Category Archives: Generelt

Innlegg som ikkje fell inn under nokon spesiell kategori.

TBN

Twitter Broadcasting Network kunne det mest ha vore kalla. I kveld styrta/krasjlanda eit fly i Hudsonelva i New York. Dagbladet har sjølvsagt teke tak i saka. Morgondagens avisar kjem vel til å ha eit fly på framsida vil eg tru.

Men som også andre har fått med seg (jf. kommentarar under artikkelen eg har lenka til over her), så er kanskje ikkje Dagbladet og andre tradisjonelle nyhendeformidlarar lenger det som er fyrste og beste stoppestad for folk med litt over middels teft for det BBC kallar breaking news.

Sidan eg starta å skrive dette innlegget har det dukka opp 329 nye “kvitter” på Twitter …retting: 345, som omhandlar flykrasjet. Siste oppdatering: 365.

Og det fyrste biletet dukka og opp på Twitter då Janis Krums la ut eit bilete som no vert bombadert med treff frå heile verda, og følgeleg har litt problem med å verte lasta inn i min nettlesar her. Andre har heldigvis teke seg bryet med å leggja det på ei anna datamaskin.

Slik såg nettlesaren min ut etter å ha gjort eit søk der. Og no er det kome 603 oppdateringar sidan då…som vel er ein 5-10 minutt sidan. Snakk om brennheite oppdateringar…
Twitter Broadcasting Network

10 minutt med Picasa 3

Rykande fersk frå Google Labs kjem seinaste beta-utgåve av eit av mine desiderte favorittprogram; Picasa. Blandt dei største nyhendene er ansiktsgjenkjenning. Eg er ikkje så imponert over dette. Naturbilete er meir min smak kan ein kanskje seie. Så difor vil eg her ta ein liten kikk på nokre av dei andre nyvinningane som er å finne i programmet.

Tekst
Ein ting som har vore sakna i dei tidlegare Picasa-utgåvene er moglegheiten til å leggje tekst på bileta. Om det nå kanskje er ein smule harry i visse settingar, så kan det jo også vera litt nyttig i andre. Ein kan difor no skriva inn nokre ord på bileta, velje farge og skrifttype, ramme rundt teksten og det eg i norskfaget om dagen kallar NB!-uthevingar, altså understreking, kursiv, og feit skrift. Ein kan endåtil rotera teksten 360 grader rundt. Ei flott forbetring der altså.

Vevintegrering

Sjølv om Picasa er eit skrivebordsprogram som du må installera på datamaskina di, er det no tett integrert med alt som har med verdsveven å gjera. Picasaweb er staden der ein kan dela bilete med vener og kjente. Ein fer då ei vevadresse som ein kan gje til dei ein måtte ynskje der desse så kan gå inn og sjå korleis den vesle poden veks for kvar dag. Eg har ikkje teste ut Picasaweb sjølv i stor grad endå, så ein nærare kikk på denne vert mest opp til deg å ta deg av. Men at det er flott, ja det er det ikkje tvil om. Men ein ting har eg merka meg. Ein kan velje grad av kompresjon på bileta. Sit du fortsatt på ei tilkopling til verdsveven som mest av alt liknar på Ally McBeal, ja då kan du velje ein kompresjon med tanke på dette. Er du derimot interessert i å ha ein stad å lagre nokre bilete for å skrive ut i full storleik, ja då er dette og eit val ein kan gjere. Noko for ein kvar smak der altså!

Ny menylinje

Med nye utgåver kjem også kosmetiske forbetringar. Så også denne gongen. Menylinja nederst i skjermbiletet har vorte oppgradert, og i tillegg fått eit par nye knappar ein kan leike seg med. Mest interessant er kanskje “Collage” og “Movie”-knappane. Dei er jo i stor grad sjølvforklarande. Sjeldan har vel moglegheiten for å flotte videoar med stillbiletet vore betre, og eg trur til dømes at skuleborn kunne hatt mykje morro her om dei hadde vorte sluppe laus med digitalkamera. Collage…det å kunne lage eit stort bilete av mange små…joda. Det er jo nyttig det og, men slikt er vel ikkje akkurat noko ein gjer kvar dag.

Biletvisar

Vidare vert du under installasjonen spurt om du vil la Picasa 3 vere standard biletviseprogram for bileta dine. Dette tenkte eg faktisk ikkje over i det heile tatt, og klikka meg glatt vidare. Då eg seinare hadde lukka det ned og skulle opne eit bilete for å sjå fort på, ja då dukka det opp ein flott glidande biletvisar på heile skjermen min. Eg var mest imponert over å få slik ein flashliknande effekt på skrivebordet mitt. Ei aldeles fortreffeleg overrasking.

Picasa 3 er enno på beta-stadiet. Dette tyder at det ikkje er heilt stabilt, og for å nemne noko, så sug det prosessorkraft på høgde med vakumet i eit mjølkingsrøyrsystem! Det er då heller ikkje tilgjengeleg via den vanlege nedlastingssida for Picasa. Men eg ser føre meg at det nok dukkar opp på http://www.picasa.com om ikkje så alt for lenge. Så er nok dei fleste småproblema ute av verda, og altså berre å laste ned eit nytt program for handsaming av feriebileta dine!

Sumarens siste padletur

Målet for dagen var strengt tatt Ådnestøl, men ewg justerte litt etter kvart. Motvind temjer padlelysta, og når det i tillegg er ein litt tidleg haustvind…ja då freistar det meir å vera innandørs og ha det godt og varmt.

Fram til lunsjpausa etter halvannan times padling var det ikkje særleg mykje action å spora. Eit lam såg ut til å stå i hepte langt oppi ei fjellside, men det var lite eg kunne gjera frå kajakken, så eg bestemde meg for å melda frå då eg kom attende og fekk tak på ein telefon.

Det var altså ikkje før på heimturen ting starta å ta av. Medan eg sat og hadde min rast, høyrde eg med eitt stemmer. Eg trudde fyrst det var dei tre fiskarane i båt eg hadde sett rett etter at eg kom, men ut av det blå/grå kom det ein kajakk. Eg har for vane å treffe andre padlarar i desse farvatna, så eg kikte ikkje nærare etter før heile vatnet plutseleg var dekka av kanoar. 5 stykk for å vera presis. Det kunne vera ein gutegjeng på tur, eller det kunne vera Åna Kretsfengsel som var ute og fekk lufta seg. Eg har truffe dei før i fjellheimen. Då eg gjekk på ungdomsskulen. Kan tru det var ein spanande seanse. Okke som. Dei forsvann innover mot der eg i utgangspunktet hadde tenkt meg hen, og eg såg dei ikkje att.

Etter å ha padla ut til “vinkelen” av Valevatn og litt til, såg eg så ei trerot som låg og flaut midt ute på vatnet langt framom meg. Vinden hadde stilna av, så det slo meg at ho dreiv ein smule fort. Etter å ha tenkt i to sekund slo det meg. Sjølvsagt! Det måtte jo vera ein elg eller eit rådyr. Eg heiv meg på åra og fossa framover. Det er jo ikkje kvar dag ein kjem padlande over eit rådyr midtfjords! Eg la meg bak det ein 15-20 meter i frå og fylgde det inn til land på nordsida av Valevatn. Der stoltra det flott rådyret seg i land på spinkle, lange bein og sprang litt forjamsa oppover på rullesteinane som låg nedst med vatnet og opp i lyngen. Der stoppa det, snudde seg og såg på meg med øyra på stilk, før det for avgarde til heis medan eg ropte hadet til det.

Då eg kom lenger ut la eg meg til på vatnet så eg kunne sjå opp etter sauen/lammet eg hadde sett då eg padla inn. No såg eg ikkje snurten av det. Det var to moglegheiter. a) det hadde klart å klatra opp att, eller b) det hadde havna utfor. Auga mine leitte opp og ned i nærleiken av fjellhylla. Det slo meg at det var unormalt mange ravnar i lufta rett ved. Eg ante uråd. Eg kikka ned i det grøne under fjellhylla, og det var då eg såg ein kvit flekk som var litt kvitare enn steinane omkring. Han var ikkje stor, men fargen gjorde at eg vart mistenksom. Eg padla inn til land, og tok fart på den ganske så bratt klatrina opp til der eg hadde merka meg ut at flekken var. Eg håpte endå at det berre skulle vera ein stein.

På vegen oppover kom eg forbi eit tre der det hang ein stav på ei grein. Veldig sært å finna slikt der. Det var ikkje akkurat ein stad med mykje gjønomgangstrafikk. “O.S. Madland. 1990.” står det på han. Så dersom nokon kjenner Hr. Madland, så kan eg opplysa om at han kan få att den fine staven sin med å ta kontakt med meg. Nåvel…

Eg kom etterkvart opp til staden. Buskaset var ganske tjukt, så eg kunne ikkje sjå skikkeleg med ein gong. Men då eg kom meg gjennom det verste, var det ikkje lenger nokon tvil. Der låg det eit lam med blod på magen. Heilt livlaust. Eg tok borti det, og kvapp til då floger plutseleg flaug fram. Det er ikkje snakk om å venta på bordvers for dei karane! Lammet hadde tross alt ikkje lege der lenger enn maks 3 timar, og allereie hadde dei sett i gang nedbrytingsprosessen. Eg tok av klaven, og nappa med meg øyremerket og tok så fatt på nedstiginga til båten att.

Det var vel det meste av action eg hadde i dag. Då eg var komen heim, måtte eg jo sjå kor langt eg hadde padla. Armane var møre som Sopps Spaghetti etter 7 minutt i kokande vatn…ikkje mykje å klappa for med andre ord. Google Earth er min trufaste kompanjong når det kjem til distanseutrekning, og i dag viste det seg at eg hadde ikkje padla mindre enn 27 kilometer. Ei god økt altså, og etter alt og døme den siste padleturen eg får i 2008 sine sumarmånader. Om det vert ein fin haust, kan det nok bli litt padling utover men det gjenstår å sjå.

Tur til Sele

Søndag er turdag. Derfor vart eg med Birthe ein liten tur ut til Jærstrendene. Laksen hoppa nøgd i elva då regnet kom. Me gøymde oss i ein gapahuk for fluefiskarar, sjølv om me ikkje akkurat hadde laks på middagsmenyen.

Det irritterande var at bygeveret var særs lokalt, slik at vegane stort sett var tørre heile vegen heim art. Men eg fekk da i det minste gått på hengebru og hatt føtene i sanden!

Det er offisielt

Då er det gjort. 27,5 år tok det før eg fekk flytta frå Sirdal, men i dag dumpa det synlege provet på at det faktisk er det eg har gjort ned i postkassa.

I tilleg la eg merke til eit par ting då eg gjekk til jobb i dag. For det fyrste treffte eg bror min som kom kjørande sedvanleg tilbakelent i sin Peugot, med blå lys i fronten. Og det andre som var gledelig var då eg kikka opp på bensinpristavla til Statoil. Ho tok meg attende til fordoms tider…då Ananas Ha-På var å finde på frukostbordet og dieselen fortsatt kosta ein slikk og ingenting til samanlikning med bensinen. Skilnaden var ikkje kjempestor, men så skal ein heller ikkje krevje for mykje heller.