Category Archives: Uncategorized

Julesongar 2020

Då er det tida på året att, då mørkret regjerer timane, og ein med godt samvit kan krypa ned i sofaen med litt stemnigssakapande julemusikk i bakgrunnen.

No kunne ein nok også skrive litt kun om sjølve lytteøvinga, og korleis den har endra seg berre på dei siste 10 åra, men det får bli ein anna seanse.

I denne omgang vil eg nøye meg med å presentere nokre “julete” songar som pirrar mine flimmerhår i det me tek steget inn i siste månad av året.

Det vil kome litt mindre enn ein kvar dag (satsar på helgefri), altså eit R-tal under 1.

Den fyrste vil verte publisert 1. desember ein gong, og dei er ikkje i nokon spesiell rekkefølgje….stort sett. Følg med, følg med…

Holmestrand offentlige skole for døve – foreldreblad – 1943

Min farbror, Ingvald, gjekk på Holmestrand offentlige skole for døve under krigen. Utsnittet over er delar av foreldreblad som vart sendt ut i januar 1943.

Med tanke på siste tiders koronapandemi, så trur eg ein skal vere glad for at ikkje forsyningslinja med mat vart påvirka.

No var ein “heldig” denne gongen, men neste krise kan fort påvirka drivstofflinja. Då har ein med eitt eit kjempeproblem.

“I skoleåret 1940-1941 og 1944-1945 hadde tyskerne overtatt skolen og brukte den som base. Årene i mellom var elevene på skolen som vanlig. Fordi det var så lite mat under krigen, begynte skolen å dyrke grønnsaker som potet. Etterhvert begynte de også med gris.”Wikipedia, Holmestrand offentlige skole for døve


“Så var det en sak som jeg gjerne vilde at dere foreldre kom med uttalelser om. Det gjelder de deilige sendinger av ost, smør, syltetøy o.s.v. som barna får heimefra.

No i disse tider da det er så vanskelig med mat, er skolen meget taknemlig for dem. No i disse tider da det er så vanskelig med mat, er skolen meget taknemlig for dem. Hvert barn gjemmer sine gode saker i et skap og tar det selv fram til hvert måltid og det er en glede og se hvor det smaker dem. Skolen har jo ikke i disse rasjoneringstider for meget av slike gode saker.

I normale tider er det imidlertid et stor MEN som kommer til. Forholdene er nemlig slik at det er en hel del barn som ikke får sendt slike godsake heimefra.

Det gjelder særlig dem som kommer fra byene. I byen er det jo ikke noen overflod på mat.

Er det en glede å se på de barna som har fått noe heimefra så er det trist å se på dem som ikke har no. Det er lange blikk som blir sendt dem som har noe, og lukten av stekt skinke og egg er ikke god til det krigsbrøde og krigsmargarin som de andre får.

Jeg er helt oppmerksom på at dette er et meget vanskelig spørsmål. Jeg vilde selv føle meg fristet til å sende hjertebarne en godbit hvis jeg hadde måttet sende mitt barn til døveskolen.

Som sagt, i disse tider er vi allikevel gla for det. Det er en hjelp for skolen for De vet: Alle monne drar, men i normal tid er det noe annet. Jeg vil be Dem uttale dere om dette.”

G. F. J.

Vi rekker våre hender

image

Klokka er 03.00 den 8 juli 2014. Min sambuar vekkjer meg. Ho fortel at noko er på gang no. Me står opp. Nokre timar seinare har me forflytta oss til Stavanger Universitetssjukehus. Det er meldt setefødsel, så ein tek ingen sjansar.
Ved fyrste sjekk av jordmor, er åpninga på 3 centimeter. Den uroa me hadde hatt for at me som førstegonsfødande skulle verte sende heim att, forsvann. Det skulle vise seg at me skulle bli ei heil stund.
Ute i verda er viktige saker og ting på gang. Alexander Kristoff gjer ein kjempeinnsats på sykkelen, medan Tyskland heldt ei oppvisning i korleis alle fotballteoretiske prakteksempel kan settjast ut i praksis.
Men dette er ting som to spente, vordande foreldre glatt let ligge no. Ei ny sjel er på veg inn i verda, og då kan det eigentleg vere det same med alt anna.
Drøyt 25 timar etter at fyrste ria var registrert nærmar med oss målgang. Den nye verdsborgaren er på veg inn i det norske mantalet, og Siv Jensen sit vel alt klar med kalkulatoren for å rekne ut framtidig berekna skatt.
Målområdet, som tidlegare har hatt ei fin ro over seg, vert med eit klargjort for massespurt. Meldingane om at fem tær har fått forsprang frå resten av feltet vert motteke med forbauselse av funksjonærane i målområdet. Var det sant? Kunne dette verkeleg stemme? Etter eit kort kommitemøte vart det bestemt…her var det ikkje lenger noko å lura på.
Dermed vart det som til no hadde vore å oppfatta som eit maraton, med eit endra til VM i 100 meter. Hovudfavorittane inntok posisjonen i startblokka på alle fire, og sette alt i frå starten av i eit forrykande tempo.
12 minutt etter kunne teamet bak vinnaren senka skuldrene og konkludere med ny personleg rekord på samtlige område. Målgang vart gjennomført og registret 01.45 den 09 juli 2014, og soleklar vinnar var Tallak. Med sine 50 cm og 3675 gram, hadde han den perfekte utrustinga av muskelmasse og kroppsvekt, til å snika seg gjennom nålauget som skilde han frå heider og ære. Omsider kunne ein starte nedrigginga av målområdet og gjere klar for ei vel fortent restitusjonsøkt for både Tallak og støteapparatet bak.
I tillegg ynskjer vinnaren og teamet hans å sende ei stor takk til alle som heia undervegs. Med mykje action og lite tid, vart det diverre ikkje tid til å få tak i namna på alle som deltok, men at jordmødrene Else og Silja har stor del av ære for at me alle kom fram, er heva over ein kvar til.

I tillegg er også eit stor takk på sin plass til lækjarane, med doktor Tallaksen og Broch Østborg i spissen som tok regien på oppløpet. Det var eit imponerande skue å vera vitne til i frå sidelinja. Arbeidsoppgåvene dukka opp, og vart gjennomført så fort at det for ein utanifrå var heilt umogleg å henga med i svingane. Me er veldig, veldig imponerte!
Heilt til sist, ei takk til kunst og handtverkslærarane til lækjarane, og ei oppmoding til Torbjørn Røe Isaksen om å satse meir på dei estetiske faga. Det er ei bruk for fine korssting og god sakseføring i samfunnet!