Clipmarks

I dag oppdaga eg noko nytt og revolusjonerande på verdsveven. Clipmarks heiter vidunderet, og er eit tillegg til Firefox; og etterkvart også (den forhatte) Internet Explorer.

Tillegget har ein funksjon, nemleg å gjere det mogleg for deg å klyppe og lime innhald du finn interessant på nettet. Skal du til dømes skrive ei oppgåve og leiter side opp, og side ned på nettet etter informasjon, kan alt det du finn, samlast saman til ein samanhengande tekst med å nytta Clipmarks.

Nedst på sida mi no, har eg lagt inn ein “feed” som hentar dei siste “clippa” mine. Dette er revolusjonerande folkens, og gjer at det eg har venta ei stund på, Scrybe; no vert slått på målstreken. Så ikkje nøl. Last ned tillegget og prøv godsakene! 🙂

Google meg her, og google meg der….

Hmpf…her forsøker eg å gjere ein ærleg innsats med å plotta inn det eg finn av høge toppar her til lands i Google Earth. Men kva slags himla format er det snakk om at koordinata skal skrivast inn i? For sist eg sjekka, så var ikkje Galdhøpiggen plassert i sundet mellom Svalbard og Noregs fastland!

Galdhøpiggen off the coast of Svalbard…

GoogleEarthMania

Ja no tek dette vesle prosjektet mitt litt form etterkvart. Tanken er å settja namn på så mange stader i heimkommunen som berre råd, samt leggje inn så mykje informasjon som berre mogleg om dei ulike plassane. I tillegg har eg funne det naudsynt å kombinera Google Earth litt med Norge i Bilder sånn med tanke på detaljrikdomen, som diverre endå ikkje er heilt på topp med berre å nytte det eine.

Google Earth ManiaGoogle Earth ManiaGoogle Earth Mania

Eg ser for meg fleire bruksområde med dette. Kanskje fyrst og fremst, må eg nemne at eg ser det som eit verkty i skuleverket med langt større potensiale enn det skriftkastaren/overhovudet var i si tid. Med tanke på å ta i bruk lokalmiljøet, så gjev jo dette ein fantastisk sjans for elevar å verte kjent med lokalgeografien på ein kjekkare måte enn å sitje å sjå på kart i 2D. Men det er så fantastisk at det ikkje berre begrensar seg til det lokale. Nei her kan ein dra avgarde og sjå på kjende stader rundt om i verda på ein augneblink. Antan det no er se for å sjå på den Kinesiske muren eller om det måtte vere for å ta ein nærare kikk på kvar Machu Picchu ligg i samfunnsfag, eller om ein er interresert i ulike kjente stader frå religionen i KRL.

Difor, om dette også set ein kveik i deg, så ikkje nøl med å gje meg eit pling dersom du ynskjer å hjelpe til med prosjektet mitt, eller starte ditt eige og kanskje ikkje heilt veit korleis ein skal ta fatt.

Klikk her for å laste ned fil som skal åpnast i Google Earth

Glimt fra barndommen

For ei lita stund si, fekk me rota oss til å gjere all 8mm-filmen med hadde liggjande heime digital. Eg har lenge hatt dei to dvd’ane me fekk ut av det liggjande her på datamskina mi, men omsider klarte eg å få heve meg rundt og brent dei på dvd. Eg laga også i den samanhengen ein liten smakebit..rett så nostalgisk er det, der far forsøker å lære meg korleis eg skal handtera desse trepinnane som eg har fått festa til føtene mine samtidig som eg koordinerer dei litt for lange stavane…

[youtube:http://www.youtube.com/watch?v=0nnEs980TGk]

Beine vegen…

Ja då er det herved opplest og vedtatt. Eg har runda mitt 26 levde år. Det går altså utelukkande mot eit hektisk arbeidsliv, pensjonisttilværelse, og sikker død. Dette merker eg på fleire måtar.

For det fyrste, så vil eg frå og med min neste bursdag ikkje lenger kvalifisera som “ungdom” hjå transportaktørne. Det betyr at så snart eg har gjort meg ferdige med studia (les: den statlige vekkplasseringa av ellers heilt brukbar arbeidskraft), så må eg belaga meg på å betala fullpris på billettar om eg vil ut å reise, antan det nå er kollektivt, eller om eg vil ta meg ein tur til med Kilroy og sjå på verda.

Dernest kjenner eg at eg byrjar å få typiske pensjonisttrekk. Dette medfører ettermiddagslurar, påkleding av fleire lag klede i kaldt ver (i staden for å sitje og sei til seg sjølv at det absolutt ikkje er kaldt medan tennene hakkar som berre juling),  eg inviterer folk i mitt eige bursdagsselskap for å ete syndefull mat i form av den eine kaloribomba og hjartesviktframkallande desserten etter den andre, gåturar til Volda sentrum for å gå på konditori å ete kak og sist men ikkje minst….eg byrjar å gløyme. Det er i og for seg ikkje noko nytt. Men eg gløymer ting eg ikkje tidlegare har gløymt. Eg gløymer heile tida å skru av lysa på min versjuke bil som plutselig har funne det for godt at han skal slå seg vrang.

Så ein kan vel seie at eg har nådd eit vendepunkt i karriera mi. Men eg trur det er til det positive! Etter mitt opplysande opphald i Spania i haust, sa eg jo trass alt til meg sjølv at i 2007, skulle eg få meg eit nytt og betre liv. Og så langt teiknar det i alle fall himla godt. Så eg ser fram til det som ventar…

RSS

Tenkte bare at eg skulle nemne at dalstroka-innafor.net, etter å ha konvertert til ferdigspikra presentasjonsformat, no også har støtte for RSS. “RSSkvafornoko?” seier du kanskje?

Vel. Det heile går ut på at du på veven finn eit uhorveleg antal med sider. Mange av desse er du kanskje innom kvar dag dag for å sjå om det har kome noko nytt! RSS gjer denne jobben for deg. Med å leggje inn adressane til dei sidene du er ofte inn på, hentar din RSS-lesar inn det siste som har kome på vevsida, og presenterer det for deg i eit kortfatta format, ofte utan bilete som teke ekstra tid å laste inn…men kanskje best av alt….UTAN reklame!

Sjølv har eg begynt å nyttegjere meg av eit tillegg til Firefox-lesaren min som heiter Sage. Her får eg med å trykkje “ALT+Z” opp ei kolonne i venstre side med alle sidene eg har lagt inn. Dei sidene som så har ny info, vert utheva og det er dermed lett for meg å finna ut det aller siste.

Så før du gjer noko anna i dag, last ned Firefox dersom du ikkje allereie har den vevlesaren. Legg inn sage og føy til denne adressa til din personlege nyhetsopplsar!

Vel overstått.

Ja då var min siste obligatoriske praksis som allmennlærarstudent ved Høgskulen i Volda omsider sluttført. Det har vore tre hektiske veker, og eg kjenner at det var godt å kome tilbake igjen i godt gamalt gjenge…sjølv om det har vore ein periode der ein har lært mykje.

Eg kunne nok sagt mangt og mykje om korleis eg har opplevd det heile, og det skal eg då også gjere…i ein praksisrefleksjon. Difor nøyer eg meg her med å seie at det ikkje er særleg populært at høgskulen sine ansatte skal koma med eigne prosjekt og påleggje studentar som i utgangspunktet har ei stor utfordring framføre seg!

Elles kan eg melda om ein ferdig redigert film i frå praksisen i Spania i haust. Skal sjå om eg ikkje kan gjere han tilgjengeleg ganske så snart på eit vis.

Og ein ting til…eg har vorte kasta av nettet på hybelen. Det er ei skam. Her har eg lasta ned absurde mengder med film og musikk i to år, og så vert eg kasta ut dei tre vekene eg er i praksis og ikkje har tid til denslags. Eg har nok mine teoriar om korleis dette har hendt, og eg har såleis sett i gang tiltak for å få att mitt kjære nett…og nå skal eg opp å vingle nokre it-administratorar trur eg.