Category Archives: AA-studiar

Nomaden i meg ropar…høgt!

Takk og pris for at ein har gode vener som har vet til å ta seg ein svipptur utanlands når ein sjølv ikkje har anledning til det. For tida er to av mine kjære vener frå AA-studiet på nye eventyr utanfor riksgrensa, Kine og Magnus. I tillegg har mi kjære sambuerske frå siste året i Volda, Trine, sin eigen vesle verdsturne.

Kine oppheld seg for tida saman med si reisevenninne, Hanna,  i det sørlege Asia. Slettes ikkje ein gal plass å vere når gradestokken konstant syner blått. Med stadige oppdateringar på sin reiseblogg, varmar ho opp det stilleståande blodet i årene mine med sine mange skildrande bilete. Keep’em coming!

Magnus derimot, gjer det stikk motsette! Som tidlegare folkehøgskulesoldat ved Øytun Folkehøgskule, har han teke fatt på eit halvt års studium med fangstliv i Alaskas villmark. I utgangspunktet eit eventyr fleire lysår frå det han tidlegare har erfart av AA-studiet og journalistikkutdanning i India. Skal sjå at Magnus har fatta stor interesse for ying og yang etter sine visittar til Asia…

Trine er i motsetnad til dei to tidlegare nemnde ikkje fullt så informativ. Det reknar eg med at ho vil vege opp for ved retur til Noreg. Trine er rå på å filme sine mange eventyr, og dokumentasjon skal i så måte ikkje vere noko problem. Enn så lenge kjenner eg meir enn ei gong til dage på kjensla av kor flott eg veit ho må ha det på tur.

Er eg avundsjuk på mine tre reisande vener? Klart det! Men nettopp difor vonar eg at dei alle har ei fantastisk tid som dei kan hugse på resten av liva deira. Trøysta er i mellomtida ei god bok å forsvinne inn i; Down under av Bill Bryson.

Frå Japansk til Ånds

Eg vil vel anta at eg no bryt kraftig med alt som heiter opphavsrettar på Facebook. Sansynlegvis vil dei saksøka meg opp og ned alle jordas breidde og lengdegrader. Men det får så vera, for sjeldan har eg vore ute for liknande dialog på Fjesboka.

Det skal vel godt gjerast i utgangspunktet å koma inn på “Tre brødre som ikke er brødre” sitt “Åndsespråk“, men når ein tenkjer etter så er vel ikkje vegen frå Japansk til nettopp Åndsespråk lang…eller? Tja. Sanneleg om eg veit.

I alle fall gjorde mine to gode vener Jan Tore og Magnus (feat. Silje og Anni) kunstykket ut i frå biletet under i haust:

Eg trur ein skal leite lenge etter intellektuell dialog som så til dei grader bringjer fra smilet og på sett og vis appellerer til all mulige slags samfunnsgrupper. I tillegg til det som stort sett står på Japansk, kunne ein på plakaten også lese: “You have ten times more fun. Enjoy using the voice guidance, PDA!”. Samtalen gjekk så føre seg som følgjer;

Jan Tore
at 7:28am on November 9th, 2007
etter litt undersøking, fann vi ut at PDAen kun gav oss 7 gongar så mykje gøy, så vi saksøkte gjengen og vart søkkrike.

Magnus
at 7:36am on November 9th, 2007
For pengene skal vi kjøpe masse PDA’er, 7 ganger så moro er fremdeles mye moro for pengene

Jan Tore
at 7:39am on November 9th, 2007
med den der 7-dobla moro-dingsen, so kanskje det kan bli gøy med tannlegebesøk også?

Magnus
at 7:43am on November 9th, 2007
Tenk deg en tur ut på byen med detta utstyret. Kan nesten ikke vente jeg.

Jan Tore
at 7:45am on November 9th, 2007
vi kjem til å bli alkoholikarar heile gjengen med den dingsen.. :S

Magnus
at 8:18am on November 9th, 2007
Etter et slikt syretrip-substitutt kan vi ikke havne andre steder enn på kjøret

Jan Tore
at 2:27am on November 10th, 2007
ai-ai-ai-ai-ai!

Magnus
at 4:37am on November 10th, 2007
Det var synd det med PDA’en, hadde gledet meg til den, MEN MEN….

Jan Tore
at 4:40am on November 10th, 2007
vi gjorde en undersøkelse, der vi byttet ut PDAene med grønnsaker…

Magnus
at 4:41am on November 10th, 2007
Skal hilse og si det var mye groennsaker her

Jan Tore
at 4:43am on November 10th, 2007
Jeg vil ha Odd Nordstoga på kassett!

Anni
at 4:45am on November 10th, 2007
Eg blir lika gla kver gong eg faar notifications, aassaa e da berre daake saa fjase!!!

Silje
at 4:47am on November 10th, 2007
i aa!

Magnus
at 4:50am on November 10th, 2007
Tydelig at Anni benytter seg av skarpe semidiftonger når hun skriver “aassaa”, klassisk eksempel på åndsespråket, der vokallengden øker, og det vi står igjen med er kun en klassisk palataliseringgrunnform.

Jan Tore
at 4:54am on November 10th, 2007
G-en får en APPLIKASJON. Den blir guttural, og blir formet langt bak i halsen.

Magnus
at 5:05am on November 10th, 2007
Jeg mener at g’er med applikasjoner burde få større plass i de store etermediene som tv, radio og alskens annen lettbent og lettfordøyelig underholdning. Det gjelder selvfølgelig også i NRK. Målet er at folk skal gå rundt å si: Skal hilse å si at det er mye gutterale g’er her i år.

Jan Tore
at 5:10am on November 10th, 2007
På denne måten kan vi gjennom etermediene sympatisere med ånsene, ved at vi tar opp elementer i deres talemåte og benytter den kjærlig, støtt og stadig. Det kan dog bli vanskelig å uttrykke seg, og samtidig bli tatt seriøst, men dette aberet overskygges av den massive gleden av å bruke den applikerte g’en.

Magnus
at 5:22am on November 10th, 2007
Åndsespråk er kanskje det eneste språket som klarer å uttale glottale laterale approksimanter som for oss vanlige dødelige vurderes som umulige artikulasjoner. Det er klart vi har mye å lære av dette språket som særlig i indre nordtrøndelig stort sett blir brukt av allle innbyggerne.

Dette framstår jo også som eit perfekt eksempel på at det til tross for det ein del lærarar, foreldre og andre måtte tykkje, så kan ein lære ein heil del av ulike fora på Interenettet. Takk til Magnus og Jan Tore for flotte eksempel!

Ulike problem

Skodde over BrisbaneHer heime har me vanskeleg for å verta nøgde med veret. Er det for mykje sol, klagar bøndene på vassmangel, eller hushaldningane på høge straumprisar. Er det for blaut er det ikkje så greit det heller då ein risikerer flaumar og lite uttelling på den solinga ein har planlagd og drøymt om i heile vår, medan ein har svetta vekk gram etter gram inne på eit klamt treningsstudio.

Andre stadar i verda, til dømes i Brisbane, Australia har ein andre utfordringar. Juni 2008 teiknar til å verte den verste månaden i manns minne med tanke på…skodde. For det er nettopp skodda som har lagt seg over Brisbane og skapar visse utfordringar der down under. Ikkje berre vert flytrafikken hindra, men bilar har også problem med å navigera i tilhøve som byd på 50 meter sikt. The Courier Mail kan til og med melde om at CityCaten, den lokale ferga som fraktar folk att og fram mellom Brisbane sine breddar, er forsinka. Så også toget til Caboolture.

Brisbanes svar på vår eigen Vidar Theisen, Vikash Prasad, uttalte at det nok var uvanleg med såpass tjukk skodde over eit så stort område som ein opplever om dagen, men at det likevel var juni som historisk sett er den mest skoddelagde månaden i søraust i Queensland.

AA 2007 – The movie

Då er han endeleg her. AA 2007 – The movie. Dokumentasjonen på at det haustens kull med Austral-Asiatiske studentar har hatt ein aldeles fortreffeleg tur. No sit mellom 20 og 25 av dei deltakande og ser filmen på storskjem ein stad i Volda. Men for deg som ikkje kan vera der har eg fått nokre hardt tilmålte ekstra megabyte på ein vevserver her på skulen som vil vera tilgjengeleg i alle fall ein månads tid framover. Sjølv om det nok går, så vil eg ikkje oppmoda til å klikka rett på lenkja etterpå. Best resultat får ein nok med å høgreklikka, og så velgje “Lagre som”. På den måten får du filmen ned på den maskina du sit på og får etter alt og døme ei betre oppleving. Så finn fram popcornet, skru opp lyden og snurr film!

Last ned filmen.

Amanda neste

Nærliggjande filmedebut…

I desse dagar når vintermørkret fortsatt har eit klampt tak på tilværet er det godt å ha eit lite prosjekt å styra med frå tid til annan. 80 gigabyte, og gudane veit kor mange timar med råmateriale har omsider vorte snekkra saman til ei samanhengande filmstripe. Det har gått med nokre ettermiddagar/kveldar…i dag flaug 7 timar avgarde som ingenting, og då eg omsider dukka hovudet ut or kjellaren der eg og Pernille sit og cross-fader, kuttar og flytter klipp om ein annan til eit mesterverk av ein AA-film, ja då hadde det jammenmeg landa 30 centimeter med mjuk snø på marka.

Men i alle fall…filmen er no ferdig redigert og berre det viktige musikkvalet står igjen…noko ein jo sjølvsagt ikkje skal ta lett på. Men premieren er i det minste eit realistisk mål i ei ikkje så alt for nær framtid. Så til alle AA-medlemmar…ver klar for å skyfla alle planar til sides til fordel for verdsdebut av AA-filmen ’07 på BK/Rokken i nær framtid. 🙂

Home, sweet home

Eg har vore på tur sidan slutten av august. 3 månedar. Eg kunne ha vore i utlandet endå, men eg valde å reise heim. Eg klarar ikkje å takle meir enn ein viss dose med sol, varme og kronisk stabilt vér. Folk ristar på hovudet når eg fortel at eg faktisk savna det ruskete haustveret som med opplever i Norge.

No har det strengt tatt vorte vinter, i alle fall i teorien. Då eg var liten og gjekk på Sinnes Skule, lærde eg at vintarmåndane er frå desember til februar. Og i år har det faktisk vist seg å halda stikk. Ute er det i alle fall snø på marka. Men mitt poeng er…folk har vanskeleg for å å forstå kvifor eg stakk heim. Difor har eg lagt ut nokre grunnar under. (Klikk på biletet for å sjå eit lite galleri/Press the image below to view the winterwonderland gallery)

dsc_0002.JPG




Løysing på avstemming.

Dei siste månadane har vore opplevelsesrike og ganske så annleis i frå korleis ein normal haust utspelar seg for ein Nordmann. Japan baud på ein del av det ein vel kan karakterisera som kuliniske utfordringar, medan Australia ikkje svikta som den backpackar og ekstremsportnasjonen han etterkvart har vorte kjent som.

Alternativa for avstemminga var altså som følgjer:
– Ete blekksprut
– Rede på kamel
– Sykla på vatnet
– Opplevd eit jordskjelv

Til tross for at Japan er kjend som kanskje det mest jordskjelvråka landet i verda, var me nok ikkje så heldige at me fekk oppleva eit slikt naturfenomen. Ein liten nedtur kanskje, men så er det på ein måte kanskje like greit og?

Men blekksprut fekk eg fortært. Rå sådan. Det var slettes ikkje noko eg kjem til å føretrekka som laurdagssnacks i framtida, men no kan eg i alle fall sei at eg har ete det.

Og kamel er også ein ting eg fekk prøvd meg på. I Australia av alle stadar. Så merkeleg det enn må høyrast ut, så er det der det finst flest kamelar i heile verda. Det var ein ganske roleg og avslappa event. Kamelar er ikkje av det mest stressa dyreslaget for å seie det slik. Men artig var det fordi om.

Noko sykling på vatnet har det nok ikkje blitt men kanskje det kan vera eit mål for neste år eller noko. Morro ser det i alle fall ut:

[youtube:v=g9bmLv6iUj4]

Avskjedskonsert

seremoni.JPG

Det er med ei tåre i augekroken at eg går inn i mi siste natt i Malaysia, og for den del i Asia på ei stund. Det har vore ei fin tid. Men likevel…endå så takksame Malayane må vere over at eg har vore her nede på vitjing til dei, så synest eg at det mest var litt i det drøyaste laget at dei skulle stelle i stand ein aldri så liten avskjedskonsert til meg den siste kvelden. Det var i alle fall langt i frå forventa. Så sjølv om det ikkje akkurat er som den rolige “Sov i ro” til Mamma, så tek eg tonane (??) med meg inn i natta…om eg nå får sova!

[audio:seremoni.mp3]

Election ’07: resultatet

Då er det endeleg avgjort. Etter månader med spekulasjonar på om John Howard kjem til å skriva ut til nyval snart, var det nettopp det han gjorde for ein månad sidan. I går vart valet halde og idet eg stod opp i dag kunne eg til mi store glede sjå at Kevin Rudd, opposisjonsleiaren og den argaste konkurrenten til John Howard har gått av med sigeren.

BBC kan melda at etter at 70 % av stemmene er opptelt, så har Rudd allereie fått dei 72 seta i Senatet som var påkrevd for at det Australske Arbeidarpartiet skulle få fleirtal der.

Etter 11 år med Howard ved roret var nok dei fleste litt lei av han. Fleire av førelesarane me har hatt i løpet av mitt studieopphald i Australia var og tydeleg misfornøgd med tilhøva slik dei var no, og kanskje spesielt med nokre av dei politiske ståstadane til Howard. På spørsmål som Krigen i Irak, Kyotoprotokollen og i høve til rettane til dei Australske urinvånarane var Howard etterkvart blitt ganske så kontroversiell.

Men no er det altså tid for “New Leadership” (slagordet til Rudd & Co), så då er det berre å lena seg attende og sjå på kva retning Australia vil ta i dei næraste åra. Rudd får i alle fall eit rungande “good on you mate” frå meg.

For meir info om valutfallet: http://www.abc.net.au/elections/federal/2007/