Category Archives: Generelt

Innlegg som ikkje fell inn under nokon spesiell kategori.

Glimt fra barndommen

For ei lita stund si, fekk me rota oss til å gjere all 8mm-filmen med hadde liggjande heime digital. Eg har lenge hatt dei to dvd’ane me fekk ut av det liggjande her på datamskina mi, men omsider klarte eg å få heve meg rundt og brent dei på dvd. Eg laga også i den samanhengen ein liten smakebit..rett så nostalgisk er det, der far forsøker å lære meg korleis eg skal handtera desse trepinnane som eg har fått festa til føtene mine samtidig som eg koordinerer dei litt for lange stavane…

[youtube:http://www.youtube.com/watch?v=0nnEs980TGk]

Beine vegen…

Ja då er det herved opplest og vedtatt. Eg har runda mitt 26 levde år. Det går altså utelukkande mot eit hektisk arbeidsliv, pensjonisttilværelse, og sikker død. Dette merker eg på fleire måtar.

For det fyrste, så vil eg frå og med min neste bursdag ikkje lenger kvalifisera som “ungdom” hjå transportaktørne. Det betyr at så snart eg har gjort meg ferdige med studia (les: den statlige vekkplasseringa av ellers heilt brukbar arbeidskraft), så må eg belaga meg på å betala fullpris på billettar om eg vil ut å reise, antan det nå er kollektivt, eller om eg vil ta meg ein tur til med Kilroy og sjå på verda.

Dernest kjenner eg at eg byrjar å få typiske pensjonisttrekk. Dette medfører ettermiddagslurar, påkleding av fleire lag klede i kaldt ver (i staden for å sitje og sei til seg sjølv at det absolutt ikkje er kaldt medan tennene hakkar som berre juling),  eg inviterer folk i mitt eige bursdagsselskap for å ete syndefull mat i form av den eine kaloribomba og hjartesviktframkallande desserten etter den andre, gåturar til Volda sentrum for å gå på konditori å ete kak og sist men ikkje minst….eg byrjar å gløyme. Det er i og for seg ikkje noko nytt. Men eg gløymer ting eg ikkje tidlegare har gløymt. Eg gløymer heile tida å skru av lysa på min versjuke bil som plutselig har funne det for godt at han skal slå seg vrang.

Så ein kan vel seie at eg har nådd eit vendepunkt i karriera mi. Men eg trur det er til det positive! Etter mitt opplysande opphald i Spania i haust, sa eg jo trass alt til meg sjølv at i 2007, skulle eg få meg eit nytt og betre liv. Og så langt teiknar det i alle fall himla godt. Så eg ser fram til det som ventar…

Vel overstått.

Ja då var min siste obligatoriske praksis som allmennlærarstudent ved Høgskulen i Volda omsider sluttført. Det har vore tre hektiske veker, og eg kjenner at det var godt å kome tilbake igjen i godt gamalt gjenge…sjølv om det har vore ein periode der ein har lært mykje.

Eg kunne nok sagt mangt og mykje om korleis eg har opplevd det heile, og det skal eg då også gjere…i ein praksisrefleksjon. Difor nøyer eg meg her med å seie at det ikkje er særleg populært at høgskulen sine ansatte skal koma med eigne prosjekt og påleggje studentar som i utgangspunktet har ei stor utfordring framføre seg!

Elles kan eg melda om ein ferdig redigert film i frå praksisen i Spania i haust. Skal sjå om eg ikkje kan gjere han tilgjengeleg ganske så snart på eit vis.

Og ein ting til…eg har vorte kasta av nettet på hybelen. Det er ei skam. Her har eg lasta ned absurde mengder med film og musikk i to år, og så vert eg kasta ut dei tre vekene eg er i praksis og ikkje har tid til denslags. Eg har nok mine teoriar om korleis dette har hendt, og eg har såleis sett i gang tiltak for å få att mitt kjære nett…og nå skal eg opp å vingle nokre it-administratorar trur eg.

Tegn på alderdom…

Idag opplevde eg det som til no må seiast å vera det tydelegast teikne på at er er i ferd med å dra på åra.

Mandag var fyrste dag i siste ordinære praksisperiode, og allereie tredje dagen ser det ut som om eg har gitt eit ulasteleg inntrykk på personalet, for i siste friminutt, tok ei av mine praksislærarar ordet og lurte på om eg hadde noko dame. (Diverre har eg ikkje det). Vidare lurte ho på kor gamal eg hadde rukke å blitt, og eg sa som sant var, at om kun kort tid no, så rundar eg 26 levde år her på denne kula.

Grunnen til at ho spurte, kunne ho fortelje meg, var at ho sjølv hadde ei dotter som nett hadde vorte 26. Denne blomen oppheld seg for tida i Bergen, og eg “verka som ein kjekk gut”.

Eg veit ikkje…men har det begynt å lysa “svigermor søkes” i panna mi eller noko? Men alt i alt, så må ein vel sei det at det er slike artige ting som gjer dagen litt meir utanom det vanlege, og som ein kan smile godt av seinare når ein tenkjer tilbake på praksistida si. Men den potensielle svigermora verker jo triveleg ho…:)

Ironien i det heile…

Då lakkar og lir det så smått mot ferieslutt. Det har vore ei fin tid. Eg har hatt det så fint som ein kan ha det takka vere den alt for tålmodige mammen min. Kleda mine har ho vaska, ikkje har ho vekt meg om morgonane (sjøl om eg har bedt ho om å gjøra det når samvitet har rådd meg til det), og verdas beste mat har eg og fått! Kort og godt ei draumejul. Takk takk mamma! (og ja, eg seier “mamma”….hald att tåta)

Det einaste som mangla, var eigentleg snøen…som sjølvsagt ser ut til å finna det for godt å leggja seg mjukt over dalen akkurat idet eg, og elles alle dei ferierande rogalendingane som i sine fantasiar om Øvre Sirdal som deira personlege winterwonderland har lagt nyttårsfeiringa si til denne lokasjonen, reisar herifrå att. Får vel berre håpe og tru at alt det kvite regnar bort att!

Novel…det er merkeleg med det, men det slår aldri feil at ved enden av kvar einaste ferie eg kan hugse, så har eg gleda meg til å byrje på skulen att. Slik sett er ikkje denne jula ulik nokon av dei føregåande. Det er rart med det…

Men då er det altså berre å stålsettje seg, og gjere seg klar for tre vekers skulepraksis som sjølvsagt kjem ALT for fort på etter ferien. Trøysta får vel vere at det er den siste, og at det stort sett endar opp med å vere mykje kjekkare enn det eg hadde tenkt meg på førehand.

Så adios Sinnes, HOLA VOLDA!