Category Archives: IKT

Denne kategorien innheld, som namnet kanskje fortel, ting som tek føre seg IKT-spørsmål.

IKT-planar

Det er mange ulike IKT-planar rundt omkring i landet vårt. Ein kan nok slik sett etterlyse ein nasjonal mal med konkrete eksempel i dei ulike faga.

Enn så lenge så får ein laga sine eigne, eller kopiere frå skule til skule.

Problemet er gjerne at ein ikkje finn fram til slike planar utan at ein skal måtte leite rundt omkring på heile internettet.

Difor har eg laga eit skjema der du kan kome med dine topptips til kva ulike kompetansar du meiner at ein skal meistre i dei ulike faga, på dei ulike trinna.

I tillegg har du i tillegg moglegheit til å skrive inn ein URL til IKT-planen på din skule på det siste spørsmålet, om de har ein.

På førehand takk!

Facebook, lærarar, elevar og “venning” – soga fortset

For ei stund tilbake skreiv eg litt omkring temaet Facebook, lærarar og venestatus.

Frå ein av mine favorittbloggarar på nettet, altså ein av dei eg har i RSS-straumen min, The Innovative Educator, dukka det i dag opp litt herlege, frigjerande tankar omkring nett dette temaet.

Litt utdrag for å settja leseslysta di i sving:

“…outcries to ban teachers from “friending” students on Facebook. Innovative educators know this is confusing, rather than addressing, the issue.”

Vidare skriv Lisa Nielsen, den New York-baserte læraren bak bloggen The Innovative Educator:

“Rather than what the media might have you believe, this means we need to encourage, NOT discourage educators from “friending” students not just on Facebook, but on playgrounds, in classrooms, and in the community.”

For min eigen del var dette, og resten av bloggposten herleg lesing. Så klikk deg vidare og få litt andre impulsar enn dei dommedagsprofetiane du les om i riksavisar frå tid til annan.

The Innovative Educator om Facebook, lærarar, elevar og “vener”.

Mangen bekkar små, gjev ein stor Åhh!

Stavanger Aftenblad skreik i mot meg i bladhylla i dag med følgjande framside;

Forsker ved UiS: Vi leser lettere på papir enn på skjerm.

Kunne eg la vere å kjøpe det for å lese kva Anne Mangen no hadde funnet ut? Sjølvsagt ikkje!

Fyrst av alt…ein ting er eg og Anne Mangen einige om. Ein PC er ikkje det beste vertyget til alt skulearbeid. Men der sluttar også likskapane. Det skal også seiast at i og med at artikkelen ikkje er skrive av Anne Mangen sjølv, så skal ein ta innhaldet med ei klype salt. Likevel er nokre av sitata ho har fått med, vinkla på ein slik måte at eg har vanskeleg for å la dei liggja ukommenterte.

Mangen seier sjølv at ho har teke utgangspunkt i lange, samanhengande tekstar, med både bilete og hyperlenker. Der skurrer det for min del. Eg har ennå ikkje lese ei einaste bok med hyperlenker, så korleis kan ein med eit slikt utgangspunkt kan gjere ei samanlikning er for meg litt vanskeleg å forstå.

Det er heller ikkje definert kor lang ein lang tekst er. Dette heng vel igjen saman med lesehastighet til den einskilde? For ikkje å snakke om temaet som vert teke opp i teksten, og om ein finn det interessant i utgangspunktet. Gjer ein ikkje det, kan jo sjølv ein kort tekst framstå som utåleleg lang.

Forskaren skildrar fleire gonger i artikkelen det å lese på skjerm som eit ork av ei anna verd. Ein må jo klikke og scrolle rundt omkring på denne virtuelle flata som ein gal, og ein kan aldri vere sikker på kva som kjem fram etter eit klikk.

Vidare seier ho også at ein aldri kan vere sikker på kvar ein er i ein digital tekst.

Desse to utsegna seier meir om Anne Mangens digitale kompetanse, enn dei gjer om lesing på skjerm.

For det fyrste er det ikkje lenger ein tekst ein les om ein vel å klikke seg inn på ei lenkje. Då er det to. For det andre bør ein lese gjennom heile teksten før ein set i gang med ekstra lesing.

Anne Mangen siteres også på følgende;

Skal vi skrive en B med blyant, må hånden øves til å gjøre spesifikke bevegelser for å forme bokstaven. Trykker vi på en B på tastaturet, må hånden ikke gjøre noe annet enn når vi skriver en N, som ligger rett ved siden av.”

Her har ein altså gjenge over på temaet skriving, men eg tillet meg å kommentera det likevel.

Er det mogleg at Anne Mangen ikkje skriv med touch-metoda? Hadde ho gjort det, ville ho ha merk at om ho nytta fingrane på same måten, for å skrive to ulike bokstavar, så ville autokorrekturen fått mykje å gjere. Vinklinga på fungraner er ulike. Ein nyttar ulike fingrar, og jamvel og ulike hender. Ved skriving for hand, nyttar ein etter det eg kjenner til, berre ei hand. Helst den høgre.

Når små born skal lære å skrive bokstavar, kan det for mange, kanskje spesielt gutar, vere betre å få lov til å trykke på ein tast med bokstaven B på, i staden for å sirleg snirkle ned strekane som nokre vaksne har definert som bokstavar. Dette gjeld kanskje meir i dagens skule enn tidlegare, i og med at me har bestemt oss for å sende born i 5-årsalderen på skulen.

At motorikken kanskje ikkje er i høgsetet hjå desse aller minste, er ikkje noko ein burde bli overraska over. Ikkje minst i eit samfunn som har vorte så stillesittande, og lite fysisk utfordrande som det det har vorte her i Noreg.

Det synest altså underleg at Anne Mangen så bastant kan definera PC’en ut av likninga på lange, samanhengande tekstar, når det skin så gjennom at Anne Mangen sjølv ikkje kan ha funne rett subverkty å nytte når ho har valt å testa datamaskinverktyet i høve til lesing og skriving.

Det finst mange ulike typar program å lese tekst i. Tekstane vert gjengjeve på ulikt vis alt etter som. Det finst og mange ulike typar skjermar å lese tekst på i og med at vi no også har fått digitale bøker.

På to år har tydelegvis ikkje Anne Mangen kome fram til noko nytt. Aftenbladet burde difor ta seg fem minutt, og spørje seg om det verkeleg ikkje var andre saker som hadde større nyhendeverdi enn lesing på skjerm.

Dersom UiS har pengar til overs, kunne eg forøvrig gjerne tenke meg eit stipend for å teste Anne Mangens digitale kompetanse før neste forskingsartikkel vert utgjeven.

Skulen i det 21 århundre

I dag ynskjer eg å sette søkelyset på to interessante saker eg fann på nettet, etter å ha skumma gjennom RSS-kjeldene mine då eg kom heim.

Det fyrste er ein video:

Dernest tykkjer eg at du skal lesa gjennom bloggposten på acreelman.blogspot.com. Han omhandlar skulens omfavning av nye, digitale verkty.

Ikkje berre er det ein interessant bloggpost i seg sjølv. Han kapra i tillegg merksemda mi på grunn av ein diskusjon me hadde på teamet i dag. Spørsmålet ser du i skjemaet under, og eg set veldig pris på om du tek deg bryet med å dela di meining omkring temaet.

It’s Learning…eller gjør de det?

It’s Learning er ein av dei mest suksessfulle LMS’ar (Learning Management System) me har å nyttegjere oss av her i Noreg. Saman med ClassFronter er dei leiande innan dette feltet, med PedIT såvidt haltande etter.

Eg har lenge sagt at It’s Learning ikkje er ein LMS som er påtenkt grunnskulen i Norge. Til nød kan ein nytte det i ungdomsskulen. Dette er eg ikkje aleine om å meine heller.

Fram mot It’s Learnings oppdatering den 26.08 hadde eg store håp. Eg såg for meg nytt og forbetra design, dra og  slepp-funksjonalitet, slutten på bruken av frames og mykje meir. Nedturen var difor stor då eg oppdaga at lite nytt hadde hendt. Det kom litt nytt her og der, dog intenting revolusjonerande, men dei gamle irritasjonsmomenta var der endå.

Her om dagen gjorde eg eit forsøk på å laga ei “side”. Denne laga eg som ein mal, for å kunne kopiere og nytte om att. Resultatet vart to kliss like kopiar i filtreet, ein kopi i “mitt bibliotek”, og null rettigheiter til å redigere ei einaste ei av dei sidene eg hadde laga. Jf. film under;

Det plagar meg at slikt dukkar opp heile tida. Kan ein ikkje fokusera på å fiksa feil som folk irriterer seg over, framfor å laga nye funksjonar som viser seg å heller ikkje fungere? Eg tipsar på Twitter, vert henvist til http://itslearning.accept-ideas.com/ som viser seg å heller ikkje fungere. Dette nemner eg nok ein gong på Twitter, får svar, men utan at det hjelp.

Ja. Eg er frustrert. Når eit selskap som tek nye marknader i utlandet og tilsynelatande håvar inn millionar frå stakkarslege kommunar og barneskular rundt om i Noregs land, ikkje ser ut til å høyra på brukarane, då vert eg mest irritert. Skal det verkeleg vera mogleg å selge seg inn i ein marknad på eit behov som for mange ikkje er der, og så gje blanke i det når det vert stilt krav til produktet?

På toppen av det heile gjeng eg på kurs og ser kurshaldarar mislukkast i å utføre oppgåver dei garanterer skal fungere, men som eg hardnakka påstår at ikkje gjer det.

Runde 2 (minst) av Facebook i skulen

I dag lenka Eva Bratvold til ein artikkel frå NRK Rogaland som omtalar det tilsynelatande evigvarande diskusjonstemaet i norske media; Facebook i skulen. Eg lova henne eit svar  på dette då eg sat på bussen i dag, men av di eg sa at det var eit par “men” omkring spørsmålet under, kjem svaret i form av ein bloggpost som det diverre har vorte alt for lite av i det siste.

Spørsmålet som vert stilt er altså dette; bør elevar og lærarar vera vener på facebook. (Facebook vert forøvrig her skrive med liten f, slik det er gjort frå NRK Rogaland si side.)

For dei med noko over normal husk, er gjerne ikkje ein diskusjon som denne noko nytt. I så måte er det rart at NRK Rogaland vel å lage dette til ei nyhende.

Sist det gnistra omkring Facebook i skulen var vinklinga ei litt annan. Då hadde media fått snusen i at ein lærar vært mobba på nettopp Facebook.

Eg nemnde då i ein noko ironisk kommentar, at skulen i Drammen gjerne kunne gjere som andre skular, å stenge tilgangen til heile Facebook. No ser vi heldigvis ut til å ha kome forbi dette stadiumet, og lite gler meg meir. For ser vi nok eit halvår attende, vil VG Nett ha det til at den dåverande kunnskapsministaren gjekk inn for å straffa elevar som nytta for mykje tid på Facebook i løpet av skuledagen.

Heldigvis var den gode Solhjell såpass i stand til å nyttegjera seg av digitale media, at han allereie i løpet av dagen hadde posta eit godt tilsvar til det som stod i avisa.

Om lærarar skal vere vener med sine elevar på Facebook, er eit spørsmål ein sjølvsagd kan diskutera i eit halvårs tid eller lenger, for så å koma fram til at det gjerne ikkje er så galt som dei største skeptikarane gjerne skulle tru.

Her er min umiddelbare reaksjon.

Ja! Lærarar og elevar kan sjølvsagd vere “vener” der. Dette er det minst to grunnar til, men eg nøyer meg med å skildre nettopp desse for no.

For det fyrste er det å bli ven på Facebook ei noko missvisande uttrykk. Det er nettopp Facebook som har valt å kalla det å kople seg til ein bekjent på ein virtuell måte som “ven”. Det funkar som konsept, og er sågar vorte eit verb i det engelske språket, på linje med det “å google”. Dette er altså noko ein kan takke Mark Zuckerberg for. Om ikkje lenge til, dukkar det opp ein film om nettopp Facebook. Det blir då spanande å sjå om ein kan finne ut noko meir om bruken av ordet “ven” på Facebook. For alt eg veit kan den gode Mark ha hatt lite vener då han gjekk på Harvard, og funne ut at dette gjerne kunne vere ein grei måte å skaffa seg nokre på. Som sagt…det vert spanande å sjå.

Grunn nummer to til at eg kjenner at det vert litt mykje oppstuss rundt heile greia, er at det finns noko som heiter privacy settings. For mange, gjerne dei med liten eller ingen digital kompetanse, er dette eit ukjend fenomen. Men det eksisterer altså.

Privacy settings er ei flott oppfinning av Zuckerberg. Denne funksjonen gjer det faktisk mogleg (og no kan du gjerne halde deg fast) å filtrere informasjonen du fyller internettet med. Du kan lage lister der folk på dei ulike listene har tilgang til ulik informasjon.

På den måten kan altså dine kjære elevar verte skåna for det fæle verkelege livet du som lærar heilt sikkert lev, når du ikkje står bak framom tavla i klasserommet.

Så kan ein sjølvsagd spørje seg om ein ein verkeleg ven når ein filtrerer det ein deler med venene sine?

Når alt er sagd, så er det likevel ein regel eg sjølv har. Eg tek aldri initiativet til å verte “ven” med elevar. Det er ein regel eg har definert for meg sjølv som eg føler kan vere ein god leveregel. Skulle ein elev få lyst til å leggje meg til som “ven”, har eg vanskeleg for å sjå det som noko anna enn ei positiv handlig. Å kappe handa av han eller ho, med å nekte å godkjenne førespurnaden i det eleven strekk ut handa, trur eg gjerne skadar eleven meir enn om ein skulle godta han og legge han til i si elevar-liste.

Og med dette vonar eg du har fått svar Eva? 🙂

PS…og no har eg ikkje ein gong teke tak i Liv Marie Schou og andre si flotte bruk av Facebook i undervisninga.

PS II…sjå også Jonny Eriksens skriveri om nett samme sak

Musikkisum(ar)

Eg vil anta at det ikkje berre er på min arbeidsstad ein har hyllemeter på hyllemeter med CD’ar til bruk på CD-spelarar i klasseroma. (For ikkje å snakke om kassettar?)

Til hausten kan det sjå ut som om det dukkar opp digitale tavler i klasseromet mitt. Det gjer at ein får moglegheiten til å spela av musikk frå ei datamaskin. Optimalt sett skulle ein kanskje hatt ein Spotifykonto i kvart eit klasserom, men for det fyrste er eg ikkje sikker på om dette fell inn under KOPINOR-avtalen, og for det andre så er det nok ein del musikkmateriale rundt om i skulenoreg ein ikkje finn på Spotify i det heile.

Difor har eg så smått starta å fundera på korleis ein kan gjera all denne musikken tilgjengeleg digitalt…i alle skulens klasserom. Rippinga av CD’ane er den minste saka, men distribusjonen rundt om i klasseroma er utfordringa.

Skal ein laga eit iTunes-bibliotek? Er det beste kan hende å la dei rippa filene ligge på ein delt disk i alfabetisk sorterte mapper? Korleis kan ein gjera dette biblioteket tilgjengeleg på tvers av to ulike nettverk…det ein har i klasserommet, og det ein har på kontoret? (Det er jo greit i høve til planlegging.) Korleis kan ein sørgje for å utruste alle mine kollegaer slik at dei sjølve kan finna fram til/i musikken?

Dette er ting som vil kverne litt rundt i hovudet i sumar. Tips og innspel kan gjerne kome i kommentarfeltet under. Kan hende har nokon allereie gjort denne jobben ein annan stad i landet? I så fall er eg særs interesssert i