokon skulle ha kjennskap til korleis det er å få dekka eit småblaut videokamera og mobiltelefon på reiseforsikring, så tek eg imot tips med glede) 😉

Om progresjon…

Eg kom akkurat fram til følgjande:

Det gavnar ikkje menneskeheita å la folk som i dag sit i maktposisjonar styra utvikling. Rett og slett fordi dei sjølv har for store eigeninteressar til å gjere valg som dei sjølv ikkje likar. Og i og med at 20% av verda, nyttar 80% av ressursane, samt at mennesket nok diverre må seiast å vere grunnleggjande egoistisk, så er det rett og slett ikkje eit sjakktrekk for verdas utvikling å settje bukken til å passe havresekken.

Dag 2…

Det som jo sjølvsagt er litt irriterande med akkurat dette temaet eg har valt meg på dalstroka-innafor.net, er at dersom eg legg ut bilete, så eg også skrive minst 25 ord for at det ikkje skal sjå heilt mongo ut. Men men….idag sette eg i alle fall ny rekord.

Ny personlig beste rundt Rotsetvatnet for min del…

Klar for bikinisesongen…

Vel…ikkje endå, men det kjem seg. Utan at eg vil plassera meg i ein kategori som bevisst gjeng inn for å ha ein topptrimma kropp til strandlivet i sommar (både fordi eg ikkje er noka strandløve, men og for at jeg nok kjem til å bevega meg ålemjukt mellom hesjer på Sinnes i år som i fjor, og året før der, og året før der…..), så har eg i det minste vore uvanleg aktiv i det siste. Det siste året har eg vore litt småbekymra for mi høgre ogle (les: ankel), og sjølv om ho er dobbelt så stor som den på andre foten endå, har eg vel kome til det, at det no har gått såpassa lang tid at eg ikkje gjer det verre med å vere litt i aktivitet.

Så då eg vakna i dag fann eg ut at idag var dagen for ei ekstra sprell sånn fysisk sett. Difor snøra eg mine spanskimporterte joggesko, og la på sprang rundt Rotevatnet i 10-tida. Herleg lite folk ute på den tida av døgnet, og når det i tillegg er heilt vindstille vert det mest ikkje ein tortur mot seg sjølv å gjere slikt. Den magiske slutttida? Jfr. bileta under…

6.61 km rundt RotevatnetTida å slå