Category Archives: Personleg

10957

Det var ein torsdag. Året var 1981. Før jappetid. Midt i den kalde krigen. Klokka er 01.45. Eit fullmåneborn. Der har du meg.

Det har gått 1565 veker og 2 dagar sidan då.

Same dagen, i 1959, gav Storbritannia sjølvstendig råderett til Kypros. I 1945 gjekk 30.000 amerikanske soldatar i land på Iwo Jima for å ta øya frå Japan.

Det er gått 30 år sidan då. Mykje har hendt. Noko kan du lesa om her. I dag synes Leidli seg i frå si alle beste vinterskrud. Om det er til ære for meg, skal eg vel kanskje ikkje sei, men det er hyggeleg å vakna til sola som stig opp av Glibefjell, akkompagnert av ein einsleg orrhane i morgonflukt mot næraste matfat i bjørkeskogen bak huset.

Blikkstilla er gåven til meg i dag. Eg takkar audmjukt.

Ja, eg er 30 år i dag og når det er slik dagen ser ut, er det eigentleg heilt greit. 30 år kan og lesast som 10957…antal dagar eg har levd.

Godt nytt år

I det me stig inn i nok eit år der me snurrar hjelpelaust rundt i det store mørkret, kan eit sitat frå John Seymore vere på sin plass:

“It is no good waiting for political solutions. We must shape our own destiny” – John Seymore

Og med det, ynskjer eg alle eit hjartans godt 2011.

Vi er utviklingshindra

Under studietida mi i Volda var eg så heldig å få sjå filmatiseringa av rockegruppa “Merkesteinane”. Ein fantastisk varm og god film som set fokus på menneska bak sjukdomane.

No i førjulstida, der mange feirar Jesusbarnet, passar denne musikkvideoen godt inn. Ta ein pause midt i den mest stressande og juleshoppinga, og set av to minutt til å tenkje på kva som verkeleg er viktig for dei du vel å gje ei lita ekstra merksemd no i jula. Er det siste skrik frå konsollprodusentane som gjer at bornet er like takknemleg neste jul, som denne jula?

1 3 4 5 6 7 22