All posts by admin

Eg kjenner mine fiskebollar…

Det er ikkje kvar dag eg har gleda av Mamma sine fiskebollar lenger. Slik er det å vera student. “Det enkle er ofte det beste”…og då lagar ein seg ikkje avanserte middagar medmindre det er noko særs spesielt på gang. Men i feriane, i feriane er det tid for å godte seg med alskens godt som min personlege kokk gjennom ei årrekkje, Mamma, kan trylle ut av ermet.

Stor var difor overraskinga då eg kom inn dørene for å eta middag. På bordet stod ein, etter alt å døma, kjempegod rett. Fiskebollar i kvit saus, lauk og med ost på toppen. Eg sette meg ned, lessa tallerkenen, og hogg innpå. Tennene sprang i vatn over den gilde smaken….men vent….kva var no dette?! Fiskebollane, sjølve rosinen i kaka, smaka då unekteleg av…..ja kva var det mine grandiosavaldtekne smakslaukar kjende?! Det var då ein umiskjenneleg smak av fisk-fisk?! Dette kunne då ikkje stemme. Her har eg i alle år vorte oppfostra på ekte, kunstig produserte Bjelland’s fiskebollarBjelland’s er best……men dette kunne då ikkje vera det? Eg valde å teie, og forsynte meg i staden av litt til frå tallerkenen. Det måtte jo vera noko gale med meg…kanskje hovudet var innstillt på ein anna smak, og difor spelte meg eit puss?! For Mamma kunne då i allefall ikkje ha mista “X”-faktoren…den som gjer at hennar mat faktisk smakar best!? Andre forsøk…og jo. Den umiskjennelege smaken av fisk-fisk var der fortsatt.

No kunne eg ikkje la vere å teie lenger. Kva var det som hadde hendt med dei alltid så perfekte fiskebollane? Latter. Kva? Hadde eg så smått byrja å bli rotete i hovudet? Nei! Det kunne då verkeleg ikkje vera. Eg forsøkte å forklare kva det var som ikkje stemde, og etter litt saklig argumentasjon for at eg ikkje gav kokkekunstane til Mamma noko skuld for dette, så kom det då opp i dagen. Ho hadde teke i bruk ein anna ingrediens. Ho hadde lete mine kjære Bjelland’s fiskebollar gå planka, til fordel for nokre annanrangs humbugbollar.

Men slikt kan ein jo sjølvsagt ikkje gjere utan å verte gjort merksam på det av godt vande søner som har kjend den herlege Bjelland’s-smaken jevnt og trutt i godt over 20 år. Så med dette, så vonar eg at slike feilsteg ikkje vil skje igjen ved seinare høve. Du kan gjere mykje mot meg, men fiskebollane mine, nei dei tek du ikkje frå meg!

Påsje

Då var det den tida på året igjen, då Jesus døyde og fann ut at det ikkje var så kult, så han stod like godt opp att. Det er og på denne tida Sirdal flaumer over av turistar og sirdalsungdom i eksil på diverse utdanningsinstitusjonar rundt om i landet. Også eg fann det for godt å ta turen heim no. Så flankert av Marie, sette eg meg på flight 149 ut av Volda, og flaug forbi Rotsethornet i retning sør.

Volda 1
Volda 2
Volda 3
Volda 4
Volda 5
Volda 6
Volda 7
Volda 8

Versus

No skal eg ikkje laga noko stort poeng ut av dette, men eg fekk tilsendt eit bilete her om dagen av ein solnedgang utanfor jærkysten. Rett så fint var det, men eg vågar vona og legg ut eit bilete til samanlikning, så kan du sjå sjølv kva ditt auge set mest pris på.

Solnedgang på jæren

…og inn frå vingen, frå havgapet i vest på sunnmøre, kom det akkurat ein ganske så habil konkurrent…

Opprydding

Av og til hender det at eg rydder. No er det vår og eg har plassert meg sjølv i ein stol på verandaen, som tilfeldigvis er vestvendt. I Volda er det det same som at eg får solstråler på kroppen store delar av dagen dersom eg vel å sitje der. Men eg er ikkje den som evnar å berre plante meg i sola og berre glo tomt fram i lufta, så difor har eg teke med meg min kjære bærbare ut her i sola for å ta ei oppreinsking på den nyinnstalerte, stasjonære datamaskina mi. Ein finn jo ofte artige ting som ein heilt hadde gøymt ein hadde når ein gjer slikt, og det var akkurat det eg gjorde denne gongen og. Dette er det eg fann…
MBilete #2Bilete #3

…ah. Den nostalgien! 🙂

For mykje merksemd…

Ja. Eg er som kjend ikkje typen som set pris på store mengder med intens merksemd. I moderate mengder er det forsåvidt ikkje eit problem, men det å kome inn i eit rom, og du du får alle augene retta mot deg, granskande, nysgjerrige og kanskje litt småskeptiske, ja det er ei selsam oppleving.

Ei gong før har det hendt meg. Eg gjekk på bingo med Janne ei gong. Me trava opp trappene (småironisk å ha eit bingolokale med trappeadgang, men det får bli ein annan diskusjon), og gjekk til loddeljarskranka for å kjøpe oss nokre brett. No skal det seiast at eg ikkje er nokon dreven bingospelar. Min glansperiode var vel som 12-åring på årsmøtet i Sirdal Skilag trur eg, så slik sett så er naturleg nok skepsisen til den hardbarka bingoskaren heilt utan grunn. Ikkje røyker eg heller, og då tennes jo sjølvsagt varsellampene på rekordtid hjå dei rutinerte ringrevane på Holmen Bingo. Men me spelte, og Janne vann, og naturleg nok var det vondt for dei litt meir rutinerte gamblarane å sjå på desse to stakkarslige rookiane, så dei obligatoriske kommentarane kom sjølvsagt då me ikkje heilt klarte å få sagt i frå på ein klar nok måte om at joda, her var det bingo ute å gjekk. “Her må du skriga ud skikkelig”.

Litt den same følelsen fekk eg i kveld, då unge Sinnes debuterte i mannskor. Volda Mannskor. Med ein snittalder på det eg vil anta å vere ca. 55, er det klar at eg stakk meg ein smule ut der eg kom inn døra bakerst i øvingslokale. Men til motsettning frå bingoopplevinga, vart eg her teken varmt i mot. Med stødige 1. tenorkollegaer rundt meg, gjorde eg så godt eg kunne i to timar. Og resultatet vart at eg no har klart å surra meg inn på øvingshelg med obligatorisk fest på kvelden no til helga. Det kan eigentleg teikne til å bli ei interessant oppleving det, og eg kan jo ikkje anne å seie enn at eg gler meg ein smule. Og det gjer seg med litt positive opplevingar i ein kvardag som kanskje ikkje alltid er noko å hoppa i taket for. Rap skal eg laga til i morgon og…..huff. :S

Andre sida av jorda…

Som barn var eit av mine store favorittprogram på Barne-TV forteljinga om den vesle Tigeren og den vesleden vesle Tigeren og den vesle Bjørnen Bjørnen som reiser til Panama. Panama er langt unna. I min barndoms verden, var det heilt på andre sida av jorda, men etterkvart som er har utvikla mitt verdssyn, så har et no funne ut at Panama berre ligg omtrent halvvegs rundt jorda.

Men idag gjorde eg ei oppdaging på det velkjende internettet med Google Earth som eg tidlegare har omtala i lovande ordlag. Ein glup fyr har laga eit tillegg til dette programmet, og dette tillegget gjorde meg i stand til å finne ut på ein prikk nøyaktig kvar er ender opp dersom eg tek spada fatt og grev meg nedover i bakken under senga eg har ståande heime, og tvers avgarde på andre sida av jorda. Eg kan roe dei som måtte tru at dette skulle lage ein snarveg til Kina. Faren er faktisk større for at Sinnes ville blitt ein tettstad med strandline. Ta ein titt på bileta under… 🙂

Utgangspunkt for graving….Motsatt side av jorda

Det viser seg nemleg at eg ville dukka opp ein stad mellom New Zealand og Antarktis….happy digging!

Muslimar i Sirdal

Ja det er  kanskje ikkje fullt så “galt” som det kan høyrast ut som i fyrste omgang, men av ein eller annan grunn, så har tydelegvis ei marokkansk hackargruppe funne ei utfordring i å ta seg inn på servaren til Sinnes Skule. Ei raskt søk på Google, viser at min kjære skule heime ikkje er dei einaste som har vorte besøkt av desse spenstige Marokkanarane. Personleg må eg vel berre sei det, at det var nok diverre ikkje eit stort tap om sida vart bytt ut med det som viser på biletet under…sida som var frå før, var nok diverre ikkje av dei mest innovative eg har sett.

Sinnes Skule vart hacka

Matematikk

Jeg bare nevne det. Jeg kom over følgende artikkel på www.matematikk.org. Den ble skrevet i desember. I vår var jeg i praksis på Ørsta Ungdomsskole og i den forbindelse brukte jeg TV-serien “Numb3rs” i matematikkundervisningen. Riktignok var ikke serien kommet til Norge hverken på TV eller andre måter, men det viser seg jo altså at det av og til lønner seg med bittelitt piratvirksomhet. 🙂 “Målet helliger middelet” og denslags vet du…. Kort sagt. Det føltes litt greit å faktisk ligge i forkant av ting for en gangs skyld. 🙂