Category Archives: Reise

Nepal revisited

I 2003 drog eg og Olav på reise verda rundt. Eit av landa me besøkte var Nepal.

Dei siste par dagars tid dreg fram mange kjære minne frå dei få dagane me hadde der.

Under er ein liten filmsnutt som er filma med eit 8mm kamera. Bileta syner stader langs reiseuta frå Kathmandu, vestover til Pokhara og vidare vest til startpunktet for vandreturen me hadde i fjellkjeda Annapurna, Ghandruk.

Då me var der i 2003, var det fyrste som møtte oss tanks i gatene. Det var kontrollpostar på vegen til Pokhara, og politiet kom inn på bussane for å sjekka. Skremande for eit par fyrstereisgutar frå dalstroka innafor på knappe 20 år.

Eit fantastisk flott land som Nepal treng ikkje borgarkrig når slike hendingar som jordskjelv råkar landet, utan å skilje mellom folk.

La oss håpe at ingen ser denne hendinga som ein moglegheit til maktmisbruk, men at det skapar grobotn for fortsatt fredeleg sameksitens.

Dokfilm 2010

Frå torsdag denne veka har eg vore stasjonert i vene Volda. Her vart eg møtt på flyplassen av Synnøve. Skulle tru det heile var regissert. (“Truman show” anyone?) I tillegg var nøkkelen til frk. Ølnes strategisk plassert i konvolutt i skranka, så eg fekk plassert bagasjen på ein trygg stad. (Ei anna av dokumentarfestivaldeltakarane som sat på i bilen, stirra med store auge på at me gjekk i frå bilen ulåst midt i Volda sentrum….ho var østlending.)

Så med snippsekken trygt plassert i det som nok er Voldas tryggaste hus, var ikkje vegen lang til ein superflott lunch/catch-up med Hanne på eit nytt tilskot i utelivsbransjen i Volda. Pastasalat og ein god kopp te i lausvekt gjorde under med filmenergien i kroppen.

At det blir for lite tid til å rekke å sludre med alle gamle kjente på ein slik festival er soleklart. Skulle gjerne utvida opphaldet med nokre veker! Men kort sagt: det var kjempekjekt å sjå dykk att! I tillegg vart det også nokre nye bekjentskap. Mykje kjekke nye folk!

Det var jo tid til litt film og. Her er namnet på dei eg fekk med meg:

I dette utvalet er det mykje flott film, men Food Inc, End of the line og Uteliggerenes sang er tre eg verkeleg vonar du fer oppleve!

Her er også nokre få glimt frå seansen.


















Vinterferien er komen til endes…

Teknisk sett er vinterferien 2010 over, men både frå og til arbeid tek eg meg sjølv i framleis å vere til stades i Gerswhin teater på Broadway…mentalt. Eg var og såg musikalen “Wicked” der. Ikkje ein du har høyrd om nei? Det var og litt av grunnen til at eg hadde lyst å sjå nettopp den. Dei meir kjende veit ein allereie historia på…det gjorde eg ikkje med denne, og då opplever ein noko meir enn kun framsyninga. Det viste seg å vera ein suksess i mine auge. Her er eit lite klipp av det som for meg var stykket sitt høgdepunkt;

Nomaden i meg ropar…høgt!

Takk og pris for at ein har gode vener som har vet til å ta seg ein svipptur utanlands når ein sjølv ikkje har anledning til det. For tida er to av mine kjære vener frå AA-studiet på nye eventyr utanfor riksgrensa, Kine og Magnus. I tillegg har mi kjære sambuerske frå siste året i Volda, Trine, sin eigen vesle verdsturne.

Kine oppheld seg for tida saman med si reisevenninne, Hanna,  i det sørlege Asia. Slettes ikkje ein gal plass å vere når gradestokken konstant syner blått. Med stadige oppdateringar på sin reiseblogg, varmar ho opp det stilleståande blodet i årene mine med sine mange skildrande bilete. Keep’em coming!

Magnus derimot, gjer det stikk motsette! Som tidlegare folkehøgskulesoldat ved Øytun Folkehøgskule, har han teke fatt på eit halvt års studium med fangstliv i Alaskas villmark. I utgangspunktet eit eventyr fleire lysår frå det han tidlegare har erfart av AA-studiet og journalistikkutdanning i India. Skal sjå at Magnus har fatta stor interesse for ying og yang etter sine visittar til Asia…

Trine er i motsetnad til dei to tidlegare nemnde ikkje fullt så informativ. Det reknar eg med at ho vil vege opp for ved retur til Noreg. Trine er rå på å filme sine mange eventyr, og dokumentasjon skal i så måte ikkje vere noko problem. Enn så lenge kjenner eg meir enn ei gong til dage på kjensla av kor flott eg veit ho må ha det på tur.

Er eg avundsjuk på mine tre reisande vener? Klart det! Men nettopp difor vonar eg at dei alle har ei fantastisk tid som dei kan hugse på resten av liva deira. Trøysta er i mellomtida ei god bok å forsvinne inn i; Down under av Bill Bryson.

Funderingar i høgda

Nokre tusen fot oppe i lufta, på veg til Dokfilm ’09, vart eg sittjande å glo ut på skyene og fundera på ei sak. Eg har ein tendens til slikt. Vurderer mest eit høgdeopphald for å sjå om hjerna fungerer best i høgda, eller om det berre er feberfabuleringar som dukkar opp på grunn av at ei 40 cm tjukk vengje skiljer deg frå den visse død i eit fleire tusen meter fritt fall mot marka.

På veg til VoldaI alle fall. Her er noko som nokon kanskje kan svara meg på;

Me går varmare tider i møte. Meir og meir is smeltar og renn ut i verdshava. Auka varme og meir vatn skulle ein tru også ville medføre meir fordamping. Fordamping i hav endar som kjent opp som skyer. Skyer skygger for sola. Kan ein då risikera at skyene på eit visst tidspunkt dekkjer så mykje for sola at ho ikkje slepp inn sine varmande solstråler til jorda slik at ein på ny går mot ei istid? Kor mykje skyer kan ein eigentleg ha der oppe?

Slike finurlege ting dukkar altså opp i ei ståltube 24000 fot over bakken på veg til Volda. Er det eigentleg normalt?

Kor fort er for fort?

Bilen min er ikkje den kjappaste i gata. Nede i parkeringsanlegget står han mellom ein flott Volvo V70…siste årsmodell, og ein liten gul og svart racerbil! Men eg skjemst ikkje fordi om. Eg likar bilen min. Han har frakta meg rundt om i Noregs land no sidan ein gong seint på 90-talet. Men fordi om han er ein meir praktisk bil enn ein underhaldande bil (eg har ikkje ein gong radio i han), skal eg innrøma at eg har testa grensene litt. I ein tunell. På ei lang strekke utan andre bilar i synsranda. Då fekk eg han opp i 140 kilometer. Eg trur eg skulle klart å drege han opp mot 150…i fritt fall!

Denne innleiinga har eit poeng som ligg langt i frå det at eg skal skryta av kor fort eg har kjørt. Det er ikkje tøft på noko vis. Eg har floge i nær 300 kilometer i timen i fritt fall over Lake Taupo på New Zealand og…det var tøffare. Ikkje sette det helse og liv til andre i fare heller…bortsett frå han som hadde meg på magen sjølvsagt, men han hadde jo valt det sjølv han og.

Men til poenget…i alle bilar finn ein hastighetsmålarar…speedometer. Av ein eller annan grunn går mitt til 200 eller deromkring. Men kvifor? Kva er poenget med det når;

  • maks fartsgrense i Noreg er 100 km/t
  • køyretilhøva i Noreg ikkje er egna for meir enn 70-80 km/t i store delar av året
  • eg aldri ville ha våga meg noko særleg over den magiske riste-grensa på 140 likevel

Eg kom over ein interessant artikkel på ei engelsk side ved navn Treehugger som tok føre seg nettopp dette spørsmålet. Ein interessant parallell vart dregen til temaet i ein ganske grotesk film ved navn Supersize Me. Filmen er ein dokumentar om eit eksperiment der ein freistar å leva ein månad på ein McDonald’s-diett for å sjå om det i det heile tatt går, og kva verknadar det eventuelt gjev.

Mange forbukarar, når dei får valget, vel den største porsjonen tilgjengeleg. Du har heilt sikkert, som meg, velt eit litt større glas med Cola for berre eit par kroner meir. Det gjev jo meir for pengane! Slik er i alle fall teorien bak. Og med dette i mente, dreg så artikkelen på Treehugger ein ikkje heilt usansynleg tråd til automobilverda…

Kan det hende at same type psykologi påverkar køyremønsteret vårt? Er det mogleg at ein vil køyra litt fortare enn ein burde gjere når augene ser at det er mogleg? Om det så enn berre er dei vesle 5 kilometrane ekstra? I så fall er det urovekkande.

Desse 5 kilometrane ekstra kan vere skilnaden mellom å halde seg på vegen i neste sving, og å dra ret avgåre mot skogen. Det kan vere skilnaden mellom å kome heim til avtalt tid, og å treffast på oppvakninsavdelinga på sjukehuset. Det kan vere skilnaden mellom liv og død.

Ein må sjølvsagt legga seg på minnet at det er forskjell mellom Jørgen hattemakar og kong Salomo…og det er også forskjell mellom, med fare for å skjera alle over ein kam, ein 18 åring rett ut i frå Vegvesenet sine lokal med ferskpressa sertifikat og ein førtidspensjonert, tidlegare kommunalt tilsett. Men likt for alle, er at ein kan havne i ein situasjon der ein kanskje må nå eitkvart, og kanskje akkurat då er tida ein ikkje skulle ha kvesta dei ekstra kilometrane ut av nåla på det lysande instrumentbordet i haustmørkret.

Så mi oppmoding for hausten verta denne; slakk av på foten! Det er betre å venta 5 minutt ekstra enn å venta fånyttes.