Category Archives: Miljø

Naturens aktørar

Haustferie nok ein gong. Då er det godt å koma opp i høgda, og bort i frå eksosen i byen.

I kjøkkenglaset har eg meir underhaldning enn det full pakke hjå Altibox kan gje meg. Og det gratis!
Dagens fyrste show var det ein liten røyskatt (Mustela erminea) som gav meg. Han kom pilande i blomsterbedet utanfor, fin og kvit i si flunkande nye vinterdrakt.

Litt etter dukka det opp ei, for meg, sjeldant syn. Ein sidensvans (Bombycilla garrulus) sat og tok ein kikk på forrådet i ripsbuskane. Eg ser at fuglen har for vane å vera til stades i heile Noreg, men det er ikkje før no i dei siste åra at eg har sett han her på Sinnes.

Spanande med nye innslag frå kjøkkenglaset.

Lysforureining

I dag skriv Stavanger Aftenblad om kor fantastisk det er å ha billegare straum enn heile dei siste ti år. Flaks for oss her i Noreg som jo som kjent er superfattige, og slit med overdreven bruk av kolkraft. Eller nei…

Slik var det ikkje. I motsettnad til andre land, slenger med rundt oss med forbruksmønsteret vårt. Vi bygger fleire og fleire vegar, av di me ikkje har nok plass på vegane til dei to SUV’ane i garasen. Vert det mindre kø av slikt? Då burde vel Los Angeles ha vore køfri til no skulle ein tru? Vi let lyset stå på midt på dagen, eller i rom der med ikkje oppheld oss. Eller me puttar gatelys langs motorvegane, sjølv om bilane har lys sjølve. Og det er i samband med det siste her, at dagens video kjem inn i biletet.

Sjølv har stått og kikka opp mot himmelen temmeleg langt frå dei aller største lyskjeldene, og du og du for ein skilnad: