Category Archives: Arbeid

Skriveri som har med mitt yrke som lærar å gjera.

Politikarforakt

At eg har ei viss form for politikarforakt er vel gjerne ikkje heilt ukjend. Noko av bakgrunnen for dette er mellom anna at det har vorte normalt å gjera karriere som nettopp politikar. For samfunnet sin del trur eg ikkje det er eit klokt val. For som det vert sagt i Høgre sine nettsider;

Det skal lønne seg å jobbe.

No har det seg slik at eg skil mellom det å jobbe og det å arbeide. Akkurat det er nok i stor grad min gamle lærar Magnar Undheim si skuld, men jo meir eg tenkjer på det, jo meir meining gjev det. Forslag til Høyres parole: "Det skal lønne seg å jobbe"For om du ser på ordboksdefinisjonane av dei to orda, vil du leggje merke til at ordet arbeid er mykje meir konkret enn ordet jobbe.

Eg veit ikkje om Høgre har tenkt på det, men halve definisjonen av sjølve ordet jobbe er jo faktisk det å arbeide med aksjar. Med andre ord; flytte papir.

Å gjere ein jobb til eit arbeide er for meg ein uting. Å vere politikar er jo strengt tatt ikkje eingong ein jobb. Det er eit verv. Eit tillitsverv til og med. For å gå vidare på tilfellet Høgre…Per-Kristian Foss har pr. i dag 28 år og 120 dagars ansenitet på Stortinget. Han har altså vore lenger på Stortinget enn eg har levd. Og så spør eg meg sjølv: har Per-Kristian Foss noko arbeidserfaring i bagasjen? Vel, ja. I følgje Stortinget sine sider har han heile tre år bak seg i journalistpraksis, og eit år som konsulent. Eg vert ikkje overtydd.

La meg så koma attende til sporet eg eigentleg er på.

Bilete frå UiB: Anders JohansenFør valet i år var det mange politiske debattar. I og for seg så er eg ganske nøgd med at eg kun fekk med meg eit par av dei. Eg tykkjer det er godt gjort når heile medienoreg køyrer valkamp for fulle mugger, og politikarorda tyt opp av kvart eit kummelokk. I Språkteigen den 13.09.09 vert politikarspråk teke opp som tema, og hadde Anders Johansen vore på val, veit eg i alle fall at han skulle fått mi stemme!

Set av 8 minutt, og høyr på kva denne professoren ved UiB har å seie om akkurat politikarspråk:

[audio:http://www.dalstroka-innafor.net/wp-content/uploads//2009/10/politikerspraak.mp3]

Mobbing på min grunnskule

I dag rulla Stavanger Aftenblad opp ei mobbesak på min gamle barneskule. Kven skulle tru det? På min vesle skule med berre 60-70 elevar, har folk gått rundt å mobba andre slik at dei til slutte endar opp med å flytta! Det er ei nyhend eg puttar i same skuff som 9/11 og ranet i Sveriga her om dagen…surrealistisk.

Det var visst også det skulen sjølv gjorde då dei fekk høyra om saka.

Foreldrene ble møtt med mistro…

Og det kan eg gjerne forstå. Når ein er slik ein liten skule kjenner ein jo som vaksen alle elevane. I tillegg kjenner alle elevane kvarandre godt. Kven kan tru at nokon er stygge med kvarandre, over lang tid, på ein slik stad? Det er som om Tussi skulle ha mobba Tigergutt i Hundremeterskogen så han måtte ta spretthalen sin å hoppe til andre jaktmarker!

Men er det noko ein veit om mobbing, så er det at det skjer overalt. Skjult mobbing er kanskje verst, og dei som er ekspertar på skjult mobbing er jenter. Slik sett er det gjerne ikkje heilt uforståeleg at det heile kom som julekvelden på kjerringa.

Det er trist at slikt skal hende. Det er endå tristare at det neppe er fyrste gong, og heilt sikkert ikkje siste gong det skjer heller. At det skulle gå så langt som til at eleven og familien måtte flytta er særs trist, og her skulle ein sjølvsagt gjort noko aktivt for å få slutt på mobbinga mykje tidlegare. Men igjen…det er gjerne ikkje så lett når ein korkje ser eller høyrer noko om det.

Sånn sett har, etter det eg kan forstå i frå Aftenbladet, bygdespøkelset i Sirdal nok ein gong slått til. Løyndomane som for alt i verda ikkje skal opp i lyset. At alt helst skal teiast ihjel, eller i det minste haldast innanfor fire dører…der har du noko av Sirdal si største utfordring! Om det stemmer som det står, at foreldra til jenta som var mobba vart rådd av andre til å teie, då ville eg skjemst så lang eg var over å ha gjeve slike råd.

Sirdølen tek og opp mobbesaka, om enn på ein litt anna vinkla måte. Ordføraren stiller seg kritisk til å ta slike saker opp i politiske fora, og det er eg einig med han i. At ordføraren sjølv kan vera innhabil i saka med tanke på at han sjølv har born på skulen, ja det er ein annan diskusjon. Men her tykkjer eg Frp og Ivar Hognestad har teke tak i saker dei ikkje skal. Dette handlar om pedagogikk, og erting/plaging/mobbing er noko som skal ordnast på lågast mogleg nivå fortast mogleg! At så ikkje har skjedd er noko ein må sjå på i etterkant, for sjølv skulane lærar her. Kanskje spesielt skular som ikkje har noko opplest historie med mobbesaker tidlegare.  Men som tidlegare nevnt…du kan vera sikker på at mobbing har hendt!

Meir enn ein veg til Rom

Denne veka var eg heldig og fekk ha nokre vikartimar på 7. trinn. Matematikk. Gjerne ikkje det ein helst ynskjer seg med nokre minutts varsel, men takk vere god planlegging frå elevanes faste lærar, så var opplegget spikra.

Temaet i dei timane eg skulle ha dei, var divisjon. Og elevane var flinke. Dei hadde jamnt god orden, og var flinke til å vise utrekning…rett nok kladda dei utrekninga på ei ark ved sida av, og skreiv kun svaret i boka, men dei nytta i alle fall kladdarket til det fulle.

Det som var artig å sjå, var på to elevar som hadde amerikansk og russisk bakgrunn. Desse to hadde utrekningsmetodar som resten av elevane aldri hadde sett trur eg. Eg let ditfor desse to få visa fram sine måtar å gjera det på. Så kan ein spørre seg; vert det mest forvirrande for resten av flokken?

Vel, eg trur at akkurat denne gongen var det ei positiv oppleving, både for “dei unormale”, og for resten av gjengen som fekk sjå at det var meir enn ein måte å gjera ei utrekning på. Dei var i alle fall imponert over kva medelevane med utanlands bakgrunn kunne visa fram.

Og medan eg var på veg heim til helg, kom eg til å tenkje på ein annan måte eg har sett tidlegare. Ein grafisk måte:

Om kvar skoen trykkjer

Eg trur eg har ergra over bruken av IKT i skulen sidan eg slutta i grunnskulen. Det er 12 år sidan. Etter det har eg stort sett hatt meir peiling på korleis ting kan gjerast enn det lærarane har hatt.

No, eit dusin år seinare, er eg sjølv altså lærar og eg vert altså av media stempla som ein udugeleg brukar av IKT. Rett nok har ingen endå sagt det direkte til meg, men det er klart eg tek det til meg når slikt dukkar opp i overskriftene til stadigheit. Litt på same måten som at ærlege rumenarar vert eitrande forbanna over at dei fer skylda for å kriminalitetsbølgja som nokre få råtne blad stod for i sumar. Det er ikkje kjekt.

Men eg gjer så godt eg kan. Eg gjer det eg maktar for å utdanna mine kollegaer, og eg gjer det eg kan for å utdanna elevane. For å gje dei alle eit lite drypp av auka digital kompetanse. Og reint bortsett frå at nokre heilt sikkert helst hadde sett at eg hadde fiksa problemet for dei og forsvunne  slik at dei kunne gjera ferdig vekeplanen, så våger eg å tru at dei på eit eller anna tidspunkt vil sjå attende og vera takksame for hjelpa. Noko dei sjølvsagt er der og då, men eg er ikkje alltid overtydd om det er ekte takksemd, eller berre god danning…altså høfligheit.

ITU kunne i 2007 melde om at 3 av 4 lærarar sjeldan nytta IKT i undervisninga. ITU er ein “nasjonal FoU-enhet innen feltet IKT og utdanning“, så dei burde veta det. 19. august i år legg så NRK skylda på lærarane. Det er lærarane si skuld at den digitale kompetansa som skuleelevane skal læra seg er på slikt eit skralt nivå…

TULLPRAT, seier eg!

Det som hindrar utviklinga av bruken av IKT i skuleverket er ikkje lærarane. Fleire lærarar enn ein skulle tru har eit ynskje om å nytta IKT i undervisninga, men det stoppar i mange tilfelle med at dei vert møtt av ei kommunalt IKT-byråkrati/hierarki som har linjer som eit spindelvev på Runde etter at siste hauststormen nett har fore oppover vestlandskysten.

Eg har endå til gode å treffa på ei sentral IKT-avdeling som tek i mot tips frå lærarstanden, og hiv seg rundt for å prøva noko nytt. Ikkje ein gong på høgskulenivå under mi fireårige utdanning var det tilfelle.

I Sirdal talte eg, og andre, sjefane midt i mot då dei ville kjøpa inn “mediumterminalar” til heile ungdomsskulesteget i kommunen. Etter å ha vedteke innkjøp av stasjonære maskinar i kommunestyret, gjekk likevel IKT-sjefen, i strid med sitt eige tidlegare gjevne råd, inn for å handla inn berbare datamaskinar.

I Sandnes krangla eg etter mitt syn for lenge for å få fram poenget om at det var for mykje sikkerheit for å kome på nett med dei berbare datamaskinane dei hadde der. Ei pålogging kunne ta opp mot 20 minutt….om du var så heldig å koma inn i det heile. Etter mykje mas, og etter å ha gjort meg tåleg upopulær hjå IKT-folka på rådhuset, fekk eg innvilga ei vitjing frå dei høge herrar til min ringe skule. Og etter ein del fram og attende, så vart det til slutt prøvd ut eit nytt system for dei trådlause maskinane.

Siste skot på stamma er at eg såg meg nøydt til å overføra nokre bilete frå mi private datamaskin etter at eg nytta mitt eige kamera for å ta nokre bilete i arbeidssamanheng. Letaste måten å gjera dette på, er å lasta opp bileta til Google-kontoen via Picasa. Problemet er berre at eg ikkje;

a) Har lov til å installera Picasa på jobbmaskina
b) Har tilgang til Picasaweb
c) Har lov å lagra store biletarkiv på skulemaskina

Nettopp. Så kva vert eg rådd til å gjera? Det er mest så ein må ta seg saman for ikkje å krampele, men faktum er at eg i 2009 vert beden om å ta med meg bileta til skulen via minnepinne, cd eller diskett. Ja du les rett. Eg vert frå sentralt hald i kommuna beden om å frakta med meg bileta til arbeid i eit format som ikkje har hatt livets rett sidan 90-talet.

Eg tek meg sjølv i å undra over kva slags form for digital kompetanse dei sit med. Ikkje ein gong ein lærar i den norske barneskulen ville ha kome på ideen om å nytta diskett til å kopiera bilete frå ei maskin til ei anna! Den påstanden vågar eg.

Kvifor skal eg vera så vanskeleg, i staden for berre å kopiera bileta på ein minnepinne eller ei cd-plate då? Vel. Argumenta er mange. Her er nokre av dei;

Minnepinne

  1. Forsvinn
  2. Knekk lett om ein er litt snar i svingen
  3. Pinnen min vert nytta til andre ting enn filhandsaming

CD-plate

  1. Er i ferd med å fylgje etter diskettane
  2. Er ikkje noko eg tilfeldigvis har liggjande rundt
  3. Knekk lett
  4. Forsvinn

I tillegg til dette, så kjem sjølvsagt det obligatoriske med at, om ein samanliknar med til dømes kommunikasjon, det er like fornuftig å frakta bilete på portable lagringsmedium som det er å skriva ein SMS og senda telefonen i posten til mottakaren!

Så stikk i strid med det NRK meiner, seier eg at det ikkje er lærar som er flaskehalsen, men derimot byråkratiet i kommunenoreg. Ein kan ikkje halda på med ei godkjenningstid på 2 år for programvare som skal vera tillate i nettverket når det innan den tid det vert godkjent har kome to nye oppdateringar som vil krevje nye godkjenningstiltak. Mitt råd er; opne opp! Slepp til alt. Nokre dokument vil kanskje forsvinne ut i det store internettholet, men slikt lærer ein av. Det heiter på fint digital kompetanse. Å unngå å få virus på maskine som ikkje har antivirussprogramvare installert…det er og digital kompetanse. Du treng nemleg ikkje fleire vevhotell frå John i Kina, så la ver å trykk på nettopp den e-posten.

Attende i kvardagen

Alt godt må jo ta slutt. Slik er det også med sumarferiar, og no er altså min 28 sumar slutt.

Kvardagen tok til på mondag, men med ny skule, ny kommune, nye elevar, nye kollegar…ja då vert det litt føling i starten.

Men det er godt å ha ei veke bak seg. Då har ein kjent litt på korleis kvardagen kjem til å bli. Som eit personleg mål, må eg sei meg godt nøgd med å kun ha gløymd bort ein time. Ellers har eg vore punktlig til kvar arbeidsdag og kvart ei tilsynsvakt. Eg unnskyldar den eine timen med at det var ein vikartime. 😉

Ellers har eg fått tildelt hovudansvar for musikk og kroppsøving på 3. trinn. Eg har meir enn ein gong angra på at eg gav etter for lysta til å høyra på dyktige musikarar i eit heilt år, og tok mine 30 studiepoeng med musikk i Volda, men etter å ha kome heilskinna gjennom dei to fyrste timane, trur eg at det skal kunne verte fint å ha i ei 3. klasse.

Kroppsøvinga er eg derimot skeptisk til. Med mine 28 år kjenner ein jo på kroppen at ting er i ferd med å leggja inn årene, men eg vil anta at så lenge eg held munnen lukka, og ikkje utfordrar dei små i ein augneblink av sjeldan arroganse, så skal det og gå fint. Eg er i alle fall godt nøgd med at halvårsplanen er i boks, og det til alt overmål i løpet av eit par små timar i litt frisk fjelluft. Men er han perfekt? Neppe! Og det er her du kjem inn.

EGREPg har lagd ut planen på verdsveven slik at han kan delast, gjerast betre, og etterkvart kanskje også vere til inspirasjon og arbeidsavhjelping for andre som er i same situasjon som meg. Ta difor ein kikk på han med å fylgje denne lenkja, les gjennom han og ta bort/legg til om du har tips eller forslag å kome med. Grunngjev gjerne forslaga dine i kommentarfeltet her på bloggen.

Og med det skulle kveldens bloggpost vere til endes. Hovudet kvernar stort sett om skulestart, namneinnlæring og overraskande foreståande vikartimar om dagen. Dette har i sin tur ført med seg ein kraftig tørkeperiode i bloggosfæren. Men slik er det jo. Ting går opp og ned. Eg skal halde utkikke etter gamle bøker for ein eventuell ny serie av same typen som eg hadde gåande her tidlegare.

Slåttestatistikk

Sumaren 2009 vart altså ein temmeleg fuktig affære. 247 mm regn er berre slått av oktober månad. Sist eg sjekka var det ein viss årstidsskilnad på juli og oktober?

Korte fakta:

  • Høyballar: 304
  • Hesjer: 9
  • Flatmarkstørka: mnjaa..ein del
  • Kasserte høylass: 6 (2 oppbrunne)

Kvar er satsinga?

Det hender av og til at gamle ting eg har kome over på nettet viser seg å verte dagsaktuelle igjen. Denne gongen var det eit foredrag av svensken Fredrik Härén på Kunnskapens dag i 2007. Under har eg lagt eit lite utsnitt av det som var mest aktuelt etter det eg kom over i dag. Heile føredraget kan du sjå meir av her;

Grunnen til at videoen ovanfor igjen vart hyperaktuell, er ein artikkel hjå Digi.no frå i dag, der dei kan fortelje at Huawei no er verdas tredje største aktør innan marknaden for mobil infrastruktur. Det siste året har dei nærast dobla marknadsandelen sin, og Härén trekte dei altså fram på føredraget sitt året før der igjen, altså i 2007.

No er eg sterk motstandar av å tru alt det ein les i media om dagen…dei har på ein måte sparka bein under seg sjølv tykkjer eg, men ein kan vel likevel settja ein tankekors om ein koblar det siste døgerets utvikling i Asia saman med det Härén snakker om, og ser på den ujamne satsinga på skule rundt om i Noregs mange kommunar.

I eit av verdas rikaste land burde ein kunne unngå åtferdsproblem i skulen…i alle fall når den sittjande regjeringa skryt av si satsing på skulen. Etter snart eit år som lærar veit eg ein ting; regjeringas ord er langt frå realiteten i skulen!

Bård Vegards skulefokus?

Utdanningsdepartementet med Bård Vegard Solhjell i spissen satsar på skule. I alle fall er det det rykta seier. Med sjukelister lange som ein skuletrøyt tiandeklassings siste skuledag før sumarferien, underskot som relativt sett dankar ut det verste Island har sett og generell mangel på tilsette til å fylla opp dei manglande postane som burde vore på plass i ein ufatteleg hektisk skulekvardag kan denne satsinga synast som eit spel for galleriet.

Men ein ting skal Solhjell ha. Han er flink til å nyttegjera seg av moderande uttrykksformer. Han bloggar. Og det er han flink til. Det siste prosjektet i rekkja hans om dagen er å presentera nokre av dei bloggane han kjenner til som finst ute i bloggosfæren. Slikt er prisverdig. Lærarar som vert presentert på bloggen til utdanningsministeren tykkjer utan tvil at det er stas.

Og kan hende det var nettopp difor eg tok på meg dei kritiske brillene og gjekk over dei bloggane han har presentert så langt. Beint fram rein avundsjuke? Men for all del…mange av dei bloggane han trekk fram er jo eg sjølv fast lesar av, og dei er innhaldsrike. Det eg kanskje saknar er noko frå barneskulen. Ein rask gjennomgang gav meg følgjande statistikk:

[Oppdatert statistikk: 16.02.09 i høve til Bård Vegard Solhjell sine bloggpostar.]

Oppmodinga ligg altså framføre deg Bård Vegard…hansken er kasta! Finst det verkeleg ingen barneskulebloggarar der ute? Eller kan hende er dei for opptekne med å driva undervisning?

Jobbane finst!

I dag kan mellom anna E24 og Aftenbladet melde om at det likevel finst fleire ledige stillingar i det offentlege. Trass i krisetider finst det altså likevel arbeid å få.

Det er ikkje lenger enn snaue 14 dagar sidan eg blogga om dette problemet;

I skulane trengst det lærarar, og som eg tidlegare har nemnd har nok mange utdanna forsvunne over i privat sektor. Difor er det litt skremande at det er så mange ledige jobbar. Når ein ikkje får ein einaste søkjar til ei fast stilling som lærar er eg redd det kan tyde på at mange som kanskje har ei lærarutdanning heller sit på gjerdet framfor å gå attende i læraryrket


Lærdom frå allmennlærarutdanninga?

I løpet av mine fire år som lærarstudent ved Høgskulen i Volda, er eg ganske sikker på at med ikkje ei einaste gong var innom det å settje opp ein årsplan i eit fag.

Som nyutdanna kjem du til ferdig oppsett, i alle fall om du startar arbeid i august rett etter somarferien slik eg gjorde. Du skal då i året som kjem gjønomføra dei årsplanane som er sett opp året før. I samband med dette har eg nokre spørsmål eg vil slenga ut:

  1. Kvar lærar ein å sette opp ein årsplan i løpet av den fireårsperioda ein er i utdanning? I kvart einskild fag? I pedagogikk?
  2. Korleis skal ein god årsplan sjå ut?

Dette er to ting eg har vorte ganske nysgjerrig på etter at eg meir enn ein gong har kjend på kjensla av: kva er det eg held på med? Oppmodinga går difor ut til lærarar over heile landet (og utlandet):

Kom med tips i kommentarfeltet, gjerne ei lenkje, til eit eksempel på ein årsplan du tykkjer er godt laga!