Category Archives: Generelt

Innlegg som ikkje fell inn under nokon spesiell kategori.

It’s the end of the world as we know it?

Tittelen, henta frå R.E.M’s store hit, må forhåpentligvis lesast med ein visse skepsis.

Men dette er unekteleg eit pussig samantreff.

Frå norrøn mytologi har ein såga om tida før ragnarokk, også kjend som Finbulvintar.

“Då driv det snø or alle ætter, det er sterk kulde og kvasse
vindar, ingen ting har gagn av sola. Det er tre slike vintrar -utan sommar imellom.” –
Wikipedia

I fjor var ein tåleg kald vinter. Stavangers innbyggjarar kunne gå på tvers av Breivatnet for fyrste gong på 15 år, og dei gjorde det lenge. Breivatnet er nok ein gong frose til. Altså vinter nummer 2. Ein til….

Samstundes har Mayakulturen i Sør-Amerika fastsett verdas ende i 2012.

Eg berre nemner det…

Pepperkaketsunami

Natt til i dag har ein eller fleire hatt moro med å øydeleggje oppimot 2000 pepperkakehus som var laga av små håpefulle i og rundt Bergen by. (NRK | Bergensavisen | Dagbladet)

Eg har nett lese gjennom kommentarane til artikkelen på BA sine nettsider. Det er mange ulike kjensler ute å går. Nokre er forbanna, andre er berre oppgitt. Politiførstebetjent Carsten Raa legg lite i mellom;

Dette er tapere,som ikke er flinke verken i skole, idrett eller sosialt. De må nærmest være tilbakestående

Dette slår meg som ein naturleg reaksjon. Sinne er let å ty til, men ein må spørje seg om kva det hjelp i denne situasjonen?

June T. M har kommentert på BA, og der skriv ho at ho ikkje er frå Bergen by, men no vil bidra til å byggje opp att byen. Det trur eg er rett innstilling. Bergen veit jo eit og anna om restitusjon etter byøydelegging. Eg vonar at foreldre no vil mobilisera og skapa ein endå større pepperkakeby enn den som var opprinneleg. Det ligg også mykje god lærdom i dette for borna. Vaksne som gjer dumme ting skal ikkje få lov til å øydeleggja borns draumar og harde arbeid.

I dagar der Internett vert skulda for å vere årsaka til mykje mobbing (Raa sin kommentar ville vel strengt tatt verte merka som mobbing i skuleverket), har ein no ein gylden moglegheit til å nytte dette mediet til å få fram eit bodskap frå borna. Thomas Moen har nett gjennomført eit slikt prosjekt.

Mi oppmoding er difor todelt;

  1. Bygg opp att pepperkakebyen…større og betre!
  2. Spel inn ein Youtubevideo med barnet ditt der du spør det kva det tykkjer om at vaksne øydelegg pepperkakehus

Det er sjølvsagt nokon som veit kven som står bak dette ropet om merksemd, og Julenissen T. kjem med eit godt forslag i BA sitt kommentarfelt. Den/dei ansvarlege burde sei unnskyld til kvart eit born som har fått øyedelagt sitt pepperkakehus i Bergen.

Perspektiv

I Noreg kan ein rett som det er høyra folk støna over utkantsstroka. Desse sære folka som plent ikkje skal verte urbane, men i staden tviheld på ein slags rett dei har til å bu langt uti huttiheita. Politikarar kallar dette distriktspolitikk. Folk på Frogner i Oslo kallar det galskap, eller i beste fall eksotisk.

Oddgeir Bruaset har gjort det å bu nord for Sinsenkrysset til underhaldning med sitt Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. God underhaldning. Han pirrar urmennesket i sjåarane med sine vitjingar til Sauøy, Femundshytta, Indre Fure eller andre bortimot fråflytta stader.

Det kostar å bu i utkantane. Ikkje berre mentalt og sosialt, men også økonomisk.

Den gamle snegleposten, altså den som du må henta fysisk i postkassa di, er kanskje på veg inn i pensjonisttilværet. Kostnadsspørsmålet er det som tel i dag. Difor er det sjølvsagt heilt feil at ein som bur i Akershus skal betala like mykje for å få eit brev tilsendt, som det ein person med bustad på Fræna skal gjera. Det er i alle fall det Posten Noreg og EU meiner. Om ein skal ta Posten på alvor når dei presterer å nytta 300 millionar (og det berre i 2008) på å skifte utsjånad, er kanskje eit relevant spørsmål?

Dirranbandi - 100 km frå nærmaste bensinstasjon.

Dirranbandi - 100 km frå nærmaste bensinstasjon.

Noreg er eit langt land, og med ein natur og geografi stikk i strid med alle EU-regulativ er det vel ikkje heilt tilfeldig at Finnmark stikk av med fyrsteprisen på bensinprisbarometeret. Kanskje er det dette Jens har lyst til å gjera noko med når han ikkje seier korkje ja eller nei på spørsmålet om han vil tillate oljeboring i Lofoten? For som kjent: den som tier, samtykker. Kanskje har Jensemann tenkt som så at no er det på tide at desse hardbarka karane oppe i nord også skal få tilgang til litt billig drivstoff, og difor etterkvart kjem til å settje i gang oljeboring? Kanskje, men neppe.

Men ein kan i alle fall trøste seg med at nokon alltids har det verre. I Australia brann nyleg den lokale bensinstasjonen i den 400 mann store byen Dirranbandi opp. Så for å få fyllt opp tanken er det no ikkje anna å gjere enn å settje seg i pickupen og vende nasa mot St. George, rundt 100 km lenger nord. Men her ligg det gode moglegheiter for matematikkrekning for dei små håpefulle, så det er kanskje ikkje så galt at det ikkje var godt for noko likevel?

Sanninga om ei myte

Rune Halvorsen gjorde det i si tid soleklart for meg at det å drikke Coca Cola frå glasflaske var noko heilt spesielt. For min eigen del gjekk det strengt tatt mest i Huset’s cola og champagnebrus utan at eg kjende den heilt store skilnaden mellom det eine og det andre. No når eg har trukke eit par visdomsjeksler, og bort endå fleire hòl, så er mine utskeiingar på “sockervatn”-fronten derimot særs sparsommelege.

Men Rune si urbane myte om at glasscola er ein suveren vinnar, kan sjå ut til å halda vatn. Matforskaren Sara Risch har sett nøyare på spørsmålet og kome fram til at dei ulike innpakkningane har ulik innverknad på den svarte væska.

“While packaging and food companies work to prevent any interactions, they can occur,” she says. For example, the polymer that lines aluminum cans might absorb small amounts of soluble flavor from the soda. Conversely, acetaldehyde in plastic bottles might migrate into the soda. The FDA regulates this kind of potential chemical contact, but even minute, allowable amounts could alter flavor.

Popular Science

Ahhh….

Attende til kvardagen

Etter nokre etterlengta feriedagar er det for mange attende til det normale att frå i morgon av. Kanskje like greit, for i år fekk eg aldri heilt den store påskestemninga likevel.

Trøysta er vel som alltid at neste ferie ikkje er så alt for langt unna…eigentleg. Det kan berre synast slik.

Men nye utfordringar ventar, og det vert spanande å ta fatt på dei. Uprøvde saker og ting skal prøvast, og så får ein sjå korleis ein kjem ut av det til slutt.

For å seie som Charlie Crews;

It’s not where they were, it’s not what they were. What if it’s what they were about to be? They were about to be happy!