Category Archives: Politikk

Det hender at eg tek føre meg litt politikk og.

Studielån

Er dette noko av grunnen til at eg er så sugen på å sletta mitt eige studielån så fort som mogleg? Det kan vel hende. Men korleis står det eigentleg til med studiesituasjonen i Noreg? Vel har vi gratis utdanning, men så vidt eg veit, er det ikkje gratis å bu der ein tek utdanningane…i alle fall ikkje om ein skal halda seg i storbyane rundt om i Noreg. I desse statsgjeldtider (Hellas/USA)…kor mykje studiegjeld har eigentleg norske studentar å betala ned dei neste 40-50 åra? Og vil vi ha arbeidsplassar nok til desse?

Løn for arbeidet

Eg tok ein tur innom biblioteket i dag og lånte meg ei flott bok av engelskmannen John Seymour. Det var ei svensk omsetting. I innleiinga er det ei avsnitt som er titulert “Belöningar“. Det var så flott, at eg har lyst å gje deg ei nynorsk omsetting her.

“Dei eldre handtverkarane har endå den gamle haldninga til løn for det arbeid dei gjer. Tidlegare var ho allmen, men no er ho diverre sjeldan. Haldninga er at eit godt arbeid skal ha ei rettvis løn. No for tida høyrer ein helst «eg tek ut det marknaden toler.»

Eg gløymer aldri den gongen eg endeleg hadde lukkast i å overtala den dyktige handtverkaren Harry King, båtbyggjar i Pin Mill i Suffolk, om å byggje ei trejolle til meg. Dette var rett etter andre verdskrigen, då det var vanskeleg å finna handtverkarar som var i stand til slikt arbeid. Han vegra seg lenge, men til slutt makta eg altså å overtala han.

«Kor mykje kostar ho?» spurde eg.
«Tre pund pr. fot», svara han kort.
«Men hr. King, alle eg har vore hjå tidlegare har teke fire pund pr. for! Du må då ha rekna feil.»
«Tre pund pr. fot er det eg skal ha. Om det ikkje passar deg, kan du gjerne kjøpe båten ein annan stad. Eg er ikkje tvungen til å byggja båt til deg.»

Den verkelege handtverkaren treng ikkje meir en tilstrekkeleg. I våre dagar, med stor sosial mobilitet, er alle ute etter meir en det ein treng. Me spør ikkje lenge «kva er vara verdt?» eller «kor mykje treng eg?», men derimot «kor mykje kan eg få?» Eg har kjent mange ungdomar som har forsøkt seg på eit handtverk og gjeve opp på grunn av at dei ikkje kan tene meir enn dei treng, sjølv om dei faktisk tente det dei hadde bruk for.

Og meir enn tilstrekkeleg, er det dei sjølve meiner at dei treng. Ei jord der kvar innbyggjar forsøker å skaffa seg meir enn tilstrekkeleg, er ei jord som kjem til å møte på problem. Og når alt kjem til alt, er eg sikker på at vi ikkje vert lykkelegare av å ha meir enn tilstrekkeleg.

Ein kan absolutt få for mykje av noko godt. Det ein vert lykkeleg av, er å ha eit yrke ein trivst i, få tilstrekkeleg kompensasjon og ta i mot den verdsetjing som er fortent.”

Energiillusjon

I mange år no, har olje vore den vestlege verdas heroin. Utan olje vil vesten mest sansynleg stå framfor ein situasjon som fer konflikta i Midtausten til å bleikna.

For to år sidan var den daglege av olje, og slik sett også det daglege forbruket av olje, det same som om ein skulle ha 22 milliardar slavar som arbeidde 24 timar i døgnet, 7 dagar i veka, året rundt.

No kan ein sjølvsagt påpeike det at heile verda er på oljekjøret. Men ingen er så ute på skråplanet, så fråkopla frå den verkelege verda som me her i vesten.

Teknisk Ukeblad har i dag ein artikkel der dei set søkelyset på kor miljøvennleg ein elektrisk bil eigentleg er. Drivstoffet kan nok kanskje vere produsert frå regnvatn i dei norske høgfjella (kor reint er eigentleg det?), men ein kjem likefullt ikkje utanom det faktum at ein treng ein del ressursar for å laga batteria som lagrar den elektriske krafta.

Det same er også tilfelle når det gjeld solcellepanel. Energikjelda er det endå ikkje nokon som har fått privatisert, men det er gjerne berre eit spørsmål om tid, på same måte som ein har teke patent på visse frø eller gjort vatn til eit produkt som internasjonale selskap kan ta seg betalt for? Uansett treng ein material for å produsera solcellepanela.

Først av alt kjem kvartsen. Den skal utvinnast og knusast. Dernest vert silisium vidareforedla frå kvartsen gjennom det som er kjend som Siemensprosessen, der ein varmar opp kvartsen til drøye 1150 grader celsius, noko som frigjer silisiumet i 99% rein form. Alt dette krev enorme mengder med energi i produksjonsrekka.

Det ser med andre ord ut som om me er i ferd med å erstatta vårt oljesug, med ein energiform som ikkje er så reint lite energihungrig sjølv. Så kva er det eg seier? Skal vi attende til 1800-talet? Kanskje det er det som trengst. Ein skikkeleg smell, utan at det vert overdose.

Det som er interessant her er jo ikkje nødvendigvis kva eg tenkjer…men kva me tenkjer. For det blir me før eller seinare nøydt til.

1 4 5 6 7 8 20