Category Archives: Økonomi

Pengar på e-post

Eg har tidlegare vore temmeleg irritert på banken min, SR-Bank. Å få tilbod i posten ein ikkje har bede om passar seg ikkje for ein som ynskjer å framstå som profesjonell.

No er dei i gang igjen. Denne gongen på e-post. I dag tidleg mottok eg ein e-post frå SR-Bank. I denne kunne dei stolt tilby meg, som ein av deira “gode kunder”, 20.000,- ekstra med deira SR-Bank Gold.

Noko meir fascinerande skal ein leita lenge etter. Her har eg i alle år vore flink og spara, har aldri hatt eit levesett som skulle tilsei at eg skulle måtte trenge 20.000,- ekstra, og…har alltid hatt pengar på konto. Likevel innbiller altså SR-Bank seg at eg treng dette søppelet dei sprer om seg med!

Når SR-Bank sender meg spampost på denne måten, er dei med på grave si eiga grav. Eg har ikkje bede om slike tilbod, men har tvert om skrive meg inn i Brønnøysundregisteret si ordning for resrvasjon mot reklame.

Hadde SR-Bank halde seg for god for slike stunt, ville ikkje lurendreiarar hatt det så lett. For støtt og stadig kan no media melde om svindlarar som gjev seg ut for å vera SR-Bank. Så for dykkar eigen del SR-Bank: dropp søppelposten! Både den analoge og digitale.

For tort og svie tek eg gjerne i mot betre rente på sparepengane mine.

Årets beste tilbod…eller?

Akkurat i tide til å kome med i kåringa “årets beste tilbod”, dumpa det ned eit brev i frå SpareBank 1 SR-Bank. Denne gongen med eit fantastisk påminning om deira tilbod til meg om kredittkortet SpareBank 1 Gold. Det originale tilbodet har på merkeleg vis aldri dukka opp.

Med dette magiske kortet flesker altså børsjomfrua SpareBank 1 til med følgjande tilbod til meg:

  • Lik pinkode som på kortet eg allereie har
  • Reise og avbestillingsforsikring (med tilhøyrande liten skrift)
  • Oversikt i nettbank
  • Trygg betaling

Men så tenkjer eg diverre litt på dette:

  • Kor sikkert er det å ha same pinkode overalt?
  • Kor enkelt er det eigentleg om eg kjem med forsikringskrav etter ei reise?
  • Eg har allereie oversikt i nettbanken…denne er eg ikkje nøgd med. Kva med å kutte kaffen (Java)
  • Får eg ikkje eit tilbod  om trygg betaling frå SpareBank1 SR-Bank allereie, sidan dei må nytta eit anna kort for å gje meg dette tilbodet?
  • Kvifor dukkar det opp slike reklamestunt frå banken min? Eg har jo ikkje bede om det!

Nei, Alice-Katharina Nielsen og resten av SpareBank 1 SR-Bank…dette er ein praksis eg ikkje likar. Det er slik praksis som skapar gjeldsslavar. Unge gjeldsslavar. At banksjef Nielsen(?) kan stå inne for ein slik praksis finn eg skremande. Hadde det ikkje vore for bankens siste stunt der dei hoppar på børsjaget, kunne eg mest fortsatt å tru at SR-Bank er den same, gamle trygge banken min. Den banken som gav meg ei søt panda-sparebøsse å spare på ei gong midt på 80-talet…før jappetida.

Men i staden trur eg at eg har fått eit nyttårsforsett for 2012. Litt forsinka, men legg eg til litt Wordefeud-nedtelling, så har eg pr. 19.55 den 2. januar 2012 fortsatt god tid på meg. Så her kjem det. Mitt nyttårsforsett for 2012 er – finne ein betre bank enn SpareBank 1 SR-Bank!

Medmindre då…ikkje at eg er kravstor eller noko.  Barclays Bank Delaware har jo dette som heiter Black Card. Eg trur livet mitt ville ha vorte betre med dette. Mykje på grunn av tilgongen til ei smekker dame i eit ekstra hudlag i skinn, med heilt grei kåk, ok motorsykkel, helikopter og ein brukbar pram å ta meg rundt i til sjøs:

Så takk, Sparebank 1 og Alice-Katharina Nielsen, men nei takk!

4. sundag i advent

No stundar det for alvor mot joletid. I dei korte dagane me har, er det sterkaste ljoset du ser tilbodsplakatane frå kjøpesentra. Desse lyser mot deg på ein måte som gjer at ein heilt kan verte blenda, og gløyme kva joletida handlar om.

NRK P1 sitt program Friluftsmagasinet tek tak i dette, og let kåsør Jimmy Øverdal få kome med nokre viktige ord til oss alle om kva jola eigentleg handlar om:

[audio:http://www.dalstroka-innafor.net/wp-content/uploads//2011/12/Friluftsmagasinet-Julekåseri.mp3|titles=Julekåseri]

Eit alternativt syn på tilværet

Lucero, argentinsk aleinemor og student, bur i ein fraktecontainer.

Materielle ting….alt er jo til låns. Vi eig jo ikkje ting, vi berre låner dei ei lita stund, og antan kastar det, nokon arvar det eller ein gjev det bort. Ingenting av dette er eigentleg eins eige.

Vi prøver å tryggje oss sjølv og desse identitetane vi skaper for oss…mitt hus, mi kone, min bil, mine born, mi karriere. Jo større, jo meir trygg og jo meir sikker er ein på at ein er seg sjølv. Men i røynda er jo huset du eig eit fengsel som er eigd av banken.