Category Archives: Generelt

Innlegg som ikkje fell inn under nokon spesiell kategori.

Fotball på C-more

Det er krise i fotballnoreg. Fotballen er selt til C-more. Ein betalingskanal. No er fotballens interesseorganisasjonar, og ikkje minst eliteserieklubbane redde for tap av inntekter. Og tap av merksemd.

Sist eg var særs oppteken av fotball herja Myggen på midtbanen, og Berg plasserte langpassningar på krølltoppane til Flo, medan Leo fauk som ein strikkmotor opp og ned på kanten.

Det var ei tid då var fotball synonymt med sundagskveldar i solnedgang med ein batteridreven radio som serverte meg heile serierunden i mono.

Du og du så spanande det var! Ingenting var som levande berettingar frå Kristiansand stadion av engasjerte og dyktige kommentatorar.

Slik er det ikkje lenger. Spenninga er for meg borte vekk. Fotballen er ikkje lenger noko ein ventar heile veka på i spenning. Det er kamp kvar dag. Ikkje berre ein heller! Er det ikkje i norsk seriefotball, så er det kvartfinale eller sluttspel i ein eller annan cup i utanlands.

For meg er sjarmen fordufta. Litt på same måte som ein ser småborn ta i mot gåver no til dags. Gleda er der i eit par minutt, og så er fokus over på neste gåve. Gleda og prisverdet over den førre er fordufta som dogg for sola.

At fleirtalet likevel ikkje er som meg er likevel vanskeleg å vera usamd i. Fleirtalet har ein fascinasjon for fotball der dei ikkje kan få nok. Men samtidig så kunne eg for eit par år sidan stå på ei tribune, og høyra hardbarka supportarar gje vekk årskortet sitt gratis då favorittlaget ikkje levde opp til forventningane. Ikkje skikkeleg fan vil du kanskje sei? Mogleg det.

Men det er klart at med fjernsynsboksen som eit sentralt element i dei fleste hushaldningar no til dags, og fleire fotballbingar med perfekt dekke enn nokon sinne, så vil interessa for fotball verte lite kritisert. Fyrst når ein opplever at favorittfritidssysselen vert kjøpt opp av kommersielle aktørar med kapital som hovudmål i staden for kos, vert det debatt rundt ordninga.

Til slutt eit par andre observasjonar av fotballens utvikling.

Som nemnt er ballbingane dukka opp rundt om i nasjonen som padehattar. Perfekt i vater. Eg tykkjer synd om desse små. Dei skal Ikkje ein gong få oppleva å laga ein liten haug til ballen for å få ekstra lengd på innlegget, eller skru på ballen.

Samstundes har fjernsynet og vore utsett for ein slags reduksjon. Vel er biletkvaliteten no klårare enn om du sat fastklistra på sjølve ballen, men boksen er jo redusert i frå ein klart utprega 3D-ting, til no å berre vere i 2D, nett slik tidlegare foballbanar med humpar og dumpar på heile matta også har vorte redusert til strøkne parkettar.

Og på toppen av dette maktar Drillo å tape på heimbane…kva skjer eigentleg med fotballen?

Sjå her! Klikk på meg då…

I dag publiserte Fredrik Drevon eit fantastisk stykke journalistikk på Aftenposten sine nettsider. Artikkelen tek eit oppgjer med den populærmediale kulturen me i stadig større grad vert offer for.

I ein mediemarknad med stadig større fokus på å få klikk, noko eg konfronterte Lars Helle med i april i 2012, er det godt å sjå at det også i eigne rekker er ei viss misnøye med korleis journalistikken har utvikla seg til eit jag etter merksemd. Kva rett har forøvrig media til å sette søkelys på mobbing i skulen, når dei sjølve vel å servera slikt som dette til den, enn så lenge, meir eller mindre lesekompetente generasjonen. Og så skuldast det på dataspel?

Dagbladet fekk og eit sleivspark av meg om sin reduserte kvalitet i juli 2012. Diverre ser Dagbladet ut til å fortsette i same gata i februar 2013 etter ein liten snartur innom www.dagbladet.no i dag.

Det er underleg dette her. Eit akta yrke med høge inntaktskrav og minimum treårig bachelorgrad ender opp med å lage journalistikk på eit nivå lik ein ungdomsskuleelev som skriblar ned vegger og bord for å få merksemd. Er det dette me har igjen for at store store selskap som Schibsted, Amedia og Egmont skal kjøpe opp avis etter avis, for så å “spare penger”, det vil sei “tene meir”, ved å kutte i stillingar?

Er det ikkje intetsigande overskrifter, og artiklar utan innhald som dukker opp, så er det gjerne ei sak med ei vinkling ein dag, som eit par dagar etter har fått ei heilt ny vinkling. Alt for å få klikk. Alt for å selje!

I 1854 fanst ikkje internett. Klikk var noko ein fekk på pistolen under ein duell på liv og død i det ville vesten. Telefon, telegraf, gramofon og fotografi hadde si spede oppblomstring. På denne tida skreiv også Henry. D. Thoreau dette i si bok Walden:

“…jeg er sikker på at jeg aldri har lest en nyhet i noen avis, som fortjente å bli husket. Hvis vi én gang har lest om at et menneske er blitt røvet eller myrdet, eller drept i en ulykke, eller at et hus er brent ned, et skip forlist, eller en dampbåt eksplodert, en ku kjørt over på Western Railroad, en gal hund slått i hjel, eller at en gresshoppesverm er blitt sett midt på vinteren – så behøver vi ikke å lese om slik en gang til. Det kan greis seg med den ene gangen.”

Fornuftige ord allereie altså, men han fortset med å stille eit spørsmål som bør få ein kvar av disse klikk-jorunalistane til å skamma seg:

“Når du kjenner prinsippet, hva skal du så med det mylderet av eksempler som belyser det i praksis?”

Vidare avslutter den gode Thoreau med ei god oppsummering nyhetsbiletet slik eg ser det i dag.

“…alle nyheter, som de kalles, [er] bare sladder, og de som utgir eller leser slikt, er ikke annet enn gamle skravlebøtter som sitter og slarver over tekoppen. Og likevel er det ikke få som er grådige etter denne sladderen.”

Stavanger Aftenblads redaktør, Lars Helle, uttala dette på vårparten i 2012;

Som medieanalyse svikter vel bloggen din når du på den ene siden kommer med det alltid gjentatte, klisjéfylte argumentet om at vi gjør dette bare for å tjene penger, samtidig som du skriver at produserer noe folk ikke vil ha. Hvordan henger det på greip?”bloggpost

Snart 200 år etter at Thoreau skriv sine bevinga ord som eg har gjeve att over, er det jo på eit vis skremande å sjå at store deler av journalistikken, trass i betre verkty og tid til å modnast, fortsatt er på det infantile stadiet på jakt etter merksemd, klikk, og dermed også pengar.

Eller “banalt” som han sa, Drevon

Meininga med livet

“Her ein morgon høyrde eg ein fireåring spørje si mor, “Kvifor vart eg født? For å gå i barnehage?”.

Naturlegvis kunne ikkje mor hennar svara ærleg at, “Ja, det stemmer og no er me for seine!”.

Likevel kan ein til ei viss grad seie at born i dag blir født for å gå i barnehage og skule.

Mange studerer flittig i mange år for å finna svaret på kvifor dei vart til. Lærde og filosofar, sjølv om dei øydelegg heile livet sitt på det, seier seg nøgde om dei berre hadde fått svar på dette eine spørsmålt; kvifor vert me til?

I utgangspunktet hadde ikkje menneskja noko mål. No, i denne moderne tid, lagar vi oss eit eller anna mål, og strever heile livet med å finne meininga med dette målet. Det er ein einmanns brytekamp. Det finst ikkje noko meining å leite etter, eller eit mål ein skal nå. Berre spør eit barn. Det vil kunne fortelje deg at eit tilvære utan eit mål er langt i frå meiningslaust.

Frå det sekund eit born tek til i barnehagen, tek sorgene til. Menneska var i utgangspunktet lukkelege, men me har skapt ei hard verd for oss sjølve som me no strevar med å kome oss gjennom dag for dag.

I naturen finst det berre liv og død, og naturen er sorglaus.

I det moderne samfunnet me har skapt oss er det og liv og død, men folk er sorgtyngde.”

– Masanobu Fukuoka
The One-Straw Revolution

Fløytelåt

Selja står saftgrøn og sevjemjuk,
kvistfri og ferdig til fløytebruk
for hage småguthender.

Tonen kjem smygande, mjuk og var,
aukar i kraft og fær døyvde svar
langt borte frå andre grender.

Solgylt og djup med ein eim av vår,
slørd som i lengt og vemodig sår
han skiftande stig og bårar.

Gåta om livet ligg løynt der i
jordbundne krefter som gjer seg fri
løyst ut gjennom tusen vårar.

Småfuglen tagnar i skogen då,
undrande sit han og lyer på
og gløymer seg i lange stunder.

Barnet som stabbar i garden lær,
undrar seg på kva vel dette er
for spelande, blankt vedunder.

Frostsvar på tun står ein gamal mann,
minnest den gongen då også han
sprang berrføtt i fjell og finne.

Tonane leikar i hugen hans,
augo står fjerne med dimslørd glans
mot barndommens bleike minne.

– Jakob Sande

4. sundag i advent

No stundar det for alvor mot joletid. I dei korte dagane me har, er det sterkaste ljoset du ser tilbodsplakatane frå kjøpesentra. Desse lyser mot deg på ein måte som gjer at ein heilt kan verte blenda, og gløyme kva joletida handlar om.

NRK P1 sitt program Friluftsmagasinet tek tak i dette, og let kåsør Jimmy Øverdal få kome med nokre viktige ord til oss alle om kva jola eigentleg handlar om:

[audio:http://www.dalstroka-innafor.net/wp-content/uploads//2011/12/Friluftsmagasinet-Julekåseri.mp3|titles=Julekåseri]