Category Archives: IKT

Denne kategorien innheld, som namnet kanskje fortel, ting som tek føre seg IKT-spørsmål.

Utdanningsskiller i Nepal

Etter at Nepal bergtok meg under mi reise verda rundt i 2003, har landet alltid hatt ein spesiell stad i hjartat mitt. Dette vesle, fattige landet høgt der oppe i fjella gjer noko med folk. Om det er naturen, folka ein møter på eller ein kombinasjon av dette som gjer det, er ikkje godt å seie.

I dette landet er 65% av dei mannlege innbyggjarane i stand til å lesa, medan berre 42% av kvinnene kan det.

Staten ynskjer å gjere utdanning tilgjengeleg for flest mogleg, men fråfallet er stort.

Også Nepal har private og statlege skular. Her er det dei private som er høgst ansenitet.

Ein famelie sender gjerne sonen på skule om ein har ein son og ei dotter. Står valet mellom å senda båe, vert gjerne dottera sendt til statleg, medan sonen fer gå på den private.

Parallellen til Noreg for 100 år sidan, ja jamvel endå mindre, er ikkje vanskelege å sjå.

Medan eg er inne på Nepal og utdanning, passar det også å trekke fram Alex Lyngaas sin serie på Dagbladet TV, 7 dager i Nepal. Legg spesielt merke til hans tur innom døveskulen. For meg pirrer dette ved ei nerve, av di min onkel gjekk på døveskule her i landet under 2. verdskrig. Å lesa brev som læraren skrev til mine besteforeldre for så lenge sidan, er fantastisk for ein som sjølv har landa i det som er verdas nest viktigaste yrke.

LBA2 – Klassikar frå spelarkivet

Verdas mest fantasiske spel må vera Little Big Adventure 2! I ei fantastisk fin verd, spelar du helten, Twinsen, i hans kamp mot FunFrock. LBA2 var for meg noko heilt nytt og revolusjonerande då det kom ut. Spelet blandar litt genrar, men dette gjer det på ein god måte. Det er fyllt av action, men samstundes krevst det at ein tidvis er roleg og gjer lure val.

Gleda var stor då eg etter time på time med innsats, omsider runda dette flotte spelet.

Colonization – klassikar frå spelarkivet

Ein dag i 1994 kom eg over ein artikkel i Stavanger Aftenblad om eit nytt spel. Med eit stort bilete av motivet på spelboksen, vart interessa fanga med ein gong. Eg hugsar at eg gjenskapte biletet på eiga hand i eit eller anna teikneprogram då, piksel for piksel. Det har kome ein ny utgåve i ettertid, men originalen er like spanande å spela den dag i dag. Colonization er for min del på ein delt fyrsteplass i strategigenren, saman med Settlers.

Normality – klassikar frå spelarkivet

Nok ein durabelig god klassikar her altså. Normality is the name of the game. I god gamal adventurestil styrer du handlingane til Kent Knutson rundt omkring i Neutropolis. Her er det om å gjera å leita etter likesinna ikkje-zombiar i ei verd som har vorte for forutsigbar.

Eit uhorveleg stort tal med timar vart lagd ned i å runda denne juvelen av eit spel, og det slår meg no, at det engelske ordforrådet midt nok har hatt godt av det.

Nyttige idiotar også i barnehagen

Etter Arne Olav Nygards fortreffelege kronikk om openheit omkring det digitale i skulen, og Jeanette Tranbergs oppfølgande bloggpost, kjem eg over ei nyhende frå ein barnehage i Kristiansand.

Saka er at ein barnehage i Vennesla har sett ned forbod for tilsette om å vera “vener” med foreldre på Facebook.

Styrar Siren Wetrhus Knutsen, pedagogisk leiar Janne Spikkeland og nestleiar Eva Anett Mosland syner her eit nivå av digital kompetanse som er heilt på høgde med det ein kan finne ved kommunar og skular i Noreg, som ser på sperring som eit godt middel for å unngå uønska hendingar.

I Facebook sitt tilfelle vil eg nemne eitt einaste ord som ville spart leiinga i Mariknotten barnehage frå å ta eit usedvanleg dårleg val: personverninnstillingar!

Ein liten sjekk på Facebook vil syne at ein kan lage seg til ulike typar graderingar av kven som skal ha moglegheit til å sjå kva…derunder også statusoppdateringar.

Når personverninnstillingane er nemnde, så har eg endå ikkje teke føre meg den beste måten å sørga for at “glipper”, slik Wetrhus Knutsen seier det, skal dukka opp. Det har du nemleg på toppen av kroppen!

I mi 1.klasse har me ein regel som heiter gjer lure val. Slike val har ikkje born monopol på. Også vaksne kan ta slike val. Det  å skaffa seg slik kompetanse er dog gjerne ikkje så let.

Avgrensa tilgong til nye verkty som vert nytta “til vanleg”, vil skapa ein ond sirkel. Så lenge utdanningsinstitusjonar blokkerer for moglegheiten til å utfalde seg med nye digitale verkty, risikerer ein at eit høgt nivå av digital kompetanse vil verte skapt i det private rom…blandt dei få. Har ikkje barnehage og skule då mislukkast i sitt arbeid slik det kan lesast om i Kunnskapsløftet der ein tek sikte på å gjere allmendanna menneske ut av nye generasjonar?

Oppdatering:

No ser det også ut til at Utdanningsforbundet er einig med meg. Godt å sjå.

Hei! Kan eg få litt merksemd?

Professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, Peder Haug, tordna mot bruk av sosiale media i skulen på i “sumpen” denne veka. Drønna har gjeve gjenklang over det ganske land, og Vev 2.0-lærarstanden har vore i harnisk over det som har kome på trykk.

Det kan sjølvsagt hende at professor Haug har vorte feilsitert, men i og med at ei avis er eit medium som har vore på bana ei stund, reknar eg med at saka i det store og det heile gjenspeilar Haugs meiningar.

Andre har teke tastaturet fatt og formulert kloke bloggpostar omkring Peder Haugs utspel, til dømes Eva Bratvold og Øystein Johannessen. Difor skal eg ikkje ta fatt på eit slikt skriveri, då eg langt på veg er einig i det dei allereie har skrive. Kjerna i det Peder Haug tek opp, er også etter mitt syn klasseleiing.

Er dette Peder Haugs draumeskule?

Når det er sagt, vil eg også peika på det som står i artikkelen om fokus, eller merksemd som Randi Fiksdal retta meg til . Spørsmål eg stiller meg er til dømes:

  • Kva er merksemd?
  • Kvar kjem det frå?
  • Kan merksemd lærast, eller er ein født med det?

I ein podcast frå NRK sitt Verdt å vite (eller er det no Ekko?), kan ein etter snaue 24 minutt høyra ein reportasje om forsking på born med ADHD ved Høgskulen i Gjøvik. Eg tykkjer det er interessant, og ein absolutt tankevekkar at ein ser på ei slik side av saka.

Fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Gjørvik, Simon McCallum seier det slik;

“…there’s research in the US showing that you can retrain students who have attention deficit problems, because the problem is that they loose focus, and because they don’t know what focus is, because it’s a learned thing.” – Verdt å vite – fokus og ADHD

Så då har eg det litt som å vera mellom veden og barken…kven skal eg høyra på? Professoren som nytta sin status til å inspirera mitt kull med medstudentar ein heil times tid i løpet av fire år i Volda, eller fyrsteamanuensisen som eg aldri har truffe?

Vidare har eg den siste veka kome over denne artikkelen som tek føre seg, ehm, fokuset på fokus søkelyset på merksemda. Eg tykkjer her at spesielt det siste avsnittet er særs interessant;

Nevertheless, this new research demonstrates that, for a certain segment of the population, distractibility can actually be a net positive. Although we think that more attention can solve everything—that the best strategy is always a strict focus fueled by triple espressos—that’s not the case. Sometimes, the most productive thing we can do is surf the Web and eavesdrop on that conversation next door.” – Wall Street Journal, 19 feb. 2011

Summa sumarum, så kjem eg ikkje fram til anna enn det så mange av mine medborgarar på nett har kome fram til, at det er klasseleiing som er nøkkelordet her. Klasseleiing, klasseleiing, klasseleiing!

RSS

RSS er kanskje den flottaste nyvinninga sidan hjulet. Det er navet i min digitale kvardag. Ei er ikkje av dei som sit og klikkar seg i frå avisside til avisside i ein evig runddans etter nyhende.

Likevel er det eit men.

Den siste tida har det nemleg slått meg at å ha “Google Leser (130)” framom auga kvar gong ein opnar nettlesaren gjerne kan ta ein del tid det og. Tid eg kunne ha nytta betre. Difor har eg i dag teke ei opprydding i RSS-kjeldene mine.

Eg har no redusert talet frå 174 til “berre” 140. Gjerne ikkje så mykje seier du? Eg vonar at noko av løysinga på den evige runddansen av RSS-kjelder, er at eg har fjerna nokre av dei tyngste. Dei som kom med dei hyppigaste oppdateringane. Dei har eg i staden lagd til som bokmerke, og kan sjekke frå tid til annan når eg ynskjer det. Ingen av dei var uansett noko eg trong automatiske oppdateringar frå.

Det som gjenstår, er ei heil rekkje personlege bloggar av folk eg kjenner eller folk eg tykkjer har fornuftige saker å koma med, samt nokre få andre med ein edrueleg publiseringsrytme.

Så då gjenstår kva effekt eit slikt grep vil ha. Blir det suksess kan det fort hende at neste steg vert å fasa ut Facebook.