Category Archives: Personleg

Election 07

Kevin 07
John 07

Når ein er på eit kulturstudium, ville det vel vera rart om ein ikkje fulgte med i den daglege debatten som føregjeng i det landet ein oppheld seg. For tida er me som kjent i Australia, og her har det dei siste vekene vore knytta stor spenning til når den sittjande statsministeren John Howard skulle kunngjera nyval. Det er slik dei gjer det her nede. Eit House of Representatives vert valt kvart 3 år, men dersom det passar statsministeren kan han bestemme at det skal haldast val på eit tidlegare tidspunkt. Sist val var i 2004, så det var på tide att no.

Reklamefilmane for kvart av dei to partia som er mest sansynlige å gå av med sigeren, Labour eller Liberals, har lenge rulla over skjermane. Dei gjorde det tilogmed før valet var utlyst. Desse reklamespottane er kjøpt i beste sendetid, og er nok ikkje den billegaste måten å promotera seg sjølv på. Det er nok ein del private sponsormiddel inne i biletet her, men i og med at partia også får statsstøtte så er jo faktisk skattebetalarane med på å betala for desse. Mitt poeng med dette innlegget, er å kommentera måten reklamesnuttane er laga på. Slik eg ser på dei, så er det eigentleg ikkje anna enn mobbing av motstandaren. Her kunne Kjell Magne teke fatt og fått hendene skitne. Men du kan jo sjå sølv…Youtube vert og mykje brukt i valkampanjen, så her er eit par av mine favorittar:

[youtube:v=XjW5oeoe9Vs] [youtube:v=iBQzSDx1lVk]

Så i og med at eg er ganske så upartisk med tanke på at eg ikkje har noko å hverken tena eller tapa på korleis utfallet vert i Australia etter valet den 24 November, tok eg like så godt å skreiv ei lita melding til båe partia sidan eg tykkjer det dei held på med ikkje er fornuftig bruk av pengar. Her er mi vesle helsing;

Looking at the Australian election campaign from a Norwegian point of view, one thing strikes me. Both labour and the liberals are at each other as though they were children bullying one another.

Wouldn’t there be much more to gain to look at what actually can and will be fullfilled of all the promises that surfaces during an election campaign, instead of behaving like premature children and wasting funds on commercials that, when you take a step back and look at it, encourages to bullying?

Just some thoughts from a Norwegian in Australia.

Good luck!
Torger Åge Sinnes

Eg er temmeleg jordnær, så eg tvilar på at eg kjem til å ha den heilt store innverknaden på valkampanjen til partia. Men det har irritert meg såpass i det siste at eg følte nok fekk vera nok. No kunne eg berre ikkje stilletiande sittja å få avbrote fleire House-episodar av skattepengesponsa valkampanjemobbing lenger.

Glimt frå her om dagen…

Eg er dårleg til å ta bilete denne gongen. Ikkje berre fordi alle andre har slike sofistikerte speilreflekskamera, men fordi eg rett og slett ikkje gidd å dra med meg fotoapparatet. Eg tek heller inn syna med auga mine. Ein reisevandt kar sa ei gong til meg at å leva ei reise gjennom ei linse avgrensa opplevingane. Så no tek eg det til etterettning. Men frå tid til annen hender det jo at tilogmed eg får nokre krampetrekkningar i peikefingaren:

Samlar kreftstråler på plenen...Eg og Siri i parken…

Tankar frå ein bassengkant…

Det slo meg her tidlegare i kveld då eg tok med meg te-koppen ut på altanen for å samla tankane litt. Med eit kom eg på kva det var eg sakna. Med bilar rundt meg på alle kantar…akkurat i eit brøkdels sekund pause frå togets faste ratata på andre sida av den lyddempande muren, kunne eg høyra noko eg eigentleg ikkje har vore klar over at eg mangla.

Minna frå fire år tilbake og mi reise i dei sørlege Himalaysiske fjell kom attende. Eg kom i hug dei mørke, litt småkjølige nattestimane nokre hundre kilometer aust for Pokhara. Korleis eg låg og irriterte meg over dei gneldrane bikkjene på andre sida av dalen, som fekk det for seg at dei skulle kommunisera om dagens aktivitetar akkurat idet eg var i ferd med å finna vegen inn i drøymeland. Då var dei bare frustrerande.

I kveld høyrde eg den same røysta. Hunden. Denne gongen åleine. Bjeffande ut i natta under sørhimmelen i ein by der han eigentleg ikkje høyrer heime. Det var som om han bjeffa til meg der eg sat og slappa av med den litt for varme te-koppen på altanen. Han var så tydeleg. Så totalt forskjellig frå dei bylydane eg etterkvar har fått under huden her nede. Lyden skar seg gjennom vårlufta, akkurat slik eit lyn festar seg til netthinna di etter at det har teke vegen frå skyene høgt der oppe og ned mot eit einsleg tre.

Dei heimlege lydane, luktene og syna. Det er dei ein saknar. Men samstundes vert dei også ekstra klåre og ein lærar, i alle fall vonar eg det, at ein veit å settja ekstra stor pris på dei neste gong ein let blikket gli over dei kjende fjellformene der heime. Eller når ein vaknar til den jamne ringinga frå ei sauebjølle ein tidleg haustmorgon før ein hastar ut døra på veg til arbeid eller skule og kjenner ei einsleg, kald regndråpe som glir nedover langs ryggen.

Litt oppdateringar

I går var eg flink student og sat på skulen heile dagen. Då eg kom heim, var døra låst og nøkkelmannen Kjetil var fortsatt på skulen. Så eg tusla inn til nabojentene og laga meg middag der. Medan eg heldt på med det, hadde det samstundes brygga opp til eit heidundrane torever utanfor, så det passa ufatteleg fint at eg fortærte middagen på altanen og sat og koste meg med det voldsomme lys og lydshowet som utspant seg i kveldsmørkret.

Men det toppa seg verkeleg då Espen, Silje og Magnus returnerte frå ein dags fiske. Dei kom dragande inn døra med to digre, svarte søppelposar som dei tømte på kjøkkenbenken til eit samstemt “oiiiiiiiii” frå alle tilskodarande. Med seg til dei puslete landkrabbane heime hadde dei med 1 stk 6 kilos tunfisk, men endå meir imponerande…Espen hadde halt opp ein 10 kilos hammarhai! Slikt er ikkje kvardagskost for kulturstudentar frå Norge som er vande med fjellaure på 30-40 cm. Fiskefangsten hadde dei, “for å toppa heile driden”, i tillegg drege med seg på ei to timars reise med kollektivtrafikk (buss/tog). Mat og drikke på slike er då til opplysning ikkje lov her nede…men mat til ein liten afrikansk landsby klarte altså våre heltar å smugla med seg heim.

Dagens eskepadar venta på oss utanfor Noosa, eit par timars busstur nord for Brisbane. Her venta 10 stygge, men på eit merkeleg vis ganske søte kamelar på oss for å ta oss med på ei lita karavane langs stranda her. Alle tiders greier, om enn ikkje så all verdens aktuelt når det kjem til Australsk kultur. Bilete og video kjem kanskje etterkvart.

Heilt flått!

Idag såg eg den fyrste flåtten eg har sett nokon gong. Eg har høyrt om dette utysket som vistnok skal hoppa på den fyrste og beste som kjem forbi i mange år, men aldri sett nokon. Slik er det å vaksa opp i kjedelege, men trygge Øvre Sirdal.

Den eg såg i dag hadde, som dei seier, plassert seg “upon my person”. Han hadde altså funne meg som eit passande sugeobjekt og kasta seg etter meg. Då eg stod i morgondusjen der, trudde eg fyrst det var ein lodott av eit slag, men då han ikkje forsvann etter å ha prøvd å fjerna han med eit handveift fleire gonger, tok eg til slutt dei sørgelege unnskyldningane av nokre negler eg har, og kneip han av.

No er det kveld her i Brisbane, og eg har eit flott merke etter dagens action i dusjen. Reknar med at det berre er eit blåmerke etter at den vesle fanten beit seg fast. Det blir jo gjerne det når folk bit ein. Eg har vorte tipsa om å oppsøkja doktor, men som den sørlendingen eg er, så tek eg livet med ro, tida til hjelp og ventar og ser kva morgondagen vil bringa av utvikling på blodutreiingsfronten.

And ze dicision is…

ITunes er eit dritprogram! Eit klikk, og vips så var 2000 songer på min lille portable jukeboks borte vekk. Det er ikkje logisk at eit program skal ha lov til å bestemme at det vil synkronisere alt ein har av musikk berre fordi ein vil leggja ein film på boksen. Musikken eg har lagt på Ipoden, vil eg jo sjølvsagt ha på Ipoden. *sparke i veggen og komme med svärdommar*

Pip frå Australia

Dumme meg…her gjekk eg rundt og trudde at verda utanfor Noreg ville vera spekka fullt med gratis trådlause nettverk som eg fritt kunne kopla meg til. Slik er det då altså ikkje. Men før eg tek fatt på skriveøkta for i dag, tenkte eg at eg skulle nytta noko av mine resterande 30 dollar på Griffith University-nettverket til å oppdatera mitt kjære dalstroka-innafor litt.

For dei som endå lurer, så er eg for tida i Brisbane, Australia. Her alternerer me mellom å gå på skule nokre timar (2) til dagen, reisa på ekskursjonar og å ha skrivefri (noko som på eit eller anna merkeleg vis, stort sett ender opp med å bli klassifisert som fritid).

Ekskursjonar er fine ting. Me får sett oss litt rundt, sjølv om det jo stort sett foregår på same måte som ei temmeleg regulær gruppe med japanarar i Vigelandsparken. Men me har vore på eit par strender allereie, og me har sett kval i sjøen utanfor Brisbane. Skikkeleg kval. Knølkval. Dei store dyra som veifter med flappane sine til deg der du står på soldekket saman med 50 andre, før dei atter ein gong forsvinn ned i djupet under deg idet dei viser rompa til deg…og der står du likevel, og kjenner deg på eit vis så ufatteleg tett knytta til naturen at dersom du ikkje hadde vore langt ute til havs i ein båt, så hadde du funne fram pinnar for å gjera opp ild på the old fashioned way.

Nåvel…eg filmar. Alle andre tek bilete, så eg filmar. Eg har funne ut at det er greiast sånn. Så difor vert det ikkje all verdens med bilete som kjem ut på verdsveven frå mi side. Ikkje med det fyrste i alle fall. Kanskje eg lagar ei oppsummeringskavalkade på andre sida av jul. Hah…det slo meg nå, idet eg tråla harddisken etter bilete frå turen så langt, at eg har jo faktisk ikkje lagt inn nokre bilete frå Australia endå. Men det er og merkeleg kor mykje ein gløymer medan det heile står på. Slikt sett er eg glad at mange tek bilete, men ikkje minst, at eg skriv dagbok. Akkurat det var noko eg lærde meg til sist eg var på tur, og det var ein tradisjon eg tykte det var verdt å fylgje opp att denne gongen. Eit gratis tips der til eventuelle aspirerande globetrottarar.

Ein skal vel gjerne også formidla litt om korleis ein opplever saker og ting. Her me er no, er jo mykje ganske så likt som heime. Det er klart at ein saknar Solheimsknuten/Rotsethornet litt etterkvart….den lille haugen som dei kallar for “Mount” Kootha klarar liksom ikkje å gje ein den same kjensla av å føla seg liten. Men for all del. Berre flyturen til Australia fekk ein jo til å tenka ein tanke eller to om det. For det er stort her. Og goldt. Berre ein kjem seg høgt nok opp, så fer en litt perspektiv på saker og ting…såpass har eg lært meg etterkvart. Og frå 10.000 meters høgd, så vert den golde ørkenen under deg plutseleg sjåande ut som havsens botn…berre tørrlagd. Kanskje er det her Moses har vore på ferde med stokken sin?

Då får det halda for ei lita stund. Eg tenkte eg skulle halda det kort her… No skal eg skrive litt minor assignment om samar og aboriginarar.

Kort oppdatering

Omsider har me kome til Brisbane, Australia. Etter å ta tråla byen i heile dag, fann me omsider ein stad å bu. Drøye 5000 kroner for 6 veker….det er ikkje Volda-billeg, men billeg til her å vera. Personleg må eg finna meg måte å få gratis nett på…her vi bur akkurat no, kostar det jo skjorte.

Men det har vore ein fin tur så langt i alle fall…blir litt pakketuristart til tider, men kvardagen startar på mandag, så då går det seg vel til.

Olav: Me bur rett ved Tin-Billy’s 😉